Verdidebatt

Politikk og søskenbarnekteskap

Når diskusjonen om søskenbarnekteskap kjem tilbake i norsk politikk etter lang tids fråvær, er det fordi ekteskap (og sex) alltid har vore meir politikk enn religion.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tankesmia Agenda og organisasjonen LIM (Likestilling, Integrering, Mangfold) har i eit notat konkludert med at ekteskap mellom søskenbarn bør verta forbode. Årsaka er at slike ekteskap aukar sjansen for medfødde helseproblem for eventuelle barn, og fordi det aukar sjansen for tvangsekteskap.

Rettsleg regulering av ekteskap og av seksuelle relasjonar har rettshistorisk vore eit stort tema, men har dei siste 250 åra vorte mindre og mindre omfattande. Endringa har tilsynelatande vore ein del av ein større sekulariseringsprosess. Det kan difor stå fram som eit paradoks at ein hentar inn dette religiøse tema i sekulær politikk i dag. Men ekteskap (og sex) har alltid vore meir politikk enn religion.

Blodslektskap og svogerskap. Ekteskap og seksuelle relasjonar mellom nærtståande er ikkje omfattande regulert i Bibelen. Det er bare to bibelstadar i det gamle testamentet der det eksplisitt vert gjeve reglar for dette. Litt enkelt sagt er det eit forbod mot seksuell omgang mellom foreldre og barn og mellom søsken, og då både for blodslektskap og svogerskap. Det finst faktisk langt fleire brot på desse reglane i dei ulike historiene i gamle testamentet, enn det finst reglar.

Dette kan stå fram som eit paradoks. For i Europa har ein i minst 1300 år hatt omfattande regulering på dette feltet, med strenge straffer for brot på reglane. Konsekvensen har vore endelaust mange ulukkelege einskildlagnadar. Og denne regulering var heilt fram til 1700-talet tufta på ein religiøs retorikk. Men bak retorikken finn ein politikken.

På 700-talet byrja for alvor kampen mot ekteskap og seksuelle relasjonar mellom nærtståande. Grensa for kva som vart rekna som nærtståande gjekk mellom sjette og sjuande ledd. Det vil seia at ein fyrst kunne gifta seg med etterkomarar av sine tipp-tipp-tipp-tippoldeforeldre.

Ætta sin plass. Det finst altså ikkje noko grunnlag i Bibelen for å forby og straffa ekteskap og seksuelle relasjonar nærare enn sjuande ledd. Men den framveksande statsmakta i Europa, som var delt mellom konge og kyrkje, sleit med å ta ætta sin plass i samfunnet. Ætta var storfamilien. Den hadde sine eigne rettsreglar, eigne konfliktløysingsmekanismar, eigen økonomi, eigne omsorgssystem, og så vidare. Med andre ord – ætta regulerte og organiserte alt det den framveksande statsmakta ønskte å overta.

Gjennom å forby ekteskap nærare enn sjuande ledd tvang ein folk til å gifta seg på tvers av ættene. Dermed braut ein langsamt ned deira interne strukturar, og bygde opp nye som gjekk på tvers av ættene. Dermed vart ættene bunde saman i ein statsfellesskap, og deira politiske funksjon forvitra.

Politikken vart i løpet av nokre hundreår ein stor suksess, og gjorde at det vart etablert ei statsmakt som er gjenkjennelege for oss i dag. Men denne strenge ekteskapsreguleringa skapte òg problem. I Noreg budde det ved kristninga maksimalt nokre hundre tusen menneske. Det var vanskeleg å etterleva strenge reglar for kven du kunne gifta seg med og ha seksuelle relasjonar til, samstundes som brot vart straffa strengt. For dersom eins tipp-tipp-tippoldeforeldre hadde fem barn, alle etterkomarane deira hadde det same og alle var i live, så var det i teorien 15 625 personar ein ikkje kunne gifta seg med.

