Kommentator Sofie Braut

Himmelsk baby, himmelsk blodhund

Oftare enn vi veit, har vi godt av å bli skaka opp av eit dikt.

Publisert: 29. des 2017 / 552 visninger.

Den mislukka legestudenten og briljante diktaren Francis Thompson (1859-1907) var på mange vis ekstrem, og ikkje utan vidare eit føredøme for ein kvar kristen. Utan å spekulera nærare, seier det til dømes litt at han sidan 1999 har figurert på (den svært uoffisielle) lista over moglege mistenkte for dei uoppklarte udådane tilskrivne den illgjetne Jack the Ripper.

Uteliggarliv og opium

Indisia er svært lite handfaste, men Thompson var kort sagt ikkje typen med ein velorganisert og vasskjemma livsstil. Etter å ha rømt frå ei legekarriere han aldri hadde ønskt seg, levde han frå 1885 på gata der han på ulikt vis fekk prøva lukka og ulukka i eit lite gjestmildt viktoriansk London. Då sjukdom, uteliggarliv og opium var ved å knekka han fullstendig, vart han i 1888 redda av eit redaktørpar som hadde fatta interesse for tekstar Thompson hadde fått på trykk. Åra etter dette vart dei mest produktive i Francis Thompsons’ korte liv.

Høgdepunktet, diktet Hound of Heaven (1893), er eit meisterverk, ei formidabel ode på 182 dramatiske og djupt gripande liner, der temaet krinsar rundt menneskets flukt frå Gud og viktigare: Guds utrøyttelege jakt på mennesket.

Kvifor gjesta ein slik sær litteraturhistorisk labyrint no ved romjulstider? Vi har då nok av julelyrikk som betre fangar inn underet i stallen og englesongen over Betlehems aude eng? I jula kjem jo Jesus til oss som ein baby og ikkje som, med Thompsons biletrike språk, ein jagande­ blodhund. Men nett i det vi har høyrt oss søvnige på julesongane om barnet så smukt, nett i det vi har innteke den svært mettande, tradisjonsrike heim- og familie-
jula med alt sitt påkosta garnityr, treng vi å følgja med den heimlause Thompson ut på gata. Ut, i det utmattande livet som ribba han for mangt, men som ga han undringa, overtydinga og orda til å skildra det store dramaet på sjokkerande vis.

Tiltrengt dissonans

Barnet i stallen er eit bilete som vi stundom idylliserer til vi ikkje lenger forstår sprengkrafta i det. Thompsons lyriske bilete av den ­aldri kvilande Gud som stadig etterjagar skapningen sin, lik ein blodhund som aldri let seg distrahera frå å følgja eit bestemt spor, gir oss litt sårt tiltrengt dissonans i jula sine mange regelmessige refreng.

På nytt har vi fått feira og forundra oss over ein Gud som ikkje skyr noko for å koma oss nær. Dette; djupet i julebod-skapen, må det ha vore som med slik kraft greip tak i diktarsinnet til den sjuklege og på mange vis elendige Thompson. Manande strofer om den jaga syndaren, dette miserable, men like fullt makelause mennesket som rømer frå opphavet sitt, som kastar seg ut i kaskadar av livserfaringar for å få stilla den svolten som ligg under all annan svolt. Men som endar med ei erkjenning: ein finn fred når ein let seg finna. Ved enden av The Hound of Heaven formidable fluktmotiv ventar ei over-giving, mennesket som til slutt let seg overtyda av den kjærleiken som utheld alle distansar og seier: «Reis deg, grip handa mi, og kom.»

Blikk som ikkje stansar

Noko av det fremste jula lærer oss er dette: alt er ikkje som det verkar. Å bli verande ved det tilsynelatande er eit av dei store mistaka vi menneske kan gjera. Difor treng vi dikta til desse som har eit blikk som ikkje stansar ved innpakkinga.

Sjølve historia om Francis Thompson vart for meg ein variasjon over jule-evangeliet dette året: denne omflakkande uteliggjaren som gøymde slike himmelstormande strofer i sjela. Den mislukka ­studenten som skulle inspirera djupt folk som Tolkien og Chesterton.

Sjølv levde han i konstant kamp mot sjukdom og samanbrot. Men han må sjølv ha erfart desse «stega» som han så kraftfullt skildrar, like bak seg. Midt i det elendige, med alle sine udekte behov og uoppfylte draumar, noko som går djupare. Ei erkjenning av noko som verkeleg står på spel. Ein som seier vend om.

4 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 5 timer siden / 1869 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Hva er kristendom idag - og imorgen?
rundt 5 timer siden / 296 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Populismens forenklinger
rundt 5 timer siden / 4269 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 6 timer siden / 1869 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 6 timer siden / 5903 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 6 timer siden / 1181 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 6 timer siden / 5903 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 6 timer siden / 1181 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 6 timer siden / 1601 visninger
Les flere