Verdidebatt

Navigasjon og politikk

Vårt Land sin artikkelserie om KrF omtaler den spagaten me no har blitt ståande i. Fleire uttaler seg i den samanheng som om KrF har valet mellom å bli ståande i ein smertefull spagat eller å definera seg som ein del av høgre- eller venstresida av politikken. Det meiner eg er ei tankefelle me snarast mogeleg må bort frå.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når eg legg ut på ei ferd langs fjorden heime i småbåt, vil det variera kva side av fjorden det svarar seg å gå på. Dersom det er nordavind, er sjøen langt smulare på nordsida, medan eg ved sønnavind ofte vil velja å gå på sørsida av fjorden. Ut frå vér og straumtilhøve kan det dermed på ein tur vera enklast å nå fram til målet på nordsida og på ein annan tur kanskje på sørsida. Men når eg først har starta på turen, vil det oftast vera lite fruktbart å kryssa fram og tilbake, sjølv om veret skulle vera skiftande. Dersom ikkje véret skulle snu uventa brått, vil eg difor halda meg til den sida eg har valt, til eg er ferdig med den aktuelle turen (perioden). På neste tur vil eg derimot gjerne vurdera om tilhøva er såpass uendra at eg fortsatt vel den same sida eller om det i den situasjonen som då er vil vera meir tenleg for mitt reisemål å gå langs andre sida av fjorden.

Nokon ville kanskje hevda at det var ryddigare av meg å alltid gå på same sida av fjorden, i følgje med den same, store skuta. Ja, nokon ville aller helst at eg omregistrerte båten min til å bli ein lettbåt på ei av dei store skutene. Sjølv vil eg gjerne vera fri til å gå der sjøen er smulast og straumen i tilstrekkeleg grad går min veg til at eg enklast mogeleg kjem til det målet eg har sett meg for reisa. For mitt reisemål er slett ikkje alltid samanfallande med dei store skutene sine. Difor ønskjer eg i første omgang å bestemma meg for kva side av fjorden eg vil velja, og kva andre båtar eg vil gå i følgje med, for ei reise om gongen.

Og kven veit; når det har gått nokre år og nokre reiser er unnagjort, kanskje fleire av oss småbåteigarar kan bli store nok til at me kan slå oss saman og gje oss i veg midtfjords igjen…

Dag Sele

Matros/sentralstyremedlem på KrF-snekka

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt