Spaltist Emil André Erstad

Lærdommar frå eit norsk presidentval

Statsministerduellen gjennom valkampen skugga fullstendig for det som skal skje på Stortinget dei neste fire åra.

Publisert: 20. sep 2017 / 815 visninger.

‘Du Emil, kva saker handla ­eigentleg denne valkampen om?’

Det spørsmålet fekk eg ­fleire gonger og kvar gong syns eg det var like vanskeleg å svare. Dei innøvde svara om KrFs politikk og kvifor ein òg ved dette valet burde gje oss stemmen, vart sjølvsagt like raskt trekt fram som revolvaren til Lucky Luke.

Men utanom det var eg utan svar fram til 11. september, og sjølv ei veke etter den verste valkamptåka har lagt seg, er eg i stuss. Der tidlegare valkampar har vore prega av større tema som innvandring, skule, helse eller skatt, var denne valkampen preglaus. Den handla om alt og ingenting.

Heilt i surr

Mest av alt handla den om meiningsmålingar og spel. På enkelte ­dagar kom det så mange meiningsmålingar at det gjekk heilt i surr. Arbeidarpartiet og Høgre lukkast godt med å framstille valkampen som eit spel om den viktigaste jobben i Norge: Statsministerjobben.

Det vart framstilt som raudt mot blått. Blokk mot blokk. Som om alle eigentleg skulle ta stilling til to ferdiglaga pakkar utan alle dei nyansane som kjenneteiknar den norske partifloraen.

Eg trur eigentleg at både dei ­fleste ­veljarane og dei fleste journalistane ­visste at dette ikkje var sant, men likevel tydde ein altså til slike overforenklingar når valkampen og det føreståande valet skulle framstillast.

Speglar mangfaldet

Men det blir for lett å framstille det norske politiske systemet slik ein gjer det i USA. I Norge har vi ein partitradisjon som speglar det meiningsmangfaldet som fins her, med alt frå arbeidar- og bedehusrørsle til reiarar og miljøvernarar. Slik vert flest mogleg av haldningane våre spegla. Alle kan finne att noko av sitt i dei politiske partia.

Kvifor var det dumt at ikkje meir av dette kom fram i valkampen? Jo, fordi det er nyansane i politikken mellom partia som avgjer kva politikk som skal førast i Norge dei neste fire åra.

Vi veit at uansett kven som blir statsminister i Norge etter eit val, så vert denne tvinga til å samarbeide med parti som målbærer røster frå heile det norske samfunnet. Kven som blei statsminister vert ikkje avgjort av Ap eller Høgre sitt valresultat åleine, men ofte av kva parti som kjem over eller under sperregrensa. Det igjen vil få store utslag for kva politikk denne statsministeren må føre.

Burde blitt stilt

Spørsmåla som burde blitt stilt i all den sendetida som heller vart via endelause statsministerduellar og spørsmål om regjeringskonstellasjonar, kunne for eksempel ha vore:

– Blir det fleire lærarar i norske klasse­rom?

– Blir det meir liberal bioteknologilovgjeving?

– Blir det opne butikkar på søndagane?

– Blir det lågare tempo på oljeut­vinninga?

For det er jo desse spørsmåla dei fire neste åra kjem til å handle om, i mykje større grad enn kven som leier arbeidet på Statsministerens kontor. Det er desse spørsmåla som kjem til å få betyding for alle små lokalsamfunn rundt omkring i Norge. Rundt kjøkkenborda.

Stilling til kvar veke

Det er desse spørsmåla dei 169 representantane i stortingssalen skal ta stilling til kvar veke. Derfor burde veljarane ha blitt ­presentert for det desse representantane stod for i desse sakene og i hundrevis av andre ­saker.

Fordi det betyr noko om dei stemmer ja eller nei når voteringa startar.

Lukka får vere at vi no på ny ser ut til å få ei mindretalsregjering som må forhalde seg til eit fleirtal i Stortinget som den ikkje har full kontroll på. Det kan gjere Stortingets rolle og politikken som vert fremja der mykje meir interessant.

Resultatet kan bli at neste stortingsval faktisk handlar meir om kva som skal skje på Stortinget og mindre om kva stats­ministeren skal heite.

2 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Robin Tande kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1766 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1766 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1766 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Oase - eller religiøs villmark?
rundt 2 timer siden / 1499 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 2 timer siden / 1766 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 3 timer siden / 1766 visninger
Robin Tande kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 3 timer siden / 1766 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Bibelsk økumenisme vs skjøgekirkenes falske økumenisme
rundt 3 timer siden / 1157 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 3 timer siden / 1766 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 3 timer siden / 1766 visninger
Tore Olsen kommenterte på
22. JULI OG OPPGJØRET MED EKSTREMISMEN
rundt 4 timer siden / 1766 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Oase - eller religiøs villmark?
rundt 4 timer siden / 1499 visninger
Les flere