Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Sann prest og sant menneske

Dobbeltmoralen kan ligge snublande nær. Men presten i populærkulturen blir stadig oftare skildra som eit heilt menneske.

Publisert: 5. jan 2018 / 923 visninger.

Den strenge og gjerne skurkaktige presten er ein velkjent skapnad i populærkulturen. Den svenske filmskaparen Ingmar Bergman er berre ein av mange kunstnarar gjennom tidene som har teikna presteskikkelsen i svart, slik han til dømes gjorde det i Fanny og Alexander og Nattverdgjestene . For nokre år sidan fekk vi presten Tore Verås, spela av Terje Strømdahl, i den første sesongen av den no Emmy-vinnande TV-serien Mammon. Den presten var ein «mørkemann utan menneskeleg empati», som eg kalla han den gongen. Og fullstendig utruverdig som prest.

Det var lenge ein nokså kjedeleg stereotypi at prestar i filmar og TV-seriar i stor grad blei teikna som verdsfjerne, humørlause, dobbeltmoralske, bitre og ganske så skrekkelege. Mot dette biletet stod enkelte joviale britiske landsbyprestar og komiske innslag frå Rowan Atkinson til KLM – Trond Kirkvaag, Knut Lystad og Lars Mjøens sketsjar på NRK.

Utvida presterolle

Når den danske TV-serien Herrens veier no blir sendt på NRK, første episode gjekk onsdag kveld denne veka, er situasjonen ikkje heilt som han var tidlegare. Bjørn Sundquists strenge prest frå filmen Søndagsengler (1996) er ikkje lenger ein altoverskyggande prestefigur. Til dømes har ein filmregissør som Erik Poppe utvida den filmatiske presterolla gjennom filmen De usynlige, der presten Anna er åleinemor. Men det komiske aspektet ved presten er blitt dyrka vidare blant anna av Bjarte Tjøstheim, i serien Presten som NRK sendte for eit år sidan.

Sissel Undheim, førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, sa til Vårt Land i romjula at presterolla i dag ikkje har den same autoriteten som tidlegare, og at det kan oppstå komikk når forventingar om ein slik autoritet eller eit moralsk overtak blir brote. Det kan altså verke som om slike forventingar framleis ligg djupt i oss, samtidig som vi i større grad har byrja å venne oss til meir truverdige og menneskelege prestetypar på skjermen og det store lerretet.

Forfylla

I dette klimaet er det at Herrens veier gjer sin entré i den norske TV-kvardagen. For andre året på rad startar altså NRK nyåret med ein presteserie. Denne gongen er det ikkje først og fremst komikken som er drivaren, men dramaet. Johannes Krogh (Lars Mikkelsen) ligg godt an til å vinne eit kommande bispeval, men trakkar kraftig i salaten under ein debatt med den yngre, kvinnelege motkandidaten. Ikkje berre avslører Krogh at han er lite politisk korrekt i tilhøvet til islam; den pressa debattsituasjonen leier han også til å komme med kvinnefiendtlege utsegner som fell i særs ufruktbar jord.

Krogh taper bispevalet, og reagerer med å gå fylla, vere utru mot kona si og forrette ei gravferd i langt ifrå edru tilstand.

Risikabelt

I dette tek serieskaparane ein risiko. I iveren etter å portrettere presten som eit heilt og samansett menneske, dunkar dobbeltmoralen endå ein gong tungt inn over handlinga. På eitt vis kjennest som det om Herrens veier pustar liv i ei presterolle som vi hadde komme oss eit stykke vidare ifrå. Samtidig er ikkje Krogh teikna i svart-kvitt, noko som gjer han til eit interessant menneske å følgje vidare.

Det same gjeld sønene hans, der den eine av dei også er prest. Den andre er avhoppa teologistudent. Slik må det kanskje vere i ein familie med nær 300 års presteslekt. Felles for dei alle er at dei heile vegen må ta nye og ofte utfordrande etiske og eksistensielle val.

Ny knagg

Det skjer ikkje så ofte at ein prestefamilie er utgangpunktet for ein stor dramaserie på riksdekkande fjernsyn. Med Herrens veier ser nokre fordommar ut til å bli knuste, mens andre blir styrkte. Til saman vitnar rollegalleri og handling om ein vilje til å gå djupare ned i kvardagen til kyrkjeleg tilsette som både er løfterik og interessant.

Prestar og kyrkjetilsette har med Herrens veier fått ein ny knagg, og nye diskusjonspunkt, å bruke i formidlinga av den kristne bodskapen. Andre kan komme til å få eit nytt blikk på presterolla, på godt og vondt. Ein prest er eit førebilete, men også eit menneske. Slik kristne trur på ein Gud som er både sann Gud og sant menneske, vil nok mange i det kyrkjelege omlandet sette pris på ein prest som også kjenner grøftekanten.

Så får vi sjå kor Herrens vegar fører oss vidare.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Åge Kvangarsnes kommenterte på
Min entusiasme for Det gamle testamente
8 minutter siden / 563 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Vårt liv er omringet av søvn
37 minutter siden / 32 visninger
Anne Elisabeth Skogøy Fjellstad kommenterte på
Grundtvigs ambivalente arv
rundt 1 time siden / 683 visninger
Anne Elisabeth Skogøy Fjellstad kommenterte på
Grundtvigs ambivalente arv
rundt 1 time siden / 683 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Om likekjønnet ekteskap
rundt 2 timer siden / 65 visninger
Anne Elisabeth Skogøy Fjellstad kommenterte på
Min entusiasme for Det gamle testamente
rundt 2 timer siden / 563 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Forsinket gratulasjonshilsen til Israel på 70-årsdagen 14. mai 2018.
rundt 2 timer siden / 199 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Til mine ureligiøse venner
rundt 2 timer siden / 4013 visninger
Roald Øye kommenterte på
Forsinket gratulasjonshilsen til Israel på 70-årsdagen 14. mai 2018.
rundt 2 timer siden / 199 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Kling no, klokka
rundt 2 timer siden / 486 visninger
Levi Fragell kommenterte på
Til mine ureligiøse venner
rundt 3 timer siden / 4013 visninger
Martin Sandstad kommenterte på
Til mine ureligiøse venner
rundt 3 timer siden / 4013 visninger
Les flere