Leder

Digital omsorg

Utviklinga peikar likevel i ei retning som signaliserer mindre menneskeleg kontakt i samfunnet vårt framover. Det er det grunn til å vere på vakt mot.

Den fysiske kontakten mellom menneske er eit lim for samfunnet. Å møte kvarandre ansikt til ansikt skaper auka forståing for kvarandre og utviklar empatien vår. Likevel er det slik at stadig fleire funksjonar i dag blir digitaliserte. Meir av kommunikasjonen vår går føre seg på e-post og sosiale medier. Butikkar over heile landet merkar konkurransen frå den aukande netthandelen. Vi går sjeldan i banken lenger. Fleire stader treng vi heller ikkje å snakke med nokon når vi skal betale­ for noko – sjølvbeteninga er på full fart inn.

Det er ikkje i alle samanhengar tilstrekkeleg for oss å betene oss sjølve. Som menneske har vi behov for omsorg og kontakt. Difor er det tankevekkande å lese om korleis framtidas eldreomsorg kan komme til å bestå av robotkjeledyr og temperatursensitive kamera, som vi skreiv om i avisa i går. Ny teknologi skal bøte på manglande arbeidskraft i møte med den kommande eldrebølgja. Velferdsteknologi er termen. Kommunane skal med slik teknologi få store innsparingar, når til dømes heimebesøka til gamle og trengande kan kuttast ned på.

Dei varme hendene risikerer å få mindre plass i framtidssamfunnet. Det er skummelt, for det er ikkje nok for mennesket å bli ivaretatt av robotar. Scenarioet er rett nok ikkje fullt så dystert enno, for velferdsteknologien står ikkje i ein posisjon til å fortrenge menneskehendene fullstendig. «Vi vil ikke erstatte helsevesenets varme hender med slike hjelpemidler. Vi vil ha begge deler», sa Hans Ekornholmen i gårdagens artikkel. Ekornholmen reiser landet rundt med bodskapen om at teknologien er ein ven, og ikkje ein fiende.

Teknologi er aldri ein fiende i seg sjølv. Velferdsteknologi og digitale tenester kan vere eit gode for mange. I ein artikkel i dagens avis kjem det til dømes fram at fleire opnar seg om krisene sine på chat med Kirkens SOS. Helsedirektoratet prøver for tida ut digitale verktøy til å behandle angst, depresjon og søvnvanskar.

Utviklinga peikar likevel i ei retning som signaliserer mindre menneskeleg kontakt i samfunnet vårt framover. Det er det grunn til å vere på vakt mot. Digital omsorg er ikkje god nok omsorg­ i seg sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder