Verdidebatt

Gudstenesta som formidlingsarena

Kva skal vi finna på 11. søndag i treeiningstida når alle er på ferie og presten er aleine? Korleis kan vi laga gode gudstenesteopplevingar med enkle ressursar? Kva ønskjer menneske å oppleva når dei kjem i kyrkja?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Må Jesus stilla stormen kvar gong det er meir enn 10 barn på ei gudsteneste? Må preika forenklast kvar gong det er fire dåp? Må vi synga barnesongar som ingen lenger kan, kvar gong det er barn i kyrkja? Etter to år som prest og 13 år som lektor i ungdomsskule og vidaregåande skule har eg gjort meg nokre tankar om korleis det står til med pedagogikken i Den norske kyrkja sånn i det daglege, på travle dagar, i det vanlege livet. For ikkje lenge sidan var eg på kurs for nyutdanna prestar. Mange av prestane der sa at dei sakna det pedagogiske aspektet i utdanninga. Som lærar formidla eg kunnskap. Som prest formidlar eg noko anna. Barn må gå på skule. Men barn må ikkje gå på gusteneste. Men vi vil jo gjerne at barn skal gå på gudsteneste. Ergo; pedagogikken som reiskap til å få barn til å trivast i kyrkja, er særdeles viktig.

Som prestar kan vi stå på hovudet mens vi syng Kven har skapt alle blomane. Vi kan få med oss pedagogar, trusopplærarar og ungdomsleiarar. Vi kan dramatisera, vi kan dansa, vi kan ha det artig. Og det fungerer bra. Og vi har allereie arenaer der vi får utfolda oss slik, der vi får vist at vi er opptekne av barn, og der barn får vera med og medvirka. Kvaliteten på t.d. Lys våken-gudstenestene og Tårnagent-gudstenestene er høg, og som kyrkje skal vi vera stolt av det vi har fått til i trusopplæringa. Menigheten, både dei som går fast, og dei som følger barna på desse gudstenestene, gir god tilbakemelding. Her lykkast vi som inkluderande kyrkje, her er det plass til alle, her er det på barnas premisser – med plass for dei vaksne også.

Men så er det 11. søndag i treeiningstida. Lys våken er ikkje før desember. Tårnagenthelga endå lenger fram i tid. Det er ingen trusopplærarar i sikte, og kateketen har framleis ferie. Teksten handlar om israelsfolkets motvilje mot å lytta til Guds stemme. Og det er fire dåp. Og ein prest. Og ein kantor. Eller eit band. Og ein kyrkjevert. Og ein kyrkjetenar. Det ligg altså, ytre sett, an til ei heilt ordinær gudsteneste, der presten må gjera det meste sjølv, mens ho står i spagat mellom israelsfolket og dåpsfamilien, mellom kvalitet (fylla gudstenesta med godt innhald) og kvantitet (men det må ikkje vara for lenge). Det er mange slike søndagar, for enkelte prestar er kanskje bortimot alle søndagar slik, enten det heiter ellevte søndag i treeiningstida eller Lys våken. Kva kan vi prestar ta med oss frå pedagogikkens verd og inn i gudstenesta? Min påstand er at det vi tenker på som viktig – enten det er barnegudsteneste eller vanlig gudsteneste (treng vi eigentleg desse termane?) kanskje ikkje er det dei som kjem, ser på som viktig.

Pedagogikk er så mangt. Men det er ikkje nødvendigvis at alt skal skje «der nede», på barnas nivå. Å vera pedagogisk handlar om evna til å skapa nysgjerrighet, og evna til å legga fram det ein vil formidla, på ein måte som gjer det interessant (difor heng retorikk og pedagogikk også saman). Ikkje minst handlar det om å løfta barns forutsetningar for kva dei er i stand til å ta imot. I kyrkjerommet ligg alt til rette for å skapa nysgjerrighet, for orda som blir høyrt, men like mykje for rommet vi er i, for tinga vi gjer, for det som blir sett og det som blir gjort. Kva stader blir det elles tent lys – mange små lys rundt eit stort lys, forma som ein jordklode? Og kva andre stader får små barn vatn på hovudet? Kva andre stader kan ein høyra så høg musikk (kanskje på Mini-øya)? Kva andre stader syng vi saman og ber? Kva andre stader står vi i kø for å få brød og vin? Alt vi gjer i kyrkja; liturgien, songen, det vi festar blikket på, har jo si kjelde i ein pedagogisk tankegang, så vel som ein teologisk? Før var kyrkjene fylt med fresker på veggane i skipet, slik at dei som ikkje kunne lesa, skulle kunna sjå bibelforteljingane (ein slags oldkyrkjeleg Power Point, altså). Martin Luther nummererte og forkorta, så det skulle vera mogleg å forstå. Petter Dass skreiv på rim så det skulle bli lettare å hugsa.

Kva kan vi gjera i dag? Min påstand er at kvalitet og pedagogikk handlar om å ivareta eit heilskapleg syn på gudstensta. Fordi; det vi gjer i ei gudsteneste, kan like godt fanga merksemda til ein fireåring som ein femtiåring. Det vi gjer i gudstenesta – og det som skjer i gudstenesta, kan like godt fenga ein femtenåring som ein åttiåring. Vel å merka om ein gjer det på ein formålstenleg måte. Kyrkjefaderen Augustin snakka i sin retorikk om å «movere». Eg trur dette ordet er det heilt sentrale stikkordet for all gudstenesteplanlegging og gjennomføring. Difor begynner vår gudsteneste 11. søndag i treeiningstida allereie heime hjå familien Hansen på dåpssamtale; når vi snakkar med storesøster til dåpsbarnet, når vi diskuterer oppussing, når vi snakkar om kor utruleg slitsomt det kan vera å vera mor, når vi snakkar om uroa for barnehageplass (og sjølvsagt om dåpen, om nåden og om barnets plass i Guds rike). Og så held det fram i våpenhuset 11. søndag i treeiningstida kl. 10.55. Når storebror får bera korset, når bestemor fortel om den gamle dåpslua. Når onkel kjem for seint og blir tatt godt i mot av kyrkjeverten. Og så held det fram når vi går inn saman medan vi syng ein salme med ein kjent melodi som menigheten har fått beskjed om at står på nr. 320.

Duoen Erik og Kriss syng i ein av sine sommarhits frå 2017: «Det er alle de små tingene som gjør livet stort». Slik er det i kyrkja også. Det er summen av det dåpsfamilien, og menigheten elles, opplever, som avgjer om gudstenesta blir ein stor opplevelse eller ikkje. Difor må presten gjera som alle lærarar veit dei bør (men ikkje alltid gjer, meg sjølv inkludert); møta opp i god tid, ha tid til litt small talk med dåpsfamilien og ha ro og tid til å hjelpa den litt nervøse niesa på 15 som skal lesa bibelteksten under dåpen. Vi må vera ferdig med oss sjølve i god tid, slik at vårt fokus som prestar kan vera på menigheten. Vi må hugsa at vi skal movera. Gjennom veremåte, gjennom liturgi, gjennom bibellesing, gjennom preken, gjennom dramaturgien skal vi movera. Og kva skal vi movera til, eller mot? Jau, det er nattverdbordet. Min jobb som prest er, etter mi meining, at alle som er der, anten dei er der ofte eller sjeldan, skal kjenna at kyrkja er ein heim. Då må vi som kyrkje i 2017 ta nokre grep. Her er tre enkle tips til ein god totalopplevelse:

Det er fint å annonsera første salme under informasjonen før bønneslag og prosesjon. På den måten har alle same føresetnad for å delta heilt frå starten. Det er ikkje lenger opplagt at det for dei som er der, er ein samanheng mellom numra på veggen og den raude boka (og er det eigentleg så rart?).

Det er fint å læra litt av liturgien utanat slik at vi kan legga vekk boka av og til. Petter Dass meinte det var viktig å kunna ting utanat. Sikkert fordi mangelen på bøker var meir prekær i 1680 enn i 2017. Men kanskje ikkje berre difor. Ingen moverer tilhøyrarane ved å sjå ned i ei bok.

Det er fint og viktig å vera fokusert. Å ha gudsteneste er å vera skikkelig «på» i minst (og kanskje max) 60 minutt, til nød 75 når det er fire dåp). Kanskje er det ein grunn til at ein skuletime aldri varer meir enn 60 minutt? I klasserommet foregår den beste og mest dynamiske undervisninga når vi kastar ball med elevane. Vi kastar ikkje ball i kirka på same måte. Men kommunikasjonen og samspelet mellom prest og menighet er likevel avgjerande for både prestens og menighetens totalopplevelse. Gudstenesta har ein leiar, og den leiaren er presten. Når vi som prestar står framme og leier gudstenesta, kviler det difor ein del forventningar til oss; til kroppspråk, bevegelse og stemmebruk. Det er ikkje noko hokus pokus, det handlar berre om enkle grep som gjer gudsteneste til gudsteneste. For: vi kan ikkje stå på hovudet og stilla stormen kvar søndag. Vi kan ikkje ha med matboks og fem brød og to fiskar kva søndag. Vi får ikkje til å ha barn som dramatiserer kvar søndag. Men det vi kan få til kvar søndag, er å føra vaksne og barn inn i det dramaet som gudstensta er. Det har ikkje noko å gjera med korleis vi er som personar. Det handlar om medvit og planlegging, fokus og nærvær. Kanskje er det slik: Om vi klarer å bruka alle dei reiskapane vi har for å laga ei gudsteneste som kan engasjera både store og små, så kan vi godt tala om israelsfolket som snur seg bort, om falske profetar eller om andre vanskelege tema. Erfaringa mi var at det gjekk fint fordi resten av dei 50 minutta blei barna sett og møtt, dei fekk delta, dei fekk praktisera tru.

Dette handlar om å halda på vår eigenart og våga å tru at dei som kjem, synest det er flott å vera med på noko som er heilt annleis! Kanskje synest barna til og med at det er godt å komma til ein stad der det ikkje handlar om å prestera, visa seg fram og få applaus, men om å skapa noko saman i eit fellesskap? Kanskje kan kyrkjerommet på den måten også bli ein fristad og ei omvendt-verd? For var det ikkje ein som sa at Guds rike høyrer barna til?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt