Kommentar

Det står skrive

Bibelen består ikkje berre av klare ord. Ei kvar bibel- omsetting er dømt til å bli å kritisert. Men det kan bli mindre rom for ideologisk overprøving i kommande bibelomsettingar.

Den unge teologen Morten Klepp Beckmann har kritisert Bibelselskapets nye bibelomsetting, Bibel 2011. I doktorgradsarbeidet sitt har han undersøkt korleis Jesus blir framstilt i Bibelselskapets ulike bibelomsettingar dei seinare 60 åra. Beckmann konkluderer med at Bibelselskapets nyaste omsetting er overstyrt av ideologiske føringar. Omsettinga er i fleire tilfelle ikkje open og fleirtydig nok, slik at Beckmann meiner Bibelselskapet har gjort seg til herre over teksten og opptrer som formyndarar overfor bibellesarane.

Han meiner med andre ord at orda vi kan lese i den nye Bibelen vår, har vore igjennom ei ideologisk kjøtkvern. Det vi kan lese på norsk, har ikkje det same tolkingspotensialet som kjeldetekstane opnar for. I staden for at det fleirtydige kjem ope fram i omsettinga, har Bibelselskapet gjort tolkinga for oss, basert på rådande teologi.

Kan vi då vere sikre på at det vi les, er det som faktisk står?

Modig øving

Bibelomsetting er eit vanskeleg fag, ein livsnødvendig og umogleg disiplin. Å omsette gamle hebraiske og greske tekstar til moderne norsk, er ei øving som ikkje er for dei lettskremte. Likevel finst det altså dei som vier årevis av livet sitt til denne oppgåva. Det er både modig og beundringsverdig. Ein bibelomsettar stiller seg lageleg til for hogg.

I Bibelselskapets tilfelle har omsettingsprosessen hatt mange lag. Her har primæromsettarar samarbeidd med språklege stilistar, mange av dei blant Noregs mest kjente forfattarar, som Karl Ove Knausgård, Hanne Ørstavik og Jon Fosse. Til saman har tekstane gått igjennom fem nivå, frå primæromsettar til omsettargruppe, og deretter til redaksjonskomité, omsettingsutval og til sist Bibelselskapets styre.

Endringar

På vegen oppover i systemet har det altså skjedd endringar som ikkje i tilstrekkeleg grad er blitt løfta attende til dei lågare nivåa. Det hadde vore ein klar fordel om dette var blitt gjort konsekvent, og ikkje minst der omsettarvala har hatt teologiske implikasjonar. I gårsdagens Vårt Land innrømmer Bibelselskapet at denne kvalitetssikringa kan bli betre.

Betyr det samtidig at Bibelselskapet har vedtatt ordlydar som det ikkje er dekning for i kjeldetekstane? I Paulus’ brev til kolossarane står det no om Jesus Kristus: «Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde før alt det skapte.» (Kol 1,15) Skulle det eigentleg stått «den førstefødde blant det skapte», slik det tekstnære førsteutkastet kunne tyde på? Det som i det norske språket kan sjå ut som ein relativt liten nyanse – før eller blant – har i realiteten stor innverknad på korleis vi oppfattar Kristus. Dersom Kristus høyrer med blant det skapte, truar det heile den klassiske treeiningslæra. Då er det ikkje lenger like opplagt at Kristus er Gud.

Spenn

Det finst eit visst spenn mellom moderne bibelvitskap og klassisk kristendomsforståing, der det innan den sistnemnte tradisjonen har vore eit prinsipp å lese Bibelen «i lys av seg sjølv». Mange bibelforskarar vil derimot vere forsiktig med slike lesemåtar, men i staden vere retta mot den enkelte teksten. Bibelselskapet, som med Bibel 2011 tok sikte på å lage ei økumenisk omsetting som kunne brukast av eit breitt spekter kyrkjesamfunn, har heilt sikkert kjent på den doble utfordringa i å omsette bibeltekstane «slik dei står» og samtidig vere i dialog med ulike dogmatiske ståstader og tradisjonar.

Det er ikkje sikkert at ei bibelomsetting utan ideologiske tolkingar, om det var mogleg, er ei betre omsetting. Men Bibelselskapet skuldar bibellesarane å vere opne om vala som er gjort, og i størst mogleg grad gjere dei tilgjengelege for dei som ønskjer å gå djupare inn i teksten. Samtidig kan Beckmanns kritikk vere eit varsel om at det kan bli mindre rom for ideologisk overprøving i kommande bibelomsettingar.

Bibelen er ei mangfaldig bok, ei perlerad av ueinsarta tekstar skrivne av ein bråte ulike forfattarar. Uansett kva bibelsyn ein måtte ha, vil det alltid innebere tolking å sette om tekstane på nytt. Det viktige er å halde samtalen om tekstane levande. Då kan også livet dei formidlar, få velle fram.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar