Verdidebatt

Lengten etter vismannen

Kan nokon forklara oss korleis det heng saman?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein psykologiprofessor står i eit lite canadisk auditorium under lysstoffrøyr og doserer svært ­omtrentleg utan manus om samanhengen mellom myter, menneskesinnet, moral og den generelle strukturen i verda.

Kultfigur

Slik var det første opptaket eg såg av Jordan Peterson sine førelesingar på Youtube for eit par år sidan. Sidan er han blitt ein kultfigur, med ein halv million faste sjåarar og over 300 videoar. Mange av videoane hans har ein politisk bodskap, men kunne han blitt så viktig for alle desse unge mennene ved PC-ane i USA og Europa viss han berre snakka om politikk? Neppe.

Professoren tilbyr både ein slags «teori om alt» – og konkrete råd om livet. Slik ser ein del av titlane på videoane med Peterson ut på norsk: Kva betyr det å vera ein mann? Korleis få sjølvrespekt. Slutt å vera patetisk. Korleis slutta å rotna vekk heime. Korleis du ikkje blir ein betahann.

Den nyaste boka hans, 12 Rules for Life , kjem ut om ti dagar, men er allereie ein bestseljar med førehandssal på Amazon. Dynamikken rundt Peterson minner om det som føregjekk når folk samla seg rundt den gamle vismannen ved bålet om kvelden og sa «fortel oss korleis det heng saman».

Menneskeleg

Trass vår tids skepsis mot autoritetar, er me framleis mange som ­søkjer mot vismenn, dei som kan fortelja oss korleis iallfall noko av det heng saman. Og korleis liva våre kan henga saman. Me leitar etter det djupe, slitesterke, det som verkeleg har kjerne. Ikkje nødvendigvis hjå religionsstiftarane eller profetane.

Ta karmelittmunken Wilfrid Stinissen, for eksempel. Notto Thelle, teologiprofessoren. Eller Martin Lönnebo, den eksentriske biskopen som nærmar seg nitti. Eg les dei med glede. Den religiøse sfæren har mange slike formidlarar. Den sekulære sfæren har andre, der Frank Aarebrot og Per Fugelli var folkefavorittar. Alle har klare fellestrekk: klokskap, kunnskapsrikdom, formidlingsevne, ein viktig porsjon varme og indre tryggleik.

Byggja opp

Slik tryggleik smittar: Me trur lettare på dei når dei snakkar. Den suverene tryggleiken dei har som formidlar og meiningsytrar, ser ein ikkje like ofte hjå kvinner. Då eg såg Jordan Peterson førelesa, prøvde eg å sjå føre meg ein kvinneleg psykologiprofessor slå fast så mykje om verda på så ustøtt fagleg grunnlag som han gjer. Det var nesten umuleg.

Eg jobbar i ein organisasjon som stadig arrangerer føredrag og seminar – ikkje minst innanfor den eksistensielle sjangeren. Det er alltid lett å finna kjende mannsnamn som mange vil høyra på. Kvinnenamna er ikkje like sikre kort: Er dei kjende nok? Erfarne nok? Vil dei trekkja nok folk? Då kan det dukka opp svar som «la oss byggja dei opp som formidlarar først, så kan me bruka dei seinare». Men korleis kan ein byggja nokon opp utan å bruka dei mykje?

For sjølv om Frank Aarebrot hadde ein stor fordel av å vera ein frekk bergensar, så handlar svært mykje om trening. Og om tilbakemeldingar som gjer ein trygg på at ein bidrar med noko klokt. Då blir ein avslappa og leiken nok til å formidla stadig klokare. Slik vismenn gjer.

Noko kan snu

I fjor lanserte tidsskriftet Samtiden orakel-spalta «Spør Frank og Thomas om hva du vil» med Frank ­Aarebrot og Thomas Hylland Eriksen. Men før spalta kom i gang, døydde Aarebrot, og redaktøren gjekk ut med ei etterlysing på facebooksida si: «Hvem er den nye Frank Aarebrot?». Gode forslag til nytt orakel blei mottatt med takk, gjerne eit med «buldrende bergensk bassrøst, skjegg, briller og høyt sigarettforbruk».

Mangelen på etablerte «viskvinner» ropte høgt i orakeltomrommet etter ­Aarebrot. Så begynte tråden med forslag å veksa, fleire titals namn. Dei fleste var kvinner. Nokre dagar etter lanserte redaktøren det nye orakelet: biskop Kari Veiteberg.

Det blir nok ingen «teori om alt» frå henne. Men at ho kan seia noko klokt om kva ein kan bruka livet sitt til i staden for å «rotna vekk heime», det kan fort skje.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt