Terje Marøy

13    91

Meiningslaus eldre-diskriminering

I dag sa eg opp stillinga mi i kommunen, men held fram arbeidet.

Publisert: 12. okt 2017 / 296 visninger.

Eg er pensjonist, og har overlevd arbeidslivet. Kjekt berre det. Som dei fleste pensjonistar har eg det svært bra, slik at åtgjerder i politikken gjerne må lyfte fram dei unge.

Men eg opplever og ei meiningslaus, og for kommunane ei kostnadsdrivande, diskriminering.

Attåt pensjonen er eg personleg assistent i to assistanseordningar for funksjonshindra. Den eine i den ideelle borgarrettsorganisasjonen ULOBA SA, og den andre i ein kommune. Til saman blir dette rundt 40 prosent på årsbasis.

Eg har pensjonsrettar både i KLP og Statens pensjonskasse. Og her oppstår tøvet.

Om eg held fram arbeidet i kommunen, blir eg trekt i pensjon. Derimot kan eg fritt halde fram utan nokon økonomiske konsekvensar i ULOBA SA. Same om eg hadde jobba i ei kommersiell  verksemd.

No er assistentyrket lågtløna, slik at eg i kommunen kan gå over på pensjonistvilkår utan store skilnaden. Men om eg hadde vore høgt løna spesialarbeider, vil ikkje pensjonistvilkåra vera i nærleiken av vanleg lønsnivå.

Stendig må kommunar kjøpa dyrt frå bemanningsbyrå, for å dekkja opp kritiske funksjonar innan helse, sjukepleie og sikkert andre tenester. Samstundes fins pensjonistar klare til å hjelpa bort kriser.

Ein attgangar er turnus med helgearbeid. Mange pensjonistar er i stand til å fylle både lækjar- og sjukepleievakter i helgene om dei får lov. Men det kostar dei pensjonen, som dei sjølve har spart opp gjennom eit langt yrkesliv. Om dei same derimot arebeider i private institusjonar, eller for private leverandørar, kan dei jobbe full tid, utan trekk.

Eg skulle tru at ein kommune vil vera betre tent med kompetente pensjonistar som dei kjenner, enn folk som blir leigd inn, og der store delar av leigesummen havnar i kommersielle eigarar sine lommer.

Forklar meg gjerne logikken i slikt.

 

 

 

 

 

 

 

2 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Terje Marøy

13 innlegg  91 kommentarer

Ikkje mykje respons her ,

Publisert 5 dager siden

... men berre eit tilleggsmoment. Dei syt over lærarmangel. Men om ein dugande pensjonert lærar vil trappa ned til eitt av faga sine for å avhjelpa akutt mangel, vil ho/han mista delar av pensjonen. Tek vedkomande seg jobb i ein privat skule, skjer ingenting.

Kvifor slik i offentlege skular, med pensjon som er spart gjennom private obligatoriske innskott.

4 liker  
Svar

Lesetips

Mektig martyr
av
Åshild Mathisen
3 dager siden / 2004 visninger
3 kommentarer
Den andres lidelse
av
Ketil Slagstad
25 dager siden / 495 visninger
0 kommentarer
Morfar er bibelsmugler
av
Line Konstali
rundt 1 måned siden / 802 visninger
1 kommentarer
Selektiv historieskrivning
av
Einar Thomassen
rundt 1 måned siden / 3599 visninger
3 kommentarer
For vår jord
av
Arne Johan Vetlesen
rundt 1 måned siden / 1943 visninger
9 kommentarer
Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Johannes Taranger kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
10 minutter siden / 1092 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Islamliknende atferd
14 minutter siden / 815 visninger
Audun Wold kommenterte på
Islamliknende atferd
18 minutter siden / 815 visninger
Johannes Taranger kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
29 minutter siden / 1092 visninger
Johannes Taranger kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
38 minutter siden / 1092 visninger
Inger Marie Johnsen Aralt kommenterte på
En sjanse til Smiths venner
42 minutter siden / 6966 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Islamliknende atferd
rundt 1 time siden / 815 visninger
Joanna Bjerga kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
rundt 1 time siden / 1092 visninger
Joanna Bjerga kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
rundt 1 time siden / 1092 visninger
Isak BK Aasvestad kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
rundt 1 time siden / 1092 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Hvor ble det av Jesus?
rundt 1 time siden / 8987 visninger
Isak BK Aasvestad kommenterte på
Hvorfor blir jeg?
rundt 1 time siden / 1092 visninger
Les flere