Verdidebatt

Lekmannsforkynning og fri nattverd

I reformatorisk lutherdom er ikkje «det rette embedet» eit eige ekklesiologisk kriterium.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Innanfor historisk lutherdom gjennom 500 år er det vokst fram ein skilnad mellom eit såkalla «høgkyrkjeleg» og eit såkalla «lågkyrkjeleg» syn på embete og kyrkje. Men det høgkyrkjelege synet kan stå i fåre for å ha heller trangt rom for klassisk bedehusarbeid, både når det gjeld forkynning og nattverd. På bedehuset er det tvert imot ei viktig kjelde til frimod i arbeidet at begge deler høyrer forsamlinga til og at dette står sterkt med omsyn til både bibelsk og reformatorisk grunngjeving.

Den klassiske kjelda til usemja i synet på kyrkje og embete er artikkel 14 i vedkjenningsskriftet Augustana, sitat: «Om kyrkjeordninga lærer dei lutherske kyrkjelydane at ingen må læra offentleg eller forvalta sakramenta med mindre han er retteleg kalla».

Stikkordet «retteleg kalla» handlar om ordinasjon, seier den høgkyrkjelege tolkinga. Men den tolkinga står overfor mange problem. Dels finst det ikkje heimel i Bibelen for å gjera nådemiddelforvaltinga avhengig av ein bestemt versjon av den apostoliske skikken med handspålegging og bøn. Dels gjev Bibelen sjølv døme på lekmannsforkynning alt i den eldste kyrkja (les om Stefanus i Apgj 7!). Og dels kjem denne tolkinga på kollisjonskurs med ting som Luther sjølv skreiv i nokre av dei tidlege reformatoriske hovedskriftene.

Og problema med denne tolkinga av CA14 er jamvel fleire. I Bibelen er overgangen frå synagogeforsamling til forsamling av apostolisk truande utan noko slikt brot. Synagoga sa ja til lekmannsforkynning. Og det gjorde også urkyrkja.

Vidare: Ved reformasjonen tok lutherdommen avstand frå den katolske messeofferlæra som direkte KREV eit offerprest-embete med såkalla livsvarig særpreg (latin: «character indelebilis»). Reformatorisk nattverd-teologi krev derimot ikkje at ein gjenninnfører det livsvarige særpreget i tenesteforståinga.

Gud har visseleg innstifta ei eiga teneste i forsamlingane (2Kor 5:18b+20 oflst). Men den tenesta er innstufte av Gud, og tufta på Det ålmenne prestedømmet (som Luther faktisk kritiserte Melanchthon for å ha forsømt å ta med i Augustana).

Den lågkyrkjelege tolkinga seier såleis at «retteleg kalla» i CA 14 står i motsetning til «sjølvkalla». Difor er lekpredikanten retteleg kalla når han er kalla av ei forsamling av truande eller av organisasjonar bygt på slike forsamlingar.

Det ålmenne prestedømmet går nemleg framfor alt som har med forsamlingstenesta å gjera. Det er ikkje «embedet» som skaper Det ålmenne prestedømmet. Men Det ålmenne prestedømmen står der og er det same i både GT og NT. Det er Det ålmenne prestedømmet som kallar og set inn både predikant og sakramentforvaltar. Og som set nattverdforvaltinga fri.

I reformatorisk lutherdom er ikkje «det rette embedet» eit eige ekklesiologisk kriterium, slik som hjå Calvin og anglikanarane. Det ser vi i CA 7.

(Tidlegare publisert i bladet «Venehelsing» nr 7/2017. «Venehelsing» er organ for Nordhordland Indremisjon).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt