Lederartikkel Vårt Land

Handfast miljøkam

Ved å plukke søppel langs strendene er vi med på å bygge håp.

Publisert: 8. feb 2018.

Kronprins Haakon opna i går Hold Norge Rent-konferansen ved å peike på det vi alle kan gjere for å motverke forsøpling av havet. Det funkar å halde kysten rein ved å handplukke søppel, var bodskapen frå kronprinsen. Med utsegna synleggjorde han vårt felles ansvar for å halde havet friskt.

I fjor deltok 49.000 frivillige på den såkalla strandryddedagen. Til saman blei det rydda bort 1.400 tonn marint avfall. Talet viser oss at det nyttar – at det funkar, for å seie det med kronprins Haakon. Det er inga unnskyldning å gøyme seg bak resignasjonen. Dersom vi alle gjer ein innsats, kan vi raskt rydde bort tusen tonn søppel frå strendene våre på ein einaste dag. Tenk kva vi kunne få gjort om vi har den same innstillinga også dei andre dagane i året?

Ein rapport frå World Economic Forum viste nyleg at det kan bli meir plast enn fisk i havet innan år 2050. Dette blir scenarioet om vi turar fram som i dag. Det burde vere unødvendig å seie at vi er nøydde til å ta omfattande grep. Ingen ønskjer seg eit hav drukna i plast.

Kunstnaren Solveig Egeland er ei anna av røystene som ønskjer å inspirere til handling og gi håp. Då ho for to år sidan gjekk tur på Amaløy ved Hvaler, merka ho at mengda av skrot og forureining var større enn nokon gong. Ho stilte seg spørsmålet: Finst det noko håp? For Egeland kom svaret i form av kunstprosjektet Håpets katedral, som no skal byggast på ein flåte i Fredrikstad.

Katedralen skal bestå av trekonstruksjonar i stavkyrkjetradisjon i kombinasjon med innsamla plastsøppel. Han skal såleis bli ei synleg oppmoding om å jobbe for ein betre morgondag. Her kan både barn, ungdommar og vaksne vere med. Marvin Halvorsen, som er nestleiar i Ungdomsrådet i Borg bispedømme, sa tysdag til Vårt Land at Håpets katedral er eit prosjekt der «vi unge kan bidra heilt konkret».

Kronprins Haakons oppmoding og prosjektet Håpets katedral peiker på det same poenget, at vi alle kan bidra, og at det framleis nyttar. Miljøkampen er ikkje svevande, men handfast. Ved å plukke søppel langs strendene er vi med på å bygge håp.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere