Lederartikkel Vårt Land

Kongehus og kristendom

Det er positivt at den britiske dronninga dei seinare åra har vald å snakke endå opnare om si kristne tru.

Publisert: 28. des 2017 / 159 visninger.

Den britiske dronning Elizabeth II har dei ­seinare åra blitt tydelegare på den kristne bodskapen i juletalane sine. Avisa The Guardian peiker på at talane sidan tusenårsskiftet er blitt meir personlege når det kjem til dronninga si kristne tru. Tendensen er at trua er blitt sjølve bodskapen hennar. I talen dronning Elizabeth heldt denne jula, sa ho til dømes at ho er «inspirert av Jesu sjenerøse kjærleik og gode eksempel».

Jesu eksempel, tilgiving, forsoning og teneste er berre nokre av tematikkane som den britiske dronninga har vendt tilbake til i si årlege helsing til folket. Den tidlegare erkebiskopen av Canterbury, Lord ­Williams av Oystermouth, trur at dronninga har ­bestemt seg for å fylle eit tomrom der det tidlegare var fleire tydelege kristne bodskapar i populærkulturen.

Også her i Noreg har vi eit kongehus som positivt markerer tilhøyrsle i den kristne trua. Frå 2012 har ikkje kong Harald lenger vore formelt overhovud for Den norske kyrkja, men han sette foten ned då vedkjenningsparagrafen i grunnlova stod i fare for å bli fjerna. Kongen skal etter grunnlova framleis vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen, etter kong Haralds eige ønske.

Vi er samde med biskop Halvor Nordhaug, som i gårs-­ dagens Vårt Land uttrykker at den norske kongefamilien er gode på ­balansekunsten det er å vere tydeleg på eiga tru og samtidig inkludere andre. Kong Harald fekk ros frå mange hald for talen han heldt i fjor, der han sa at nordmenn trur på «Gud, Allah, Altet og Ingenting». Året før inviterte kongeparet representantar for 14 ulike livssyn til gjestebod på Slottet.

Det norske kongehuset spelar ei viktig rolle i å gjere Noreg til eit opnare livssynssamfunn, der det både er råd å stå for noko, og samtidig finst klima for å respektere annleis tenkande.

Også i Storbritannia, der dronning Elizabeth framleis er det offisielle overhovudet for den anglikanske kyrkja, er monarken eit viktig førebilete. Det er positivt at den britiske dronninga dei seinare åra har vald å snakke endå opnare om si kristne tru.

2 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Marianne Solli kommenterte på
Hvorfor blir innlegg og kommentarer borte uten forklaring ?
rundt 1 time siden / 2395 visninger
Robin Tande kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 2 timer siden / 2699 visninger
Torgeir Tønnesen kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 2 timer siden / 2699 visninger
Magnus Leirgulen kommenterte på
ET BREV TIL JUSTISMINISTEREN
rundt 2 timer siden / 2699 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Kan ikke dåren gå seg vill?
rundt 3 timer siden / 599 visninger
Roald Øye kommenterte på
Innspill om to-statsløsningen.
rundt 3 timer siden / 579 visninger
Robert Rygge kommenterte på
Hvorfor blir innlegg og kommentarer borte uten forklaring ?
rundt 3 timer siden / 2395 visninger
Roald Øye kommenterte på
Innspill om to-statsløsningen.
rundt 3 timer siden / 579 visninger
Les flere