Verdidebatt

Frå Gudbrandsdalen til Auschwitz

Historia om Klara, Samuel og Ester Karpol knyter Gudbrandsdalen til det store européiske traumet som heiter Holocaust. Også for dei gjekk ferda med skipet «Donau» til utryddingsleiren i Polen. Ingen av dei overlevde.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei tre søskena skal omsider få sitt synlege minnesmerke i si heimbygd Sør-Fron. Såkalla «snublesteinar» skal setjast ned. Slike steinar ruver ikkje i landskapet. Dei vert felt ned i vegen der folk ferdast. Brått ligg dei der for våre føter, med namn og årstal, og minner oss på at her levde og arbeidde dei, før dei møtte sin lagnad saman med 6 millionar av sitt jødiske folk.

Det spesielle med Karpol-familien er at dei livnærte seg ved jordbruk og var ein integrert del av livet i ei grend på landsbygda. Familien har fylgt meg sidan eg for over tretti år sidan las Thor Halle si forteljing om familien  i «Kyrkjeblad for Sør-Fron». Og ikkje mindre nær kom dei då eg for nokre år sidan reiste rundt i Sør- og Nord-Fron og fekk høyre alt det eldre folk hugsa om Karpolane. Det var levande og rørande, men også såre minne (samla i ein artikkel i «Fronsbygdin 2014»). Karpol-heimen ligg på kommunegrensa, berre nokre hundre meter frå der folk passerer til og frå Peer-Gynt-framsyninga på Gålå, og er meir synleg frå Vinstra enn frå Hundorp. På 1920-talet dreiv dei butikk i Ruste i Nord-Fron, og Klara Karpol  arbeidde ei tid ved Vinstra Ysteri som kontormedarbeidar.  Såleis er Karpol-familien også ein del av Nord-Frons historie.

Om Gerson sitt liv på den norske landsbygda er det verdt å nemne ein spesiell detalj: han handla alltid i den lokale butikken på søndag. Då vart han  godt motteken av handelsmannen, og fekk traktering i stova av kona, medan varene vart funne fram i butikken. Grunnen til denne søndagshandelen var ikkje berre at han ville markere seg som jøde som heldt sabbaten og ikkje søndagen heilag. For  Gerson var det å kunne handle på søndag eit sikkert teikn på hans nyvunne fridom i eit fritt land. Noko av det som gjorde livet under russisk herredøme vanskeleg for jødar, var forordningar som forbaud dei å handle og arbeide på søndagar. No kunne han nyte fridomen, og retteleg markere dette både for seg sjølv og andre.

Minna om dei tre Karpol-borna  er samstemte: på kvar sin måte var dei gode hjelparar  i grenda og periodevis aktive deltakarar i lyd og lag. Alle tre hadde utdanning utover grunnskule, og brukte sine evner og ressursar til beste for lokalsamfunnet. Sam (slik heitte han på folkemunne) hadde heile sitt liv og virke i bygda frå 1918 til 1942. Av søstrene hadde Klara dei fleste åra heime i Skurdalsbrenna, der ho hadde si eiga stugu. Ester var og heime i lange periodar, men var nokre år styrar av Jødisk Barnehjem i Oslo.

Då krigen kom, var foreldra  Gerson og Jette gamle og sjukelege. Men også dei vart offer for «Jødeaksjonen» hausten 1942. Dei vart henta  frå heimen sin til det dei trudde var pleie og omsorg, men så gjekk ferda til Oslo for internering.   Gerson vart teken til  Bredtvedt fengsel, og skulle sendast til Auschwitz i februar 1943, men ein tysk offisér tok han ut av rekka då dei skulle gå om bord i skipet «Gotland» på Oslo hamn. Etter sjukehusopphald og behandling fylgde ein tysk lege dei på toget attende til Hundorp, der dei fekk plass på Aldersheimen. Jette  døde i juni 1947, og Gerson i august same året. Dei vart  gravlagde på den jødiske gravlunden i Oslo.

I februar 1943 heldt lensmannen i Sør-Fron auksjon over eigedomen, som  stod i Samuel Karpol sitt namn.          Sal av lausøyre og buskap gav ei inntekt på over     kr 20 000, ein ikkje liten sum den gongen. Auksjonen var omstridt i bygda. Kjøparar på auksjonen vart bøtelagde etter krigen. Eigedomen, som omfata tre bruksnummer, vart seld av Oslo skifterett i 1948. Karpolheimen med låve og bustadhus  (Gerson frkk det bygt 1932-33, no ein del ombygd), er eit unikt jødisk kulturminne i vårt land. For Klara, Samuel og Ester var dette heimen deira den største delen av deira altfor korte liv.

Klara Karpol

Klara Karpol var fødd i 1899 i Kristiania (Oslo). Foreldra hadde kome til landet i 1897 som flyktningar frå pogromane i Litauen (Russland). Same år melde dei seg inn i «Den Israelittiske Menighed» i Kristiania. Gerson Karpol tok til som handelsreisande. Han fann sitt marknad blant anleggs-arbeidarar, fyrst på Bergensbana, og seinare på Rauma-bana. Han hadde ei tid eigen butikk på Verma i Romsdalen.

Klara fekk ein del skulegang, og tok eksamen artium. Ho kom med familien til Skurdalsbrenna i Sør-Fron i 1918. På 1920-talet etablerte faren butikk på Sandbu i Ruste, som Klara styrde. Dei leigde eit hus på Sandbu, med butikk i fyrste høgda og bustad i andre. Elida (f. 1923) minnest butikken. Det var kolonialbutikk, men der var og sko, klede og stoff. Elida, som berre var småjente då, hugsar at dei hadde så rar ei vekt. Til småjenta vanka det stundom drops og andre godsaker.  Samuel budde og i Sandbu ei tid.

Klara  arbeidde ein periode på kontoret ved  Vinstra Ysteri, og ho hadde også kontorpost i Oslo nokre år. Ho var  engasjert i skulen i Sør-Fron som handarbeidslærar. Midt på tretti-talet underviste ho ungdom i grenda i engelsk . Ho budde i ei lita stugu for seg sjølv i Skurdalsbrenna. Mange eldre minnest enno Klara som ei dyktig, vennleg og hjelpsam dame. Ho var med på å starte Sanitetsforening i grenda.

Ei mappe med utklipp og handarbeids-oppskrifter vart seld på auksjonen i Skurdalsbrenna i februar 1943, og vart teke vare på i ein heim i grenda.

Klara vart arrestert i den såkalla «Jøde-aksjonen» i oktober-november 1942 og send til Auschwitz, der ho vart teken av dage i gasskammeret saman med syster si i fyrstninga av desember 1942.

Samuel Karpol

Samuel Karpol var fødd i Drammen i 1901. Familien  budde i Drammen ved folketeljinga i 1900, og far Gerson stod oppført  med «manufaktur-forretning». Handelen føregjekk langs Bergens-bana, der han selde klede og sko til anleggsarbeidarane.

Samuel fekk noko skulegang, og las seg til mykje kunnskap på eiga hand. Han var 17 år gamal då familien flytte til Sør-Fron. Då han kom i myndig alder, skøytte faren bruket over på Samuel. Han vart snart aktiv på mange område i grenda og bygda. Han tok fiolin-undervisning, var med i Ungdomslag og idrettslag,  song i kor og spelte i revy. I mange år var han korrespondent for avisa «Laagen» som kom ut i Lillehammer. Han refererte frå kommunestyret, og var sjølv medlem der ei periode, eit sikkert teikn på at han hadde stor tillit. I grenda var han omtala som Sam. Han var ein populær kar. Ingen ekspert i praktisk jordbruk og fehald, men svært arbeidssam. Det han ikkje kunne som jordbrukar, tok han att på andre felt, som i rekneskap og juss. Han var hyppig brukt av småbrukarar i grenda i alt som hadde med papir-arbeid å gjere. Han kunne og gje råd i juridiske spørsmål. Sam hadde skrivemaskin, og hjalp  folk med korrespondanse.

Han hadde opptil fleire hestar som han av og til leigde ut. Stundom tok han og på seg køyreoppdrag sjølv med hest og reidskap. Sverre Skurdal (f 1921) fortel at Sam i aprildagane 1940 var med på vakthaldet av eit våpenlager i Gryttings-haugen, og ordna med bil for vaktstyrken, som dei fekk låne av ein jødisk mann frå Oslo som var i bygda den tida.

Då Sam den 26.oktober 1942 vart teken av lensmannen på ordre av nazi-styremaktene, uttala han til naboane i Nordli idet  han vart ført forbi der: «No skal dei visst gjere meg god att i ryggen!» Folket i Nordli visste om Sam sine ryggplager, og forstod nok  ironien i det han sa. Men dei kunne aldri førestille seg den lagnaden som venta han.

Saman med dei andre mennene som vart tekne i «Jødeaksjonen», vart han førd til Berg arbeidsleir i Vestfold, og deretter, den 26.november, til Oslo og fangetransport-skipet «Donau». Søstrene Klara og Ester  vart sende i same transporten, Dei vart tekne av dage rett etter ankomst i Auschwitz. Sam levde til januar 1943, då også han enda i gasskammeret.

Skrivebordet til Sam vart kjøpt på auksjonen i februar 1943, og overlevert av etterkomarar av kjøparen til Krigsminnesamlinga i Kvam. Der er også Klara si mappe med handarbeids-oppskrifter, og ei av sjukekorgene som var nytta då foreldra Jette og Gershon vart førte bort frå heimen.

Ester Karpol

Ester var den yngste av Karpol-borna, fødd i Krødsherad i 1903. Ho fekk utdanning som sjukesøster. I mange år var ho styrar av «Jødisk Barnehjem» i Oslo. Når ho periodevis var heime i Skurdalsbrenna, vart ho ofte konsultert når nokon - spesielt born - var sjuke. Fleire eldre i grenda fortel: «Ho mor tok meg med til Ester ein gong eg var sjuk».

Ester fekk eit spesielt nært forhold til naboane i Nordli. Vesle Ruth  (f 1936) vart Esters yndling. Ester kom ofte ned i Nordli og bad Ruth med opp i Karpol-heimen. «Du er jenta mi, du!» kunne Ester seie. Ho song med Ruth: «Du og jeg og vi to seilte i en tresko  - » , og andre barnesongar. Ein porselenskopp og  eit par leiker som Ruth fekk av Ester er på utlån til  Krigsminnesamlinga.  -  Søster til Ruth, Oddrun  ( f. 1930) minnest at ho  var med Ester og Klara på setra deira på Gålå.

Folk minnest at Klara og Ester tala med mor si på deira eige språk (jiddisch el russisk). Men dei to døtrene var fullt og heilt norsk-språklege. Mor Jette tala mest ikkje eit ord norsk, medan far Gerson hadde sin eigen, litt gamalmodige variant av norsk bymål.

Ester vart arrestert av norsk politi saman med søstera Klara i november 1942, og var med i  fangetransporten som gjekk frå kai i Oslo med skipet «Donau» den 26.november.  Ho vart teken av dage i gasskammeret i Auschwitz i fyrstninga av desember .

*          *          *

Då Gerson etter krigen fekk kjennskap til borna sin lagnad, prøvde han i si sorg og fortviling å få erstatning og oppreisning for den urett som  familien hadde lidd, utan å nå fram. Han vart innkalla som vitne i den lokale landssviks-rettssaka etter krigen. Det er arkivert eit brev frå han i samband med rettssaka.

Europas traume er ikkje over. Sist sommar var  vi som familie sjokkerte vitne til nazimarsjen i Kristiansand. Anti-semittismen og rasismen lever også i vårt folk. Når vi minnest familien Karpol, må vi granske våre eigne standpunkt og haldningar i forhold til dei framande blant oss, dei som er annleis: jødar, muslimar,  dei med ei anna seksuell legning, ein annan religion og andre verdiar enn oss. Den største utfordring i vår tid er å kjempe mot  intoleranse og framandhat, inni oss sjølve og i vårt fellesskap.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt