Kommentar

Verdas største revolusjon

Metoo-kampanjen kan komme til å velte maktregime over heile kloden. Ein del maktmisbrukarar går ikkje i seg sjølve før hovudet er i ferd med å bli hogd av.

Mektige menn har gjennom historia hatt ein tendens til å børste av seg skandalar. Det har høyrt med til maktposisjonen. Opprør nedanfrå har vore ubehageleg, men fullt mogleg å handtere. Maktkartet har ikkje blitt teikna på nytt.
Hausten 2017 er kartet blitt teikna på nytt. Då storavisa The New York Times publiserte ei sak om klagemåla mot ein av dei mektigaste mennene i Hollywood, filmprodusenten Harvey Weinstein, var det verdas største demning som brast.
I land etter land, i bransje etter bransje, har kvinner tatt til orde mot maktmisbruk og seksuell trakassering. Det som begynte som ein liten tweet frå skodespelaren Alyssa Milano, kjent frå TV-seriar som Charmed og Melrose Place, har vokse til å bli ein verdsomspennande kampanje som har samfunnsveltande kraft.
Vi snakkar om ein revolusjon.

Sosial rettferd

Det er ikkje berre min påstand. Revolusjonsforskaren Jack A. Goldstone, professor i statsvitskap og sosiologi ved George Mason University i Virginia, peikar i ein artikkel i tidsskriftet Samtiden på at ein brei definisjon av revolusjon er kjenneteikna av massemobilisering, og at målet er å oppnå større sosial rettferd og skape nye politiske institusjonar. ­Under lanseringa på Litteraturhuset i Oslo denne veka peika han på at Metoo-kampanjen har fleire likskapar med revolusjonen.
Filmskaparen Vibeke Løkkeberg var inne på det same i eit intervju her i Vårt Land for litt sidan: «I en revolusjon er det alltid noen som må dø,» sa Løkkeberg og viste til at det omsider kan vere endringar på veg, når historier om seksuell trakassering no kjem ut i eit så stort omfang.
Alle arenaer. Historie etter historie har kome for ein dag, i ulike variantar, i nær sagt alle delar av samfunnslivet. Og det rullar kontinuerleg, med fornya styrke. Politikk, kyrkjeliv, kulturliv – #metoo rammar så godt som alle arenaer i samfunnet. Og ikkje minst rammar det på toppane, slik utgangspunktet var med Weinstein. Ikkje eingong Svenska Akademien går fri, komiteen som gir nobelprisen til den beste litteraturen innan «idealisk riktning». Akademien fekk førre veke eit alvorleg skot for baugen då ein nær samarbeidspartnar, gift med eit medlem i komiteen, blei skulda for seksuell trakassering over mange år. Om det er hald klagene: Korleis kunne dette gå føre seg, rett framfor nasane til De Aderton, over så lang tid? Omdømmeproblemet synest openbert.

Strukturar

Det enorme omfanget har komme overraskande på mange – først og fremst menn. Kvinner er ikkje like overraska, tafsing er noko mange har måtta­ «tåle» opp gjennom tidene.­ Men det blir feil å oppfatta Metoo-kampanjen som ei demonisering av sjølve mannen. Det handlar ikkje om kor vidt menn generelt skulle vere mannsgrisar, det handlar om strukturar som har lange røter. I dette biletet spelar, dessverre, også religionen inn. Samtidig har dei religiøse skriftene, som Bibelen, gitt oss verdiar vi har bruk for til ikkje å misbruke makt eller ta oss til rette overfor andre menneske.

Moralsk syndefall
Metoo-kampanjen avslører ikkje først og fremst eit religiøst problemfelt, men kastar lys over eit moralsk syndefall på tvers av livssyn og religionar. Moralsk god oppførsel kan funderast i religion, men kan samtidig funderast i allmenn folkeskikk. Enkelte maktmisbrukarar ser ut til å mangle begge deler.
Ingen skal dømmast før dei er dømte av ein rettsinstans, og vi skal vere på vakt mot eit samfunn der klagemål er det same som fellande dom. Norske ­medier har etter mitt syn hatt ei fornuftig tilnærming til dette, der til dømes svenske aviser er ­mykje raskare med å identifisere dei som har fått klagemål retta mot seg.

Knust og sjokkert

Samtidig er det slåande korleis somme av mennene som er blitt skulda for omfattande seksuell trakassering, ser ut til å bli oppriktig sjokkerte over skuldingane. Dei ser nesten ut til å mangle sjølvinnsikt i handlingane sine, ein mogleg konsekvens av langvarig maktmisbruk. Maktmennene blir dermed sittande igjen som knuste spørsmålsteikn. Mens andre innser at revolusjonen har innhenta dei. Fallet frå maktas tinde blei brutalt.

Verdsomspennande

Det er vi er vitne til, er at kvinner over heile verda reiser seg mot ein struktur som har gjort seksuell trakassering mogleg. Det amerikanske magasinet Time kåra i går «dei som bryt tausheita» til årets person i verda. Aldri tidlegare har ein revolusjon hatt så mange potensielt involverte. Difor tenker eg på Metoo-kampanjen som verdas største revolusjon.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar