Verdidebatt

Livets to utgangar og Jesu definisjon av fortapinga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er strid og usemje om livets to utgangar. Den gode er det lite dissens om – og altfor lite fokus på. Fortapinga er det derimot fleire meiningar om. Kyrkjelæra vår etter Augustana forkynner: «…men dei ugudelege og djevlane skal han fordøma til å pinast utan ende….» Bibelomsetjingane brukar ord som: «…skal pinast i all æve….. i den evige eld….i elden som aldri sloknar».

Men eit lite påakta ord står hos Lukas 13,28 der Jesus definerer  kva helvetes pine går ut på: «Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor».

Ikkje eitt ord om eld og svovel, evig pine, - pine i all æve. Jesus peikar på konsekvensen av fortapinga: Ei utestenging frå all himmelsk herlegdom.

Bibelen skriv om fortaping: Gå glipp av; missa Livet, – ikkje ei utmaling av fysisk pine i eit brennande helvete, - men ein åndeleg tortur når feilvalet går opp for dei vantru.

Men me er blitt opplærde til å tru at fortapinga skal vera ein fysisk tortur «til evig tid» i eit flammehav i «all æve», sjølv om dette strir mot all forstand, – når me veit at tida er endt på «den siste dag.»

Jesus brukar ikkje nemninga helvete i det heile – han snakkar om Gehenna – og det var ikkje nokon oppsamlingsplass, men Jerusalems  avfallsdynge – ein plass for destruksjon, – der røyken frå ulmebrannen steig opp natt og dag – «til evig tid» og «der elden aldri sloknar».

(men i dag er det likevel ingen eld og røyk der)

Å byta ut denne neminga, Gehenna,  med ordet helvete i våre bibelomsetjingar er så misvisande som råd er. «Helvetet» i vår tid er eit vulgært bannord med opphav frå heidenske  torturfantasiar – og som ikkje har noko belegg frå skriftmaterialet.

«Eld» i bibelsk terminologi går ikkje på brenning og seigpining, men på reinsing og utsletting. Og det var nettopp det som skjedde på Jerusalems søppelplass, Gehenna. Der vart skrotet destruert; kadaver og smitteberande avfall, lik av brotsmenn, kasta til den evige, fortærande eld. Det var elden som var evig – ikkje avfallet. Det brann opp.

I Jesu formaning er det ikkje snakk om fysisk pine, men den intense gru som kjem over dei fortapte når dei ser kva deira val i livet har ført til: Dei har vraka all himmelsk prakt og herlegdom i byte med pina i det å bli kasta ut som avfall og bli destruert – bli tilinkjesgjort for tid og æve!

(men dette vert av somme framstilt som «Luksuriøs fortapelse»!)

Dette synet på fortapinga av all himmelsk glede viser eit falskt og fattig syn på det evige livet i Paradis, Himmelen. Det er som å seia «pytt pytt» til det mest attraktive og storslegne som nokon gong har vore tilbydd manneætta, - og som har vore Guds plan og tanke med oss frå æva av.

Det får ikkje hjelpa kva omsetjarar, pavar, tradisjonar og Augustana vil ha oss til å tru. Det dannar eit falskt gudsbilete med resulterer i fråfall for mange, – som kunne ha blitt vunne for himmelriket.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt