Verdidebatt

Den norske kyrkja: Å møte framtida

I løpet av ein generasjon har kristen tru blitt marginalisert i mange miljø. Min generasjon kristne leiarar har ikkje makta å bygga ein folkeleg, robust, livskraftig kristen spiritualitet som er i stand til å føra meiningsfulle samtalar med eit stadig meir sekulært storsamfunn. Vi har ikkje vore i stand til å erstatta ein pietistisk trus- og livsstilstradisjon med ei utadvend, frimodig, tydeleg og verbal kristen trusutøving.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For noen veker sidan skreiv eg ein artikkel i Dagen om rekruttering til prestestudiet. Der peikte eg på korleis studiet strevar med tilgang på engasjert ungdom, og at det  -  med rette eller urette – heng saman med dets image (det biletet folk har av det) og dets innhald (kva ein faktisk lærer) .

Denne utfordringa kan ein sjølvsagt ikkje sjå isolert. Mange opplever at i  løpet av ein generasjon har kristen tru blitt marginalisert i mange miljø. Min generasjon kristne leiarar har ikkje makta å bygga ein folkeleg, robust, livskraftig kristen spiritualitet som er i stand til å føra meiningsfulle samtalar med eit stadig meir sekulært  storsamfunn. Vi har ikkje vore i stand til å erstatta ein pietistisk trus- og livsstilstradisjon med ei utadvend, frimodig, tydeleg og verbal kristen trusutøving.

I tillegg slit vi med ei stadig aukande oppsplitting i fleire og fleire mindre grupper, der målet for mange er å ta avstand frå profil, standpunkt eller teologi hos andre.

-Det får då vera måte på negativitet, tenker du kanskje, og peiker på at vi trass alt opplever blomstrande menigheter, dynamisk karismatikk, kreative liturgiske løysingar både innanfor og utanfor Den norske kyrkja, for ikkje å snakka om levande diakonal tru og praksis som i Korsvei og Changemaker, eller ein veksande retreat- og pilegrimpraksis.

Like fullt meiner eg at ei ærleg og openhjartig analyse vil visa at truleg var den anglikanske biskopen Stephen Croft si åtvaring til kyrkjemøtet i 2009, meir realistisk enn dei fleste tenkte: ‘Det tar tre generasjonar å missa eit folk. Ta dykk i vare. For du oppdagar det ikkje før det er for seint!’ sa han.

Eg trur ikkje det er for seint. Den norske kyrkja har gjort mykje godt og systematisk arbeid for ikkje å missa folket. Men dagens statistikk, og alderssamansetjinga av dei som regelmessig går til gudsteneste, peikar på tydlege trendar.

Elefanten i rommet
Vidar Bakke ga ein interessant respons på artikkelen min. Han skriv at ein kan ikkje tala om sviktande rekruttering til teologisk utdanning i Den norske kyrkja utan å tala om elefanten i rommet: Homofilispørsmålet – eller meir presist, kyrkjas vedtak om to likestilte syn på samkjønna samliv og vigsel.

Det er utan tvil ei viktig enkeltsak. Men dette spørsmålet har fått ein for stor plass. Det aleine kan ikkje forklara sviktande rekruttering . (Når den katolske kyrkja i store delar av Europa opplever prestekrise, har neppe med dette å gjera). Mi oppfatning er heller at striden om denne saka langt på veg  hindrar det viktige arbeidet med å finna gode strategiske val for vegen fram som kyrkje i det 21. hundreåret, og lammar det nødvendige arbeidet med å skjøna den tida vil lever i – og med å arbeida systematisk med å finna nye, post-pietistiske, men likevel pedagogisk tydelege, måtar i leva ut eit kristent disippelskap. (Her har Vidar Bakke sjølv levert eit flott bidrag gjennom boka han har skrive, der han viser korleis ein kristent livsmønster kan prega eit menneskes liv og kvardag i dagens verden! Vidar bakke: Disippelrytmer. Håndfast hjelp til et slitesterkt trosliv, Luther 2017).

Felles strategiske mål
Poenget mitt her er følgande: Som kristne og som kyrkje i Norge treng vi foreta eit ærleg analytisk arbeid, og ta noen viktige strategiske val for kyrkja sin veg framover – for å unngå at Stephen Croft si åtvaring for snart  ti år sidan skal visa seg å slå til.

I byrjinga av oktober i 2017 hadde Stavanger bispedøme og NMS besøk frå vennskaps- og samarbeidsbispedømet Carlisle  i England. Der har dei over lang tid opplevd kyrkjeleg tilbakegang – så lenge at det vaks fram ei tru om at det var uavvendeleg. Det er bakgrunnen for at ein der har utvikla noen enkle men krevjande, strategiske mål for arbeidet. Det er å arbeida for:

·         Invitasjonskultur: For det første har bispedømet som målsetting at alle som bur i bispedømet innan 2020 skal bli møtt av ein invitasjon om å komma til kyrkja.

·         Mangfald: Ein oppmuntrar til mangfaldige gudstenester – også til fellesskapsbygging rundt heilt andre ting enn den klassiske gudstenesten kl. 11 søndag føremiddag; (f eks pub-feiring; sykkel-frokost kl. 0800 søndag før tur; fjellvandringsgruppe med innlagt gudsteneste osv).

·         Opplæring  ikkje bare av  barn og unge, men av alle medlemmer, slik at dei kan setta truverdige og kvardagslege ord på trua, og invitera andre til tru.

·         Diakonalt nærvær: Opplæring til å visa i dagleglivet at å vera disippel er å bry seg om naboen, gata du bur i og lokalsamfunnet du er ein del av.

·         Ungdomsarbeid og rekruttering: Å styrka ungdomsarbeidet, som var bortimot nede, og å ha det som grunnlag for rekruttering. Det skjer m.a. i samarbeid med NMSU.

Alt dette skjer i ei grunnleggande økumenisk ånd. Det er inngått avtalar mellom alle dei historiske kyrkjene om felles mål, fellesgudstenester, gjensidig anerkjenning trass i historiske og teologiske skilnader, (f eks i syn på samliv), utan at ein dermed tar bort truas brodd eller overtydingas tyngde.

---

Den norske kyrkja verken skal eller kan kopiera andre sin måte å arbeida på. Heller ikkje kan ein utan vidare overta andre sine strategiar. Men i arbeidet med å finna vår veg i møte med ei krevjande samtid og ei usikker framtid, har vi stadig mykje å læra av andre kyrkjer sine erfaringar. Dette blir ikkje mindre viktig av at kyrkja også står midt oppi store økonomiske, administrative og organisatoriske endringar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt