Lederartikkel Vårt Land

Kunnskap som bistand

Symbolpolitikken i skrotinga av kvoteordningane for studenter frå fattige land har så langt ikkje sett positiv ut.

Publisert: 28. nov 2017 / 363 visninger.

I litt over tjue år har Noreg hatt ei ordning med opptak av såkalla kvotestudentar der stordelen av plassane gjekk til studentar frå utviklingsland. Mange studentar som elles ikkje ville hatt råd til det, har på denne måten fått verdfull utdanning i Noreg og reist attende til heimlanda sine med nyttig og samfunnsbyggande kunnskap.

Ordninga har i praksis vore ein måte å drive bistand på. Det har vore ein god porsjon klokskap i å legge til rette for auka utdanningsnivå i utviklingsland på dette viset, slik studentar har fått sletta studielånet når dei har reist attende til heimlandet med den nye master- eller doktorgraden sin.

Solberg-regjeringa har utdanning i fattige land som satsingsområde. Etter ei evaluering på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Norad, valde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen likevel å skrote ordninga i budsjettforslaget han la fram for to år sidan. Hovudkonklusjonen i rapporten var at dei kunnskapspolitiske målsettinga for ordninga i liten grad blei nådde.

Konsekvensen ser ut til å vere uheldig. No kjem det ikkje lenger fattige afrikanske studentar til norske universitet og høgskular for å skaffe seg kunnskap som er av stor betyding for samfunnsbygginga i heimlandet. Dette bør både regjeringa og partia som nyleg inngjekk avtale om statsbudsjettet, tenke over på nytt. Professor Anders Breidlid meinte i gårsdagens avis at KrF har svikta desse studentane ved ikkje å ha pressa regjeringa til å gjeninnføre ordninga.

Hans Fredrik Grøvan i KrF vedgår at omlegginga som partiet støtta for to år sidan, ikkje har vore vellukka. Det må smerte for partiet at fattige afrikanske studentar blir skadelidande. Den manglande oppfølginga av saka synest å vere ein glipp.

KrF kjem no til å ta opp igjen saka i revidert nasjonalbudsjett til våren. Innan det reknar vi med at regjeringa evaluerer omlegginga på ein god og forsvarleg måte. Symbolpolitikken i skrotinga av kvoteordningane har så langt ikkje sett positiv ut. Kunnskap er bistand, og det er synd om bistanden blir fjerna frå dei som treng det mest.

1 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Per Søetorp kommenterte på
Sommer-refleksjoner: Identitetskrise, overgivelse og kristent liv
37 minutter siden / 804 visninger
Roald Øye kommenterte på
Demokratiets trusler – Trumps Amerika – bør vi være redde?
rundt 2 timer siden / 689 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Viktig islamsk feminisme
rundt 2 timer siden / 71 visninger
Frank Andresen kommenterte på
Bibelsk økumenisme vs skjøgekirkenes falske økumenisme
rundt 4 timer siden / 891 visninger
Roald Øye kommenterte på
Et jødisk hamskifte i USA.
rundt 4 timer siden / 567 visninger
Eirik A. Steenhoff kommenterte på
Ramadan
rundt 6 timer siden / 132 visninger
Eirik A. Steenhoff kommenterte på
Bibeltime for politikere
rundt 6 timer siden / 2086 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Norge på jumboplass.
rundt 7 timer siden / 267 visninger
Kjellrun Marie Sonefeldt kommenterte på
Bibeltime for politikere
rundt 7 timer siden / 2086 visninger
Les flere