Verdidebatt

NO ER DET NOK OM TROND GISKE

Straff, inkludert medieeksponering må stå i høve til handlingane. Eg tykkjer at Trond Giske kanskje har fått nok no. Saka er eit samfunnsproblem som når mykje lenger enn til den eine mannen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den som er utan skuld, kan kaste den fyrste steinen, sa ein som blir feira i desse dagar. Redaksjonane tykkjest i så måte vera mellom dei verste sjølv. Ei nyss gjennomført undersøking blant kvinnelege journalistar, synte at 10 prosent av dei yngre hadde blitt plaga siste året. Eit svært høgt tal, truleg langt høgare enn i dei politiske partia.

Kjønnsrelatert maktbruk skal avdekkast, straffbare forhold etterforskast, og nokon skal hengjast ut i den mediale gapestokken. Men gapestokk-eksponeringa skal stå i høve til handlinga. Giske hadde ikkje fått meir omtale, om han hadde drepe nokon av dei han har plaga.


Dagbladet, VG og dei andre har drive kampanjar tidlegare. Eg kan nemne ein tidlegare Børs-direktør, ein tidlegare helseminister og ein finsk skiløpar. Alle blei dei drevne i dauden av for stort trykk i norske aviser.
Folk flest har fått kva vi treng i denne saka. Oppryddinga får dei involverte ta seg av, når dei får eit pusterom. Hvis den prosessen går dårleg, kan heller media koma på bana att. Om det fins straffbare hendingar, er det ei sak for rettsvesenet.


Det som skjer no er meir eit samfunnsproblem enn eit politisk problem. Slike hendingar fins i alle miljø og i alle samfunnslag, både i kommersielle, ideelle og religiøse verksemder. Det skal ryddast opp, men med metodar som ikkje øydelegg skuldige og uskuldige.
Akkurat no sit eg med inntrykk av at redaktørane skyt kring seg for å trekkja merksemda bort frå sine eigne nærmiljø.

Vårt Land har halde ei nøktern line, i alle høve på nettet, utan at det har svekt alvoret i saka.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt