Verdidebatt

MØRKRET, DØDEN OG DET VONDE - GUD, LJOSET OG LIVET

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Før Gud skapte alt var det ingenting. Det var mørkt, og Mørkret er Ingenting. Gud fordreiv det mørke Kaos då han skapte det ordna Kosmos.

Dei vantru skuldar Gud for for å ha skapt Satan og det Vonde. Men det Vonde skapest i ein fri atmosfære når me gjer våre vonde val. Det Vonde er ikkje der før det blir valt av oss. Djevelen vart skapt som den vakre Lucifer – som fall i synd og vart Satan.

Gud er ljos og opphav til alt liv. Utan ljos, - inkje liv. Mennesket vart til i Guds bilete med eit sjølvstende som gav det menneskeverd. Det vart skapt med eigenvilje og fridom til å gjera val. Gud hadde inga glede i robotar utan gudsbilete i seg.

Menneska vart åtvara mot å søkja kunnskap om det vonde – ein kunnskap dei ikkje hadde behov for, – dei hadde så langt berre røynsle med det gode. Men mennesket fekk besøk av den Vonde, den falne Lucifer – som alt hadde falle i synd ved å søkja sjølv å vera gud, – og han lokka med at dei ved å eta kunnskapsfrukt ville  «bli som Gud». Dei let seg lokka, fall og måtte ta konsekvensen:  Å døy.

Men Gud hadde ein frelsesplan for den falne menneskeætta. Dei som ville la seg frelsa frå døden – avstanden til Gud – kunne unngå  fortapinga av det tiltenkte Paradiset og sleppa straffa ved å motta Jesu forsoningsverk.

Dei vantru skulle også få fylgja sitt evige val – døden. Faderen respekterer sin skapnings gudsbilete og integritet (Jfr faren som tillet den yngste sonen å fylgja sitt forsett: dra frå faderhuset, - til undergangen)

Dei som ikkje fylgde Frelsaren i hans oppfordring til omvending, vart verande i døden.

Alt det vonde i verda og himmelrommet får smaka konsekvensen av sitt dødsval: Evig fortaping. Fortaping av kva? Motstykket til Den evige Død: Det Evige Livet.

Arenaen for det det himmelske tilveret er ennå ikkje klart. Tømmermannssonen har i snart 2000 år drive med innreiingsarbeid i «dei mange rom». Helvetet er heller ikkje klart. Det oppstår for dei usæle når dei på domens dag ser kva dei kunne ha fått, - men som dei valde bort. Ole Hallesbys berykta radiotale var både uvisleg og ubibelsk. Ingen reiser rett til himmel eller helvete etter døden. Det er i Dødsriket dei hamnar – i forvaring inntil oppstoda og domen. Radiotalen utløyste ein lang  teologisk krangel – til stor skade. Ein professor i teologi burde vita betre.

Dei truande kjem ikkje for domen, men slepper forbi inn til sæla, Paradiset, og blir tekne i mot i Guds faderarmar.

Dei fortapte opplever fortapelsens gru – innser sitt feilval:  sin eigenvilje framfor Guds – og går den andre Død i møte, - det definitive/evige skiljet mellom Liv og Død – Ljos og Mørke.

Dei blir saman med alt av ureint, syndig og vondt kasta i den avsluttande eld – Eldsjøen.

Alt, kropp og sjel brenn ut «på ein dag», og Gud dreg tilbake sin Ande som har vore i skapningen til låns i Tida.

Nå er Tida slutt og Guds ævedimensjon overtek. Gud som er Ljoset og Livet samlar alle i dei himmelske salar til jubel og lovsong.

Dette er det dei enkle bedehusfolka har sunge om: «Han skal åpne Perleporten, - så at jeg får komme inn!» - og det dei ulærde negerslavane har sett for seg: «Oh, When the Saints go Marching in – to be in that number!»  Dei har sett det, - og skal få oppleva det snart.

Det  evige Mørkret, som rådde før skapinga, det uskapte Ingenting, blir tilbake. Alt som var i tida blir sletta i brannen i Eldsjøen. «Det gamle er borte» - «skal ikkje finnast meir» - « borte som ein draum om natta» ….. Då vil alle dei usæle bli tilbakeført til det same tome tilveret der dei heller ikkje fanst før skapinga , - vera i den same inkjetilstanden  som dei var i før dei vart til, - i det evige Ingenting, - Mørket.  «Gud gøymer ikkje på det vonde».

For å kunna  «pinast utan ende»  trengst det tid, stad, liv, medvit og kjensler. Men ingenting av dette kan overleva og vera til etter den andre Død. Då er det Mørkret som rår: Ingenting.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt