Verdidebatt

Ole Hallesbys radiotale i 1953

Velmeint, - men villeiande forkynning av ein viktig bodskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Striden og etterdønningane har ennå ikkje lagt seg, men pregar tankebiletet både hjå truande og vantruande.

Talen kan bås-setjast som forkynnande retorikk med eit klårt sikte: "Vend om i tide!"

Teologisk held ikkje talen mål. Ingen stuper rett til helvetet ved dødsfall. Himmelen er ikkje ferdig til innflytting, – (me har i alle fall ikkje fått melding om at romma er klargjorde).

Helvetet er heller ikkje klart. Det oppstår  hos dei ugudelege når dei erkjenner kva dei har forlist, og etter domen ser den himmelske sæla – og dei sjølve med gråt og gru vert kasta utanfor i mørkret.

Dei som døyr, både gudelege og ugudelege «går ut av tida» og kjem til Dødsriket. Der skal dei bli i forvaring til tidenes slutt, til domen: Til evig liv, eller til den endelege fortapinga i den andre Død.

Alt dette burde teologiprofessoren vita, men valde ei anna vinkling.

Me ser det same i mange tekstavsnitt i Bibelen. Der talast det om å «pinast natt og dag i all æve» - endå dette skal skje etter «den siste dag»;  og tida er avslutta, og Guds ævedimensjon er innført - der det korkje er natt eller dag lenger.

Men her er det brukt språkblomster og retoriske knep for å få fram den altoverskyggjande bodskapen: «Vend om i tide og få ein plass i det himmelske Paradis!»

Mennesket er merkeleg irrasjonelt og ser ut til å reagera meir adekvat på pisk enn gulrot.

Så forkynnarane  (og bibelomsetjarane) tek eit val: – skræmsler eller lokkemat.

Det er uråd å setja i tabell – vinning eller tap.  Helvetesangst har nok skræmt nokre inn til Guds Rike, men verre er det å anslå alle dei som tok skrekken av ei kyrkjelære som skildrar ein fæl gud som straffar med dei verste pinsler som tenkjast kan for alle dei som ikkje vil omvenda seg frå seg sjølv.

Biletet av ein demonisk gud set også skilje mellom Han og Sonen Jesus  - endå dei er eitt, utan misforhold.

Ei anna misforståing i same toneart er å fokusera så sterkt på helvetespinslene – sjølv om dei er fantasiar henta frå heidenskap og vantru – at det å forfekta den bibelske bodskapen om forspilling av evig liv med fortaping av den himmelske sæla og total utsletting  - blir kararkterisert som «Luksuriøs fortapelse» !

Men med slike tankar er det ikkje den bibelske fortapinga av det høgste gode i det himmelske Paradiset, det evige Livet som er i fokus, men ei usann, forførisk, villeiande, sataninspirert løgn – at Gud er ein vondsinna despot!

Jesus hadde ikkje helvetesfokus. Han formante, oppfordra og bad om at alle måtte venda om – for å vinna sæla i Paradiset. Som også Paulus poengterer: «Guds godleik tvingar deg til omvending!»

Men desse tankane må ikkje få oss til å tru på ein godsleg gud som "sikkert vil makta å få alle frelst inn i himmelen til slutt - han er jo allmektig!"

Eller som Bjørn Eidsvåg flåsete uttala på Nrk: "Til helvete med helvetet!"

Lettbeinte og usanne utsegner er berre villeiande.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt