Lederartikkel Vårt Land

Kompetente eldre

Dei eldre har i uminnelege tider blitt rekna med blant dei viktigaste ressursane i samfunnet. Slik bør det framleis vere.

Publisert: 29. des 2017 / 125 visninger.

Det blir fleire og fleire eldre i Noreg. På midten av 1900-talet var åtte prosent av befolkninga 67 år eller eldre. I dag er talet nesten dobbelt så høgt, og framleis stigande.

I ei rekke artiklar dei seinaste vekene har Vårt Land sett søkelyset på korleis det er å vere gammal i samfunnet vårt. Lenger bak i avisa skriv vi i dag om alderdom og livssyn. Samla sett fortel artiklane at eldre er høgst forskjellige. Nokre kjenner seg einsame. Nokre er sjuke. Andre er fulle av energi og pågangsmot. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at fire av fem eldre mellom 67 og 79 år trenar minst éin gong i veka.

I går fortalde vi om korleis eldre kan gjere Den ­norske kyrkja mindre sårbar for eventuelle kutt i løyvingar frå staten. Det er ikkje ei løysing som kuttvillige politikarar bør skyve framfor seg, men ein påminnar om den store ressursen pensjonistane utgjer – også til glede for kyrkjene.

Eldre spelar ei svært sentral rolle i det frivillige arbeidet i norske kyrkjelydar. Pensjonistar har ofte betre tid enn stressa småbarnsforeldre, og mange set pris på å kunne bidra. Som Liv Rasmussen (78) sa det til Vårt Land i går: «Jeg føler meg heldig når jeg får bruke de ressursene jeg har.»

I takt med auka utdanningsnivå og høgare levealder er den faglege kompetansen i dei ­eldre ­aldersgruppene større enn nokon gong. Denne tendensen vil truleg berre forsterke seg. Dei eldre har framleis mykje å gi, også fagleg, etter at dei går av med pensjon. Dette er noko som både Den norske kyrkja og andre trussamfunn bør vere merksame på.

Paul Erik Wirgenes, som leier Kyrkjerådet si ­avdeling for kyrkjelydsutvikling, antydar at ein ­eigen eldreplan kan vere noko Den norske kyrkja bør ­utarbeide om nokre år. Vi synest det er ein god idé, og Kyrkjerådet treng heller ikkje å vente i fleire år før dei startar med å utarbeide ein slik plan. Kanskje kan ein kyrkjeleg eldreplan også utgjere den vesle dytten som nokre treng for å bidra endå meir aktivt.

Dei eldre har i uminnelege tider blitt rekna med blant dei viktigaste ressursane i samfunnet. Slik bør det framleis vere. I vår tid har vi auka merksemd om kompetente barn og ungdommar. Samfunnet må heller ikkje gløyme sine kompetente eldre.

3 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Lukas F. Olsnes-Lea

12 innlegg  139 kommentarer

Om de eldre...

Publisert rundt 2 måneder siden

Hvis de eldre "fortsatt" skal bevare sitt navn og rykte så får de NÅ værsågod begynne å bygge Utopia for de neste generasjonene fordi systemene er nå på plass for dette.

Det er ikke noe feil med å begynne i Nord-Amerika og Europa for dette ettersom våre anstrengelser til alle andre land da blir av mye bedre kvalitet, skyter i været av godhet (og at vi dermed ikke sender så mange "kriminelle" til disse landene.)

Det heter Eksempelets makt i politisk vitenskap og vi som en "avansert" nasjon burde greit klare å sette et slikt eksempel med demokratiske lover og regler og menneskerettigheter (ECHR/UDHR).

Med andre ord: Kravene er blitt tøffere til våre ledere som tradisjonelt har vært de eldre mennesker!

1 liker  
Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Magnus Leirgulen kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 1 time siden / 2976 visninger
Roald Øye kommenterte på
Innspill om to-statsløsningen.
rundt 1 time siden / 653 visninger
Kjellrun Marie Sonefeldt kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 1 time siden / 2976 visninger
Ben Økland kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 2 timer siden / 2976 visninger
Magnus Leirgulen kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 2 timer siden / 2976 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 2 timer siden / 2976 visninger
Robert Rygge kommenterte på
Hvorfor blir innlegg og kommentarer borte uten forklaring ?
rundt 2 timer siden / 2464 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Oppfordringen til biskopen er klar
rundt 2 timer siden / 963 visninger
Les flere