Dag Sele

5    6

Likeverd - ein norsk verdi?

Eg trur at me også i dette tilfellet legg det viktigaste grunnlaget i starten av livet.

Publisert: 9. feb 2018 / 297 visninger.

Me høyrer frå tid til annan at norske eller kristne verdiar er trua i Noreg. Men både definisjonen av norske verdiar og motivasjonen for å ta det opp viser seg ofte å vera svært ulike. Om orda kjem frå ein Frp-politikar kan du rekna med at det eigentleg handlar om innvandring. Om orda kjem frå ein KrF-ar handlar det kanskje om kristne verdiar og kulturarven sin plass i samfunnet. Og når Ap og fleire andre snakkar om norske verdiar, handlar det ofte om likeverd og små skilnader i samfunnet.

 

Det som etter kvart har slått meg er at det truleg er dei norske verdiane som Ap held fram som i dag er mest trua. Men det paradoksale er at Ap er blant dei som står i fremste rekke i svært alvorlege åtak på verdien likeverd. Eg underslår ikkje at Ap i prisverdig stor grad har kjempa for å redusera skilnadene i det norske samfunnet og slik sett for likeverdet. Men når det gjeld dei aller mest utsette likeverd-spørsmåla i dag meiner eg at både Ap og fleire andre dessverre har stilt seg på feil side og slik sett er blant dei som truar denne viktige verdien i samfunnet vårt.

 

For samtidig som me har mindre skilnader mellom folk i Noreg enn i mange andre land, er det mykje i både samfunnsutviklinga og dei politiske debattane som signaliserer til barn, foreldre og andre vaksne at ikkje alle er like mykje verdt. I møtet med ei teknologisk utvikling der det blir stadig enklare å kartleggja eigenskapar hos foster, påverka arveanlegg og etter kvart kanskje velja dei eigenskapane me ønskjer at barna skal ha, blir nemleg tanken om at alle menneske har ein ubetinga og lik verdi stadig sterkare utfordra. I møtet med ein skule der målingar og samanlikning av resultat har stadig større plass kan nok enkelte oppleva at skilnadene mellom folk ikkje er så små. I møtet med eit arbeidsliv som slett ikkje er tilpassa ditt funksjonsnivå kan det nok røyna på å kjenna seg likeverdig. 

 

For kva skjer med dei små skilnadene mellom oss når skulane ber elevar droppa prøver, for å ikkje dra ned snittet? Og kor stor blir respekten for ulikskapar og variasjonen mellom oss menneske om me som samfunn signaliserer til den gravide at ho bør få undersøkt fosteret sine eigenskapar og velja abort om det blir påvist avvik? Og kven definerer kva som er avvik og kva som er variasjon?

 

Det er mange faktorar i samfunnet vårt som motarbeider idealet om likeverd. Men eg fryktar at me også i dette tilfellet legg det viktigaste grunnlaget i starten av livet. For dersom allerede foster og foreldre blir møtte med forventningar om å tilfredsstilla eit stadig snevrare normalitetsbegrep; kor lett blir det då å justera dette seinare i livet? På dette feltet er ikkje lovreguleringar tilstrekkeleg, sjølv om det er viktig. Her er det haldningar og menneskesyn som blir avgjerande. Dersom me skal verna og løfta den norske verdien likeverd høgare, trur eg me snart må tilbake til tanken om at alle menneske har lik verdi, også før dei er fødde. Den dagen norsk debatt kan romma vanskelege samtaler om barn sine likeverd, både før og etter fødsel, då ser eg eit større håp for denne norske verdien. Og skal me skapa dette rommet i norsk samfunnsdebatt, må me klara å føra ein open samtale, på tvers av ulike abortsyn. Her bør me alle starta med oss sjølve.

 

 

Dag Sele

Sentralstyremedlem, KrF

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Daniel Krussand kommenterte på
Nyprotestantisk revisjonisme
35 minutter siden / 301 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Har Guds rike kommet?
rundt 1 time siden / 669 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
"The New State Solution" og den norske regjering.
rundt 1 time siden / 338 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Nødvendig og ubehagelig
rundt 1 time siden / 734 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Har Guds rike kommet?
rundt 1 time siden / 669 visninger
Levi Fragell kommenterte på
Vil også kirken støtte aktiv dødshjelp?
rundt 2 timer siden / 477 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Niqab-bilder gir misvisende fremstilling av muslimer i Norge
rundt 2 timer siden / 500 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Har Guds rike kommet?
rundt 2 timer siden / 669 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Nødvendig og ubehagelig
rundt 2 timer siden / 734 visninger
Morten Andreas Horn kommenterte på
Vil også kirken støtte aktiv dødshjelp?
rundt 2 timer siden / 477 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Nødvendig og ubehagelig
rundt 2 timer siden / 734 visninger
Levi Fragell kommenterte på
Vil også kirken støtte aktiv dødshjelp?
rundt 3 timer siden / 477 visninger
Les flere