Verdidebatt

Teknologi og tru

I møte med millionar av treff på eit tilfeldig søkeord, er det lett å gløyma dei veldige, ordlause mellomromma.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Er vår massive tilgang på digital teknologi noko som gjer oss mindre åndelege? Vi treng truleg ikkje gå til faglege utgreiingar, men kan lena oss mot kvardagslege observasjonar for å finna svar på spørsmålet. Det er årevis sidan folk byrja å tenka på kva den digitale livsstilen hadde for konsekvensar for ulike område av livet, inkludert det åndelege. Sidan den tid er både kristne og ateistar – og dei fleste andre – blitt kollektivt avhengige.

Si vesle verd

Det er, som nemnt, overflødig å dra fram statistikken. Det er nok å testa ut kor mange du får blikkontakt med når du kikkar opp i ein gjennomsnittleg tog-kupé. Vi veit for lengst at alle ber si vesle verd med seg i ei ustoppeleg straum på diverse devices. Dei som elskar det, får stadig nytt å sikla på, dei som kjenner seg inkompetente, har stadig nytt å ergra seg over: det digitale livet omfattar alle. Dette tvingande er eit av teknologiens særmerke. Vi må seia ja . Det har blitt eit teikn i tida at vi som einskildmenneske og institusjonar trykkjer «I accept» utan å drøyma om å lesa det med lita skrift. Blind aksept pregar mykje av omgangen vår med teknologien anten vi likar det eller ikkje.

Greitt, så skulle vi gjerne vera litt meir gjennomtenkte, men er dette eit argument for at det er ein motsetnad mellom teknologien og vårt åndelege liv? Spørsmålet er ikkje så komplisert som ein kanskje kan få inntrykk av. Men det har rutinemessig likevel fått eit litt dumsnilt svar. Som kristne har vi ikkje orka heilt å gå motstraums når det gjeld teknologi. Dermed har Magnus Malm, Peter Halldorf og nokre nonner i havgapet stort sett blitt åleine om å gå motstraums.

Digitalt innfødde

Etter årevis med hardbarka digitalisering, må vi kanskje setja vår lit til at den oppveksande slekta, dei såkalla «digitalt innfødde», har hakket meir handlekraft og evne til å vera digitalt ulydige enn oss vaksne. Ein digitalisert kvardag set nemleg evna vår til å skilja mellom det vesentlege og mindre viktige på nye formidable prøvar. Nådegåva dømmekraft («discernment») er blitt høgaktuell når det gjeld digitale arenaer som presenterer alt som omtrent like viktig. Vi sprellar ofte i spennet mellom begeistring og kjensla av ikkje å strekka til. Mange orkar ikkje heilt å forholda seg til eit kritisk meta-perspektiv: vi har rett og slett nok med å trykka oss inn i den digitale truvedkjenninga: «I accept».

Søkemotorane som stablar opp uhorvelege mengder treff på alt vi søkjer, synleggjer samanhengar mellom akkumulert kunnskap (og vankunne) på stadig nye måtar. Eit kristent perspektiv på dette, inneheld eit nødvendig og frigjerande korrektiv, nemleg kontemplasjonen . Som menneske treng vi å gå bakom kunnskapen; å søka mot det vi ikkje veit , mot Gud, som alltid overgår all kunnskap. Der teknologien er konstruert for å pepra oss med tankesprang, er kristen kontemplasjon ei indre samling som tek oss bak kunnskapen slik at vi kan kjenna Gud. I møte med millionar av treff på eit tilfeldig søkeord, er det lett å gløyma dei veldige, ordlause mellomromma. Men her ligg nemleg mykje av vår åndelege rikdom. Tittelen på Hilde Sanden-Bjønness bok om kontemplasjon «Bakom ord og tanke» (Verbum, 2016) peikar slik sett ut ein viktig kurs.

Konkurrerer

Nei, spørsmålet er ikkje så komplisert som ein skal ha det til. Ulike typar teknologi konkurrerer sjølvsagt mot vårt åndelege liv. Først og fremst fordi teknologien på mange område har blitt svært diktatorisk og vi stadig gir vårt tilslag. At ein digital livsstil bryt med mykje av det aller beste og mest grunnleggande i tilveret: uforstyrra mellommenneskeleg nærvær, lange tankerekker og evna vår til å falla til ro, er opplagt. Men aller mest påfallande er kanskje kor vanskeleg det er å akseptera og erkjenna at teknologien ofte og på mange vis tappar oss for åndskraft. Det seier vel litt at eg nesten vert indignert over min eigen konklusjon her.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt