Verdidebatt

To syn, mindre armslag

Vil kompromisset som fastsette to parallelle lærer på eit så viktig felt som ekteskapet kunna vera praktisk brukbart?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Endå så uroleg eg var over det teologisk forvirrande og lite underbygde vedtaket som i år ga Den norske kyrkja ei ny ekteskapslære, er det ikkje utan ei viss spenning eg møter denne tida no etterpå: Korleis blir det no?

For oss som stemte imot dette vedtaket, verka det nokså usannsynleg, men fleire av oss har valt å bli verande i Dnk. Kyrkja er jo heimen vår, ein heim vi ikkje berre forlèt slik utan vidare.

Etter sist Kyrkjemøte spurte eg om det ville bli meir enn eit spartansk venterom for oss som framleis vil halda fram den klassiske ekteskapslæra, og som i debatten har argumentert med at lære og liturgiar utan tydeleg Bibelsk forankring både er forvirrande og feil. «Ta rommet!» lydde det kontant og optimistisk frå folk oppover i systemet. Fleire av oss har tenkt at vi gir det eit forsøk. Kva er erfaringane etter nokre månadar med dobbeltspor i ekteskapslæra?

Sentralstyring

Den nye læra ser for det første ut til å ha skapt eit større behov for sentralstyring i Dnk. Der vi frå første Kyrkjemøte midt på 1980-talet hadde vedtak som fastsette soknet som grunneining i kyrkja, med vide fullmakter til å avgjera spørsmål ut frå prinsippet om at «alle kirkens ordninger må tjene og styrke det åndelige liv på lokalplanet», ser vi no, trass mange fine ord om demokrati, at det blir meir «top-down» styring for å få gjennomført vedtaket også der det er stor motstand lokalt. Den såkalla Nærbø-saka illustrerer dette godt, og det vert sagt frå toppleiinga i kyrkja at det ikkje er rom for lokale tilpassingar.

Den nye situasjonen kan vidare ha skapt større behov for kontroll, også på eit nokså detaljert og lokalt nivå. Eitt døme på det fekk vi nyleg i Ørsta, der den anerkjente MF-læraren Bjørn Helge Sandvei skulle bidra på eit seminar om «samkjønna samliv sett i lys av historia, kulturen og Bibelen». Men sjølv eit småskala-arrangement av denne typen, med ein svært kompetent bidragsytar, vart sett som ein provokasjon som utløyste pressemelding frå Åpen Folkekirke med påfølgande medietrykk.

Her problematiserer ein ikkje berre arrangementet, men ser seg også nøydd til å karakterisera Sandveis kunnskapar som «utdaterte», fordi dei ikkje passar inn med den læra fleirtalet i Kyrkjemøtet no har innført. Dette kan tolkast som om ein framover ser for seg alle arrangement skal ha ein viss debattprofil med begge syn representert. Det er vanskeleg å sjå at ei slik tilnærming skaper reelt rom for formidling av to ulike syn.

Utmeldingar

Kva med den nye teologiens evne til å mobilisera og skapa ny giv i kyrkja? Ved utgangen av september hadde rett under 13.000 meldt seg ut av Dnk i år. «Rekordåret» 2016 talde over 40.000 utmeldingar. Med eit snitt på litt over 250 innmeldingar per månad, er trenden
tydeleg. Dersom kyrkja blir meir attraktiv og open med ein meir «fleksibel» teologi, vert dette ikkje reflektert i medlemstal.

Utmeldingane tyder snarare på det motsette. Sjølvsagt handlar dette også om nye elektroniske utmeldingsløysingar, men det er uansett vanskeleg å lesa ut frå tala at kyrkja har fått ein større appell ved gjennombrotet for ei ny lære. Dette ser vi også i internasjonal samanheng. Tidlegare i år vart vi kjende med funna frå D. M. Haskells forskingsmateriale som over fem år har undersøkt 22 kyrkjer i Canada, og tilbakeviser teoriar om at ein såkalla opnare og meir liberal teologi skulle verka som ein faktor som fremjar kyrkjevekst. Påstandar om at den nye teologien inkluderer fleire, er dermed svært diskutabel, i beste fall kan vi seia at han kanskje
fasar inn ei gruppe og demobiliserer
andre.

Desse glimta inn i kyrkja med «rom for to syn» viser at kyrkja har blitt ein arena der evna til å gå stilt i dørene etter kvart kan bli den fremste av alle nådegåver. Færre medlemmer og stramare økonomi er også faktorar som på ulikt vis skaper mindre armslag. At kyrkja mi gjennom dei siste månadane er blitt opnare og romslegare er ikkje utan vidare ein opplagt konklusjon.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt