Verdidebatt

Det som ikkje kan teljast

Forbruket gjer oss ikkje lukkelegare. Det er på tide politikarane tar konsekvensen av det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då eg var liten, brann familiegarden vår til grunnen, rett framfor augo våre. Eg har framleis sterke inntrykk frå synet av fjøset som gjekk opp i flammar. Det fekk store materielle konsekvensar, både for dyra, utstyret og oss som dreiv garden. Det var ein tragedie.

Eg var berre fem år den gongen, i 1996. Likevel hugsar eg noko av det som gjorde inntrykk på meg. For eksempel det at det ikkje var tapet av dei materielle verdiane som gjorde tragedien størst for foreldra og besteforeldra mine. Det var tapet av tradisjon. Av dyr som ein var glade i. Av minner frå eit utal timar med fjøsstell, slått og anna tidsslukande gardsarbeid.

Det er sjeldan tinga rundt oss gir oss ei kjensle av lukke. Etter brannen i 1996 kunne vi bygge opp eit nytt fjøs. Kjøpe nytt utstyr. Men affeksjonsverdien frå den gamle garden fekk vi aldri att. Verdien av det som ikkje kan teljast. Likevel ser vi at samfunnet rundt oss blir åstad for eit stadig meir intenst forbruksjag. Vi vil ha meir. Oftare. Større. Betre.

Kalkulatorsamfunnet

Resultata av kalkulatorsamfunnet er nesten litt for spinnville til å fatte: Ein gjennomsnittleg norsk sjuåring har 600 leikar. I fjor brukte nordmenn 70 milliardar på oppussing. Undersøkingane viser at vi nordmenn bytar ut 10 år gamle kjøkken og at vi har nok verktøy til å starte eigen snikkarbedrift.

Kva om vi stoppar opp, trekk pusten og ser på konsekvensane av denne utviklinga?

For det første har vi dei reint miljømessige konsekvensane. Vi veit for eksempel at produksjonslinja for ei t-skjorte inneber ei rekke energikrevjande stoppestader før den hamnar i klesskapet ditt. Berre det å dyrke bomulla til t-skjorta kan krevje meir enn 1.000 liter vatn og store mengder giftige insektmiddel. Vi veit ò at klimautsleppa aukar når forbruket aukar, så lenge dei landa som produserer varene våre er avhengige av fossil energi.

Konsumentar i ein marknad

For det andre ser vi at ein overdriven materialisme fører til at vi menneske ser oss sjølv først og fremst som konsumentar i ein marknad. Sterke mekanismar i marknaden lurer oss til å tru at så lenge vi får litt meir av alt, blir vi lukkelegare og betre menneske. Aukar forbruket, aukar lukka - blir vi fortald.

Det er ikkje riktig. Dei djupe behova våre dekkast ikkje av eit stadig meir intenst forbruksjag. Dersom ein stilnar jaget etter meir forbruk, kjenner vi ofte på tomheita og behovet for ytterlegare meir forbruk. Alle som har kjøpt ei ny datamaskin, ein ny telefon eller ny bil, veit dette.

Set vi ikkje grenser for marknaden, vil den trenge inn overalt. Det er derfor ei like viktig politisk oppgåve å sette grenser for marknaden, som det er for politikarane å sette grenser for staten. Det rommet i mellom der – det vi kallar sivilsamfunnet og den private sfære – må beskyttast og vernast. Det gjeld for eksempel i spørsmålet om fritid og søndagsopne butikkar. Det gjeld i spørsmål om reklame. Opningstider. Miljøavgifter.

Menneskeleg lukke

Alt skal ikkje teljast. Vi kristendemokratar pleier å bruke ei historie om dei to kjende økonomane Wilhelm Röpke og Ludvig von Mises. Tyskaren Röpke var kristendemokrat, medan von Mises var liberalar. Ein ettermiddag like etter andre verdskrig spaserte dei to forbi ein kolonihage i Geneve. Von Mises betrakta verksemda i kolonihagen med ei skeptisk mine og gav uttrykk for at dette var ein særs ineffektiv måte å produsere matvarar på. «Kanskje det», svarte Röpke. «Men det er også ein særs effektiv måte å produsere menneskeleg lukke på».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt