Verdidebatt

Seksuell trakassering er eit maktmiddel i politikken

I Aftenpoften 06. desember kunne vi lese om min kollega i KrFU, sentralstyremedlem Julia Sandstø. Ho har stått fram for å peike på at det stadig vekk skjer seksuell trakassering i politikken, som oftast mot yngre jenter. Det er på høg tid at dette blir sett på dagsorden, og at alle parti, med sideorganisasjonar, tek sin del av ansvaret. Dette inneber kva haldningar ein har til problemet, kva kunnskapar ein har om det, og ikkje minst kva ein bestemmer seg for å gjere med det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Problemet ligg i varslarkulturen. Mange av dei som blir utsett for trakassering, trur at det er deira feil og at dei er til bry når dei varslar. Det må det bli slutt på, og det ligg eit stort ansvar på partileiinga å syte for at det er trygt å varsle. Måten mitt eige moderparti handterte dette på førre veke er ikkje eit godt føredøme for korleis ein bør gjere det. Det såg alle som følgde avisene og Dagsnytt 18. Men dette er langt frå eit KrF-problem. Dette er eit problem i alle partia.

Seksuell trakassering i politikken er, som på dei fleste andre arenaer, eit strukturelt problem fordi det skjer innanfor ein struktur og i eit hierarki. Unge medlemer kan vere lette bytte. Dei har lite erfaring og kan føle at dei må vinne tilliten til dei som har vore lengre i partiet. Det finst dessverre personar som utnyttar dette, og dimed òg utnyttar den tilliten dei sjølv har. For å kunne utøve engasjementet sitt er det mange som ynskjer å bli valt til eit verv. For å bli valt til eit verv må du bli likt og du må ha tillit. I tillegg må du ha kontakt med andre delar av partiet, ikkje minst dei som er over deg i systemet. Dette blir umogleg når du risikerer å møte på den personen, som kanskje er over deg i hierarkiet, som utøver seksuell makt mot deg. På denne måten blir unge engasjerte jenter undertrykte. I staden for å kunne utøve demokrati i tryggleik, blir dei forviste til utrygge og teiing.

Det viktigaste av alt er at partia set velferda til medlemer og tillitsvalde over partiets omdømde. Slik er det ofte dessverre ikkje i dag. I frykt for negativ omtale blir sakene som ikkje er beint fram valdtektssaker, kosta under teppet. Ein vel å sjå på det som gråsonesaker. Eg er ganske sikker på at dei som blir utsett for dette ikkje opplever at dei er i noka gråsone. Det er fordi desse gråsonene ikkje finst.

Vidare er det viktig å ha lover som opnar for disiplinærtiltak, mellom anna suspensjon frå verv og eksklusjon frå partiet. Dei som utøver seksuell trakassering har ikkje noko i politikken å gjere.

Når ein ikkje set inn dei naudsynte tiltaka, blir partia nærmast straumlinjeforma for å utøve seksuell trakassering. Det kan vi ikkje finne oss i. Partimedlemer og tillitsvalde treng eit langt større vern enn dei har i dag. Det skal være trygt å engasjere seg i demokratiet i Noreg. Dette handlar om å vise integritet for det vi trur på, tøre å konfrontere det ubehagelege og stå opp for dei som blir utsett for uakseptabel åtferd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt