Verdidebatt

Hei igjen, Hitler!

Kanskje trengst det meir hitling framover.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

' Det er mulig Dagbladet har gjort det før. Men dette er første gang jeg ser deres hitling av Trump', skreiv Jøran Ødegaard, israelsvenn og lokalpolitikar for Partiet De Kristne på Twitter tidlegare i år. Det Dagbladet hadde gjort, var å skriva om ein amerikansk jøde, Russel Neiss, som protesterte mot at Trump stengte syriske flyktningar ute frå landet. Han minna om at USA stengte grensene for eit skip fullasta med jødiske flyktningar frå Europa i 1939.

Avledningsmanøver

Wikipedia definerer hitling som «en avledningsmanøver» og «en vanlig tankefeil hvor man trekker paralleller mellom Adolf Hitler eller nasjonalsosialismen og motparten i en diskusjon». Det har blitt ei sanning at «den første som nemner Hitler i ein debatt, har tapt». Kanskje er årsaka at Hitler og nazistane – forståeleg nok – er blitt synonymt med personifisert vondskap. Dei var ikkje menneske, men monster.

Men det er ingen grunn til å umenneskeleggjera alle dei tyskarane som i 1933 hylla den nyvalde kanslaren Hitler. Det er ettertida sitt privilegium å vita kva følgjer det valet skulle få.

Verda vil aldri få ein ny Adolf Hitler, verdshistoria vil aldri få ein identisk reprise på noko som helst. Men menneskesinnet og samfunnet har tilbøyelegheiter og mekanismar som ikkje forandrar seg på 80 år. Særleg når det røyner på. Var tyskarane som hadde stemmerett det året verkeleg så annleis enn oss? Betyr det noko at folk i dag brukar same ord og utrykk som nazisympatisørar gjorde i 1930-åra?

Historia viser gong på gong at urolege tider og usikker framtid gjer at folk jaktar på tryggleik. Sterke leiarar med enkle løysingar og tydelege fiendebilde har langt betre kår då, enn når alt er «fina vêret og beine vegen». Derfor er det legitimt å halda opp ein spegel frå 1933 på samtida.

Stilnar debattar

Det er ein svært verknadsfull hersketeknikk å kalla alle samanlikningar mellom samtida og nazitida for hitling. Redsla for å påkalla slik indignasjon stilnar mange debattar.

Då redaktøren for document.no lanserte ein ny kunstskribent, som skulle løfta fram det som verkeleg er «skjønt» (i motsetnad til samtidskunsten, som er eit teikn på «forfallet i samfunnet»), gjorde han det i ein artikkel som også hadde sterke utfall mot norske muslimar. Artikkelarkivet deira har ein påfallande kombinasjon av hylling av den overlegne europeiske kulturarven og den tradisjonelle europeiske kunsten på den eine sida og hatefulle karakteristikkar av minoritetar og konspirasjonsteoriar på den andre sida. Kunstkritikaren deira trur til dømes at Munchmuseet «bedriver en fordekt homoerotisk propaganda» og at valet av «Lambda» som nytt museumsbygg ikkje er tilfeldig, når Lambda også er namnet på ein amerikansk organisasjon som kjemper for homofile sine rettar. Då eg viste fellesstrekk mellom document.no sitt ideologiske kunstengasjement og Hitler sin kamp for tradisjonell europeisk kunst, blei det raskt avvist som «svinsk» og «nedrig» hitling.

Kanskje trengst det meir hitling framover. Holocaustsenteret sin nye rapport viser at ein av to nordmenn meiner at muslimar sjølv har mykje av skulda for aukande muslimhets. 30 % trur at muslimane vil ta over Europa. 13 prosent av oss trur at verdas jødar arbeider i det skjulte for å fremja jødiske interesser.

På alvor

«Heil Hitler», fnyste ei åttiårig kvinne på gata i Wien, då ho avviste dei unge kampanjefolka til Sebastian Kurz som ville gi henne ei brosjyre like før valet i oktober. Ifølge VG hadde ho til og med småblomstrete kjole. «Keisar Kurz» vann valet med hard retorikk mot innvandring og islam, og nå er det han i ferd med å danna koalisjonsregjering med det høgrepopulistiske Fridomspartiet. Det blei grunnlagt etter krigen av eit tidlegare SS- og nazipartimedlem, og dagens leiar er tidlegare nynazist.

Kvinna i Wien har opplevd krigen. Ho kjende igjen noko ho hadde sett og høyrt før. Åttiåringar som hitlar skal ein kanskje ta på alvor. Særleg dei i blomstrete kjole.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt