Verdidebatt

Praksis med bøn for sjuke

Bøn for sjuke er og skal vere ein del av kyrkja sitt oppdrag i verda. Det er også ein del av oppdraget å ha omsorg for dei mest sårbare. Derfor er det også grunn til å åtvare mot ein bruk av forbøn som ikkje tar vare på dei som vil bli bedt for.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alf Gjøsund meiner at forbøn for sjuke har blitt borte i kyrkja vår. Det at lite blir skrive i media, treng ikkje vere det same som at det er borte. Eg huskar at eg som ung prest blei tilkalla i ein heim med eit eldre ektepar som ønskte forbøn for mannen. Dette var like etter avsløringane av prestar som hadde "drive ut" det dei kalla vonde ånder, i Os ved Bergen. Så eg var skeptisk til kva dette innebar. Desse menneska hadde lese om forbøn hos Peder Olsen, som var ein høgt akta sjelesørgjar i si tid, og stod Einar Lundby nær. Så eg kjende meg på trygg grunn, og salva og bad for mannen. Det var for meg ei nyttig erfaring.  I praksis som sjukehusprest har eg sjølvsagt bedt både med og for pasientar. Nokre gonger med salving og handspålegging, når det har vore ønskje.  Det var ein del av oppdraget, og av verdi for dei som var med på det. Bøn for sjuke er ikkje borte.  Det skjer berre ikkje for open scene.

Samtidig har eg i min praksis som prest på sjukehus møtt menneske som har blitt djupt såra av ein pågåande og lite ivaretakande forbøn.  Av og til med magisk tenking, der klutar sende i posten skal ha helbredande kraft.  Og nokon med varige lidingar etter åndeutdriving.  Her er det grunn til å trø varsamt.  Eg har også fått historier frå menneske som har kjent seg friske ved hjelp av forbøn.  Det har eg ikkje ropa ut om, fordi dette er så sårbart. Så Per Arne Dahl har heil rett i å ta avstand frå dei som marknadsfører sine miraklar for open scene.  Somme blir til offer i ei slik verksemd.

Det kan vere at vårt rasjonelle syn på verda, der det materielle er det verkelege og det åndelege er bortvist, opnar ein marknad for slike som Jan Hanvold.  Gerhard Huges kallar det splitta spiritualitet.  Skiljet mellom Guds transendens og Guds immanens, at han er i verda, er det vi som har skapt. Gud skiljer ikkje. Så vi kan legge fram alt det vi har å be om, i tillit. For den som trur er det ein naturleg ting, ingen sensasjon.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt