Kommentar

Huset for det frie ord

Ti år etter opninga er Litteraturhuset i Oslo ein hjørnestein i den opne og opplyste offentlege samtalen i Noreg. Ein smeltedigel av mangfald og kvalitet.

Det er lett å gløyme at det berre er ti år sidan Noreg fekk sitt første litteraturhus. Eg hugsar køene i opningsveka; folk stod som sild i tønne nedover trappene for å komme inn på det somme ville tenkt var arrangement for spesielt interesserte. Så populært blei huset, og så raskt, at enkelte spurte seg om suksessen kunne vare.


Ansvarleg. Men Litteraturhuset i Oslo har halde fram, rett nok ikkje utan overhengande fare. Den økonomiske situasjonen blei ikkje trygga før no i sommar, då meldinga kom om at Stiftelsen Fritt Ord kjøpte Litteraturhus-bygningen frå eigendomsselskapet Entra. Med dette oppkjøpet viste Fritt Ord seg endå ein gong som den ansvarlege aktøren dei har vore sidan oppstarten. Det var Fritt Ord som tok initiativet til Litteraturhuset i første omgang, og stiftinga har pumpa inn svært mange millionar kroner i prosjektet.
Formålet med Litteraturhuset har heile vegen vore å formidle og vekke interessa for litteratur og lesing. Dette har staben gjort på mange forskjellige måtar. Ein hovudtanke har vore å skape mangfald, både med eige program og med alle arrangementa som er i regi av eksterne aktørar.

Bygger ned tersklar. Slik har huset også vore ein sentral arena for debattar i skjeringsfeltet mellom religion, kultur og samfunn. Litteraturhuset har vore med å bygge ned tersklar, slik du på ein og same kveld kan delta på debatt om bedehuset, bli oppdatert på nyare islamforsking og høyre Erlend Loe lese frå sin nyaste roman.

Dømet er tenkt, men heller ikkje så langt frå sanninga. I fjor var det heile 1.670 arrangement av ymse slag på Litteraturhuset, i gjennomsnitt over fire per dag. Spennvidda har vore stor, men ikkje så stor at tilbodet gir inntrykk av hummar og kanari. Tvert om har det nær sagt vore mogleg å dra dit på måfå, og stort sett alltid finne noko interessant.


Apokalypse nå? Ser vi på programpostane no i jubileumshausten, har Litteraturhuset i Oslo mellom anna bydd på gratisforedrag med store internasjonale namn som Svetlana Aleksijevtisj, Arundhati Roy og Siri Hustvedt. I laurdagsserien «Apokalypse nå?» har ekspertar tatt for seg tema som klimakrisa, flyktningkrisa, fordelingskrisa og ei verd prega av krig, konflikt og terror. No i sjølve jubileumshelga er franske Édouard Louis, svenske Athena Farrokhzad og norske Kristina Leganger Iversen inviterte til å snakke om kropp og politikk.
Når det gjeld arrangement i regi av eksterne aktørar, er det om tre dagar klart for debatt om den nye trus- og livssynslova, arrangert av STL – Samarbeidsrådet for tros- og livsynssamfunn. Dagen etter samarbeider organisasjonen Menneskeverd og Oktober forlag om arrangementet «Litteratur på liv og død», ein samtale mellom Thorvald Steen og Vigdis Hjorth. Og i vår samarbeidde Oslo bispedømme og Oslo katolske bispedømme om ei rekke seminarkveldar under overskrifta «Luthers teser i vår tid?»

Jubileumsfest. Når Litteraturhuset i Oslo fredag kveld byr inn til jubileumsfest, er det grunn til å gi ein velfortent honnør til arbeidet som er lagt ned for å skape det største og best besøkte litteraturhuset i Europa. Den kompetente gjengen som første blei leia av Aslak Sira Myhre og dei seinare åra av Andreas Wiese, har lukkast i å skape ein smeltedigel av mangfald og kvalitet. Ti år etter opninga er Litteraturhuset i Oslo ein hjørnestein i den opne og opplyste offentlege samtalen i Noreg.

For det er viktig å få fram at Litteraturhuset i Oslo er meir enn eit hovudstadsfenomen. Det er ein motor for heile det norske litteraturfeltet, og ein viktig arena for å kople litteratur og samfunnsdebatt. I kjølvatnet av suksessen i Oslo har det også komme litteraturhus i fleire
andre norske byar, som til dømes Fredrikstad og Bergen.

Vital tiåring. Det er heller ikkje berre godt vaksne som legg turen innom lokala der den kristelege Oslo lærarskole huserte i gamle dagar. Tilbodet til barn og unge er også stort, noko som speglast av at ni av ti barnehagar, vel åtte av ti vidaregåande skular og sju av ti barne- og ungdomsskular i hovudstaden har vore på besøk.
Litteraturhuset i Oslo er ein vital tiåring som leikar like naturleg med folk i alle aldersgrupper. Gratulerer med dagen, og til lukke med dei ti neste!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar