Verdidebatt

Far – eit maskulint maktspråk?

Diskusjonen om Guds kjønn dreg eit klamt slør over det majestetiske lyset frå Betlehemsmarkene.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

ved porten til årets advent, havnar debatten om Gud framleis skal kallast «far» i eit litt ubehageleg lys. Ideane om eit kjønnsnøytralt gudsomgrep vekkjer nemleg assosiasjonar til eit utakknemleg barn som kastar julegåva frå seg fordi det ikkje var ein nyare modell, eit anna merke, det mest moteriktige. Sjølve debatten forkludrar og forteiknar poenget som juleevangeliet legg innover oss: Herren sjølv kjem til oss og vever oss inn i si eiga slekt. Det er juleevangeliets høgdepunkt: Kristus vert vår bror!

Men spontan jubel vert fort til nøling i tilpassings-, moderniserings- og opp­dateringslabyrinten. For korleis skal vi no eigentleg tiltala og omtala Herren? Berre det å adressera han kan fort bli eit feministisk minefelt framover.

Byråkratisk korrekte vendingar

Diskusjonen om Guds kjønn dreg eit klamt slør over det majestetiske lyset frå Betlehemsmarkene. Også våromtale av Gud skal no kvernast ut i byråkratisk korrekte vendingar. Som føregangsvillige førskolelærarar forklarer til dømes Svenska kyrkan oss at vi frå no av kan (men også bør?) stilla spørsmål ved Bibelens omtale av Gud som hankjønn. Og passe pliktoppfyllande som vi er, kjenner vi fort at ja, dette bør vi sikkert vera opne og positive til. Vi moderne menneske bør vi ikkje ta noko for gitt. Poenget er jo heller ikkje at vi ikkje kan omtala Gud som far lenger. Men vi treng ikkje. Vi kan adressera han nøytralt. Eller kanskje som kvinne?

Eg anar kor velmeint dette er; vi vert nærast hylla inn i nye valmoglegheiter og alternative Gudsbilete. Men sjølv ei velmeint feilaktig vegforklaring har den ulempa at ho ikkje fører dit vi skulle. Og spørsmålet heng i lufta: Er fleire ting å velja mellom det vi verkeleg treng for tida ?

Hans eigen son

Snu det på hovudet. Frå det perspektivet der vi tilber Gud, der vi gjer det til eit livsprosjekt å venda om til den allmektige og evige – korleis kan det bli eit problem å omtala han i same vendingane som hans eigen son gjorde det mens han levde som menneske?

Ein ting er at folk kan ha sine ulike synspunkt på saka. Men korleis havnar kyrkja og liturgien der? Rundt juletreet veit vi intuitivt at det å problematisera ei gåva ikkje passar seg. Men med Guds gåve til oss; privilegiet å kalla han vår far, skal det altså vera annleis. Då skulle vi i det minste sett nokre ordentleg gode argument, men det får vi neppe. I staden får vi det vanlege og vage refrenget om at vi lever i 2017 og at vi kvinner bør inkluderast meir.

Men er det uttrykk for eit maskulint maktspråk at Gud vert omtala med hankjønn i Bibelen og at dette dermed legg føringar også for korleis vi omtalar han? Vel, det må kanskje eit mistenksamt sinn til for å sjå det slik. Nullar vi ut Gud som omtala i hankjønn, går vi over til noko som langt på veg også nøytraliserer Gud som ein personleg Gud. «Ei kraft» eller «Eit noko» er døme upersonlege gudsførestillingar som ikkje reflekterer den kristne Gud.

Å femininisera Gud

På den andre sida: Dersom vi gjer eit poeng av å femininisera Gud, skaper vi ei førestilling om at Gud faktisk skal oppfattast som kvinne/mann, mens den treeinige Gud naturleg nok er heva over dei menneskelege kjønnskategoriane. Både menn og kvinner er skapte i hans bilete og reflekterer på ulikt vis noko av hans vesen.

Nettopp for å unngå at Guds namn skal bli ei slagmark, bør vi forankra tiltalen vår av Gud i Skrifta og i Jesu ord om kven Gud er og korleis vi skal omtala han.

Det er dessutan ein merkeleg sjølvsentrert logikk som seier at det å ha ein god far blir mindre verdifullt for meg som kvinne fordi eg ikkje sjølv er, eller kan bli far. Å få kalla Gud med det fortrulege og nære «Abba» – barnet sitt pludrande pappa-ord er ei særmerkt og vakker side ved det kristne livssynet. Ei gåve. No ved advent er tida for å ta i mot og gleda seg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt