Spaltist Emil André Erstad

Søndagsfridom

Både tilhengarane og motstandarane av søndagsfri seier dei er opptekne av fridom. Spørsmålet ein burde stille er: Fridom for kven?

Publisert: 7. feb 2018 / 2442 visninger.

Kulturminister Trine Skei ­Grande vil ikkje legge forslaget om søndagsopne butikkar i skuffa, sjølv om fleirtalet i ­opposisjonen på Stortinget har varsla at forslaget vil bli nedstemt.

No skal saka ut på høyring i alle ­landets krikar og krokar. Det kan bli eit godt høve til å sjå nærare på kva argumentasjon som brukast i debatten – og kven sin fridom dei ulike sidene argumenterer for.

Kven sin fridom

Perspektiv er eit stikkord i debatten om søndagsopne ­butikkar. Kor har du perspektivet ditt og kven sin fridom er du mest opptatt av?

– Er du opptatt av åleinemora som jobbar deltid i butikk og som må jobbe mange fleire søndagar og helger dersom det blir søndagsopne butikkar?

– Eller er du mest opptatt av paret som gløymde å kjøpe søndagsmiddagen på laurdagen?

– Eller er perspektivet ditt på alle oss andre, som kjem til å oppleve fleire ­mogelege handletider og større kjøpepress?

Mindretal av forbrukarane

Når høgre­sida snakkar om at søndags­opne butikkar handlar om fridom, har dei ­berre perspektiv for forbrukarane. ­Eller meir spesifikt dei forbrukarane som ­ønsker meir handling, meir opningstid og meir kjøpepress. Som ifølge undersøkingar om søndagsopne butikkar er eit mindretal av forbrukarane.

For eksempel han studenten som gløymde å kjøpe pizzaen laurdag kveld og som helst vil kjøpe den i ein butikk som er større enn 100 kvadratmeter. Høgresida sitt perspektiv er altså hos eit ideologisk motivert mindretal av forbrukarane.

Å framstille kampen for søndags­- opne butikkar som ein fridomskamp, grensar derfor til det ureielege, dersom fridomen til tilsette og resten av forbrukarane ikkje er ein del av perspektivet ditt.

Handle når dei vil

Slik var også spørsmålet når butikktilsette i si tid gjekk ­under slagordet «Åtte timers arbeid – åtte timers fritid – åtte timers hvile» før Arbeidsmiljølova vart innført. Med ­høgresida sin argumentasjon kan ein snu det opp ned og sei at Arbeidsmiljølova på denne måten hindrar folk i å handle når dei vil. Få vil hevde at Arbeidsmiljølova ikkje er ei fridomslov.

Det er heller ikkje slik at søndagsfri er den einaste reguleringa på opningstid vi har i dette landet. Vi har ei rekke andre reguleringar på opningstid og arbeids­tider. Kvifor? Jo, fordi målet har vore å ­avgrense marknadskreftene sine negative konsekvensar for folks fridom og fritid.

Ikkje deira fridomskamp. Det kan sjølvsagt hende at nokon vil oppleve eit fridomsrøveri ved å møte stengte ­butikkdører ein gong i veka. Men det kan hende det ikkje er deira fridomskamp som bør stå først på prioriteringslista til politikarane.

Det kan hende dei tilsette i ­butikkane bør settast først. Forbrukarane som ­ønsker mindre kjøpepress. Søndagsfri er ei ordning som sikrar alle desse meir fritid og meir fridom. Det kan hende ­fokuset bør vere på alle dei menneska som vil miste sin søndagsfridom viss det upopulære forslaget om søndagsopne butikkar skal gjennomførast.

Menneskesyn

Spørsmålet om søndagsfri handlar om korleis vi ser på ­samfunn og menneske. Er menneske utelukkande individ som kan bestemme over seg sjølv, alltid og uansett? Eller er vi fellesskapsvesen som blir påverka av vala andre tar rundt oss?

Eg trur det siste. Derfor trur eg kampen mot søndagsopne butikkar er kampen for søndagsfridom.

1 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Astrid Espelid

0 innlegg  16 kommentarer

Publisert 6 måneder siden

Veldig godt skrive! Eg håpar ein gong me kan koma bort frå det egoistiske "fridoms-samfunnet" der personleg frihet er det viktigaste, ikkje fleirtalet sin. At mange butikktilsette kan sleppe å gå på jobb sundag, medan dei få som gløymde å handle laurdag, hugsar det neste gong.

At dei få som vil drikke alkohol i parkane, ikkje får lov det, medan dei mange som vil ha med seg ungane i parken, har frihet til å sleppe fyll nett der. (Og så kjem sjølvsagt argumentet om den eine pilsen. Men det veit ein kvar nordmann, at den eine pilsen sjeldan er eit tema her i landet.)

At dei få som vil rase rundt med vasskuter eller snøskuter kvar som helst, ikkje får lov det på bekostning av dei som vil nyte naturen i fred, utan fare for å bli påkøyrt eller forstyrra av voldsomt bråk heile tida.

Og så vidare. Den personlege friheten er stor i Noreg, men å ta omsyn til andre bør alltid koma fyrst. Og då kan me ikkje alltid gjera det me har lyst til, utan å tenkje på dei andre.

2 liker  
Svar
Kommentar #2

Isak BK Aasvestad

20 innlegg  2053 kommentarer

Publisert 6 måneder siden
Emil André Erstad. Gå til den siterte teksten.
– Er du opptatt av åleinemora som jobbar deltid i butikk og som må jobbe mange fleire søndagar og helger dersom det blir søndagsopne butikkar?

Hva med alenemora som jobber deltid i en restaurant, en kafé, i billettluka på kino eller som jobber i Sporveien? Vil du stenge disse på søndag også, eller er du ikke så opptatt av alenemora likevel?

1 liker  
Svar
Kommentar #3

Lukas F. Olsnes-Lea

12 innlegg  150 kommentarer

De 10 bud... Respekt for kulturarven...

Publisert 6 måneder siden

Søndagsstengt er vel et uttrykk for våre kulturelle røtter i kristendommen ved De 10 bud blant anna. Monarkiet vårt skal jo også helst væra kristne.

Kan vi ikkje ha søndagsstengt da? Eg liker det bettre. Helsing! (Og halving...)

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Dan Lyngmyr kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 2 timer siden / 2590 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 4 timer siden / 2590 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 4 timer siden / 2590 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 4 timer siden / 2590 visninger
Morten Andreassen kommenterte på
Årsaksmekanismer ved Evolusjon
rundt 4 timer siden / 2424 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 4 timer siden / 2590 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Stillheten bak stjernene
rundt 4 timer siden / 1507 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 4 timer siden / 2590 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Med Skriften som målestokk
rundt 4 timer siden / 187 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Stillheten bak stjernene
rundt 4 timer siden / 1507 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Stillheten bak stjernene
rundt 4 timer siden / 1507 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Forhåndsmoderering
rundt 4 timer siden / 2590 visninger
Les flere