Paven gav løyve. Difor bad den norske erkebispen i Trondheim på slutten av 1100-talet om unnatak frå dei strenge reglane for Island og vesterhavsøyane, som var tynnast folkesett i det norske erkebispedøme. Det gav paven løyve til, og grensa vart i staden sett mellom tredje og fjerde ledd. Det vil seia at ein kunne gifta seg med etterkomarane av eigne tippoldeforeldre. I 1215 vart dette gjort til regelen for heile den katolske verda.

Dette var mogeleg fordi ein hadde etablert ei statsmakt. Ein kunne difor ha valt å operera med den grensa som ein stort sett finn i Bibelen, som vil seia at ein ikkje kunne gifta seg med eller ha seksuelle relasjonar til foreldre og søsken. Men det var ikkje ønskjeleg. For sal av ekteskapsløyve for tremenningar og søskenbarn vart etter kvart ei inntektskjelde.

Martin Luther og dei reformatoriske teologane ønskte ein meir Bibeltru teologi. I den samanhengen vart det difor framheva at eit forbod mot ekteskap til og med tredje ledd var politisk og ikkje religiøst motivert. Dei peika òg eksplisitt på at staten av den grunn ikkje burde tena pengar på å selja ekteskapsløyve til tremenningar og søskenbarn. Dermed skulle ein tru at det vart slutt både på forbodet og inntektskjelda. Men den gang ei.

Gode tollinntekter. Om lag samstundes med reformasjonen vaks det fram ein storstilt norsk handel, særleg med tømmer frå Noreg til England og Nederland. Denne handelen gav staten gode tollinntekter. Problemet var at den norske adelen mellom anna hadde tollfritak frå tømmer frå eigne skogar som vart skipa ut frå eigne gardar. Dette privilegiet følgde adelsskapet, som igjen var avhengig av at begge foreldra var adelege. Men i eit lite land med liten adel, var det ikkje så lett å finna ein ektemake ein ikkje var i slekt med.

Ei streng handheving av reglar for ekteskap og seksuelle relasjonar mellom nærtståande vart den norske adelen sin undergang, og den forsvann nesten heile mellom 1550 og 1650. Dermed forsvann ein politisk faktor med ulike økonomiske privilegium, ikkje minst tollfritak på tømmerhandel. Dette var viktig for å kunna byggja ein sterk stat. Etter kvart fall ein òg tilbake på den gamle praksisen med sal av ekteskapsløyve. Akkurat som på 700-talet vart det heile krydra med religiøs retorikk, sjølv om det religiøse grunnlaget for reglane var like tynt etter reformasjonen som i mellomalderen.

Det var fyrst med dei store reformene under Johann Friedrich Struensee at forbodet mot ekteskap og seksuell omgang mellom tremenningar og søskenbarn vart oppheva i Danmark og Noreg i 1770. Men etter hans fall vart dei innført på ny i 1775. Då var ikkje lenger argumentasjonen religiøs. I staden vart det for fyrste gong ope sagt at inntektene av sal av ekteskapsløyve var ei viktig inntektskjelde for dei tilsette i statsadministrasjonen.

Oppmjukingspolitikk. Endring i synet på avlønning av statstilsette, og bortfallet av den religiøse retorikken, gjorde at det ikkje lenger gav meining å straffa og økonomisk tyna tremenningar og søskenbarn som ville gifta seg eller hadde seksuell omgang. Frå 1800 byrja difor den oppmjukingspolitikken som leiar fram til rettstilstanden i dag.

Dersom reglane om ekteskap og seksuell omgang mellom nærtståande verkeleg hadde vore religiøst motivert, så hadde sekulariseringa gjort at ein ikkje igjen ville ha diskutert å innføra forbod som er avskaffa.

I staden har dei alltid vore politisk motivert, og med eit snevert unnatak mangla eit religiøst grunnlag. Difor kan søskenbarnekteskap på ny verta eit diskusjonstema i eit sekularisert samfunn. Denne gongen kan det knytast til integrering, og dermed er det på ny staten sine behov som er motivet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt