Verdidebatt

Makt til endring

Er det Jesus eller Rebekka Ljosland som har ansvaret for velferden til menneske med psykisk utviklingshemming i Bergen kommune?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Helsebyråd i Bergen, Rebekka Ljosland, skriv på Verdidebatt at alle barn er superbabyar, uansett utgangspunkt. Dette er eg einig med henne i. Ho skriv også at det er viktig for henne, som politikar, å jobbe for at alle barn og vaksne med funksjonshemming skal ha dei beste føresetnader for å ha eit godt og verdig liv. Det er flott! Vidare viser ho til at byrådet i Bergen no skal auke kapasiteten på bustader for menneske med psykisk utviklingshemming, legge betre til rette for deltaking i arbeidslivet og auke kapasiteten på avlastning. Supert! 

Men det er også på høg tid. Omsorgen for menneske med psykisk utviklingshemming i Bergen har vore under kritikk i årevis, og berre i dei siste månadene har Bergen kommune blitt kritisert for ei rekke tilfelle av dårleg omsorg.

Dei har fått kritikk for å ta frå ei kvinne med Downs syndrom muligheiten til å nytte eit vellukka og sjølv-initiert treningstilbod. 

Dei har fått kritikk for å meir eller mindre medvite øydelegge for at menneske med psykisk utviklingshemming skal få økonomisk og praktisk hjelp til å kome seg på ferie, mellom anna gjennom å instruere byens bufelleskap om å IKKJE hjelpe brukarane å skrive ut og kopiere søknadsskjema om støtte til ferie (sic!). 

Dei har fått kritikk for å skape og oppretthalde ein fryktkultur blant tilsette i Bofelleskap, som opplever at dei ikkje har rom eller aksept for å seie frå om feil og manglar.

Rebekka Ljosland er helsebyråd i Bergen. Ho er ansvarleg for dette, ho er rette mottakar for denne kritikken. Eg opplever det som ein sterk provokasjon at ho i staden for å seie klart og tydeleg i frå om at dette er for dårleg, i staden hektar sitt engasjement for menneske med psykisk utviklingshemming på kampen mot sortering og på trua på Jesus. Kva med å vise gjennom handling, både i budsjett og i andre uttalelsar, at ho har denne omsorgen for samfunnets ekstra sårbare? 
Kven andre enn henne er det som er i posisjon til å utøve makt til endring?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt