Verdidebatt

Heiders­menneska

Dei som ikkje vil mista seg sjølv.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Der oppe går ein heidersmann, tenkjer eg plutseleg – til mi eiga overrasking. Sjølv for meg er ­ordet i overkant gammaldags. Når det ein sjeldan gong dukkar opp, er det gjerne i eit minneord over ein eldre, respektert mann, ein som Frank Aarebrot eller Per Fugelli.

Uthaldande

Men han som går oppover den bratte lia er framleis ganske ung. Eg er berre innom på besøk på småbruket til han og broren. Dei har gamle ku- og sauerasar, økologisk kjøkkenhage, sjølvbygd hus og lange hesjer bortetter bøane ovanfor den raude løa. (Broren har budd i Sverige, så ho er faluraud.) «Me slår med ljå for å bevara floraen i kulturlandskapet her», kjem det nøkternt. Alt rundt dei ber preg av vilje til dette eine: å ta vare på slikt som det kostar mykje krefter og ubetalt tid å ta vare på. Ein skal vera seig for å halda ut.

Det uthaldande idealet pregar samtida sterkt når det gjeld kroppane våre. Stadig fleire mosjonistar spring lange løp, som sist helg då Oslo Maraton hadde rundt 20.000 deltakarar og 75 av dei sprang ultraløp-versjonen på 73 kilometer. Uansett kva (ultra-)løparane brukar tida si på elles, er det fokuset på eigen kropp og eige sinn som skaper vinnarar. Den ­imponerande disiplinen er vendt innover.

Ikkje åleine

Småbrukaren mellom hesjene har ein annan horisont: at eit verneverdig øko­system overlever endå ein generasjon, at husdyrrasar held fram med å finnast nok ein mannsalder. Livshaldninga hans er også seig, men kanskje mest av alt raus – raus overfor det som lever rundt han og etter han. Det er akkurat då han er midt i lia at det slår meg, der han er på veg til avløysarjobben som får småbruks­økonomien til å gå rundt, med dei lengste, lettaste og raskaste stega eg har sett i så bratte bakkar: Der går ein heidersmann.

Han er ikkje åleine, og heidersmenneska er i full vigør, i motsetning til det nekrologane kan tyda på. Særleg på stader ein lett overser.

Integritet

I eit direktorat i Oslo sit ein byråkrat og skriv på eit høyringsutkast. Ho anar ikkje kor mange timar ho har brukt på det, kor mange sider ho har lese og kor mange linjer ho har skrive på nytt. Alle helgene ved PC-en er det ingen andre enn familien som ser, langt mindre statsråden som får heideren viss lovforslaget går gjennom. Frå avstand ser ho ut som nok ein seniorrådgivar i eit stort system, men på nært hald ber innsatsen hennar preg av dette eine: Ein vilje til å gjera ein forskjell for dei som treng det mest. 
Mellom linjene gløder forvaltnings­språket av brennande engasjement for at folk som lir skal få det betre. Stemma blir varm når ho snakkar om dei, og eg tenkjer: Slik snakkar ei heiderskvinne.

Slikt engasjement kan ikkje forventast, berre takkast for, men det er ein X-faktor som gjer samfunnet vårt betre. Og det treng ikkje vera reint usjølvisk, eller det motsette av sjølvrealisering og livsnyting. Småbrukarbrørne har badebrygge nedanfor våningshuset. Men den solide, seige innsatsen til heidersmenneska er knytt til tanken om kva akkurat deira liv skal bety i den store samanhengen. Det handlar om integritet. Om at det som verkeleg er viktig for dei, er det dei brukar tida på. Det handlar om å ikkje mista seg sjølv.

Redsla for å mista seg sjølv

Alle desse heidersmenneska som held på med sitt – for andre – dag etter dag: Sjukepleiaren som også denne morgonen gir rusavhengige den varmen dei skulle hatt som barn. Læraren som ikkje gir opp elevane denne hausten heller. Presten som lettar bører denne dagen også. Fotballtrenaren som nok ein ettermiddag lærer ungane kva lagånd er. Reinhaldaren som også i kveld vaskar under stolane, sjølv når ingen ser.

Kanskje treng me dei seige meir enn nokon gong. Kanskje skulle me oftare brukt ord som «heidersmenneske» oss levande i mellom. Ein kan ikkje sjå bort frå at Aarebrot og Fugelli hadde likt det. Og kanskje er det berre tre ting som skal til for å bli eit slikt menneske: trufastheit, eit blikk vendt ut frå navlen – og redsla for å mista seg sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt