Verdidebatt

«Bløffen om overrislingseffekten».

Vil skattelette for dei største formuene vere bra for samfunnet, slik mellom andre den norske regjeringa hevder- og praktiserer?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er lite som taler for dette, og ein professor ved universitetet i Lille, Jean Gadrey, kalla nyleg slike påstandar for «Bløffen om overrislingseffekten (La fable du ruissellement) i ein kommentar i det franske tidsskriftet Politis (nr 1472).

Han kler effektivt av dei som prøver å rettferdiggjere dei skattelettene som også Macron-regjeringa i Frankrike no gir til dei rike. Parallellen til det som er den norske regjeringa sin politikk her til lands, er ikkje vanskeleg å sjå.

Gadrey skriv mellom anna at «Dei nyliberale, oligarkiet som er ved makta, og deira støttespelarar i dei store media, har i fleire tiår på villeiande vis brukt metaforen om overrislingseffekten for å rettferdiggjere den uanstendige opphopinga av rikdom hjå dei svært rike midt i ein «osean av fattigdom og utryggheit».

Han siterer ein redaktør i den franske mediekanalen BFM, Nicolas Doze, som eksempel på ein som i det siste ivrig har forsvara denne myten. Doze vedgår utan å blunke at den aktuelle politikken i Frankrike går ut på å gi endå fleire og store gåver til dei rike, men han meiner altså at dette er ein svært bra politikk. Korleis? «Den einaste måten å skape rikdom på i eit land, er å ha rikingar»... «La dei som har kapital gjere som dei vil...Det vil vere bra for alle, fordi då vil rikdomen som er skapt av dei rike, som investerer og stimulerer veksten, «overrisle» heile samfunnet». Slik prøver altså Doze å forsvare denne overrislingsbløffen.

Gadrey har ei heilt anna historie å fortelje: Politikken med å gi store gåver til dei rike og til dei store konserna, kom i stor skala i gong i 1990-åra og særleg etter år 2000, gjennom reduksjonar i skattelegginga på dei høge inntektene og på overskotta i konserna. Det er snakk om skatteletter til dei superrike og til bedriftseigarane i sum på fleire titals milliardar euro pr år, og det i aukande grad dei siste tjue åra.

Gadrey spør så om vi i denne perioden har sett noko av den påståtte «overrislingseffekten» frå dei rike til resten av samfunnet, med reduksjon i fattigdom og ulikskap. Han svarer at det faktisk er det stikk motsette som ar skjedd. Særleg børs- og finanskapitalen orienterer seg i sterk grad mot finansinvesteringar som igjen ofte er med på å skape børs-bobler i staden for å skape varige arbeidsplassar i realøkonomien.

I fylgje IMF, Det internasjonale pengefondet, så har investeringane i eurosonelanda falle med 24% av BNP i 2007, og med 19,9 % i 2016. Og dette trass i at dei superrike og bedriftseigarane nesten over alt i denne perioden har blitt tilgodesette med «milde gåver» i form av skatteletter. Gadrey minner også om at IMF i 2015, pinleg nok for nyliberalistane, publiserte ei stor gransking gjort i eit hundretals land, som viste at til sterkare formuene til dei rike aukar, til svakare er veksten i økonomien (altså minkande overrisling)! I tillegg kom OECD, som ikkje kan skuldast for å vere særleg venstreorienterte, med ein stor rapport som dei ga tittelen «Kvifor mindre ulikskap er bra for alle».

Gadrey konkluderer derfor med at det verken i Frankrike eller i dei fleste andre rike landa, er slik at vi ser ein overrislingseffekt av rikdom ovanfrå og nedover i samfunnet. Rikdomen blir tvert i mot pumpa oppover til dei rike. Dette fordi «styrkeforholdet er ubalansert i favør av dei dominerande aktørane i kapitalismen». Bløffen om ein overrislingseffekt ovanfrå og nedover, har berre som funksjon å skjule dei strategiane som blir brukte av dei superrike for å tilrane seg rikdom, avsluttar Jean Gadrey.

Den nyliberalistiske frihandelspolitikken som også den sittande norske regjeringa ivrar for, vil berre forsterke dette ubalanserte styrkeforholdet i favør av kapitalflyttarane. Dei er altså reine bløffmakarar dei som prøver å få oss til å tru at overrislingseffekten vil føre til at alle vil tene på dette. Det at Norge inngår mange bilaterale frihandelsavtalar, og kanskje også snart vil signere den svære TiSA-avtalen, er derfor ledd i ei farleg utvikling.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt