Verdidebatt

Ateistens verdival enda i KrF

Så er det kanhende ikkje store skilnaden mellom mitt ateistiske og Krfs kristelege syn på menneskeverdet, her på jorda.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

KONKLUSJON

Fredag morgon stemte eg KrF. Avgjerande var denne formuleringa i parti-programmet: "Tiltak for mennesker med nedsatt funksjonsevne bør regnes som likestillingstiltak, ikke som en del av helsetjenesten." Slik lyftar dei grunnleggjande borgarrettar ut av kvelande helse- og omsorgstenking, til eit spørsmål om å stogga diskrimineringa av den siste legalsegregerte del av folket vårt.

Neidå, eg er usams med KrF i mykje, ikkje minst Midt-Austen-politikken deira som eg tykkjer er hinsides fornuft. Men eg har tillit til politikarane deira i verdispørsmål. Ideen om menneskeverd er universell, så slik skil det lite mellom mitt ateistiske og Knut Arild Hareides kristelege syn på menneskeverdet. Jfr mi utlegging av mennesket i "skaparverket" på framsida til http://stigmavakta.no

VALETS KVAL
I år leid eg valgets kval. Raudt utfordrar sperregrensa. SV ser ut til å klara seg, om dei kvittar seg med Kristin-syndromet. (Ho, Sigbjørn Johnsen og Jonas Gahr Støre i regjering var eit mareritt for funksjonshindra). Begge dei nemnte partia står meg nærast i det politiske landskapet, og tidvis har eg stemt på dei båe.
Men eg er ikkje trygg på det raudgrøne menneskesynet. I regjering ville dei annullere ordninga med brukar-/borgarstyrt personleg assistanse BPA ved å omdefinera den. So langt gjekk kampen mot funksjonshindras jamstelling, at dei ville rasere tariffavtalane for personlege assistentar, som ville øydeleggja ordninga gjennom rekrutteringsstans. Me skulle få tariffløn ved assistanse i heimen, men redusert løn så fort assistansen skjedde utanfor døra, der BPA skulle erstattast med støttekontakt. Dei la og ned spleiselaget som låg i særfrådraget. Utgifter knytt til kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetjing var delt med 28 % av det offentlege (særfrådraget) og 72 % eigenbetaling. Når dei attpåtil ville segregera funksjonshindra med assistansebehov til heimkommunane sine, vart eg beint fram dårleg.
Slik ser ein at fordomar knytt til 9000-årsnatta (tida med utanforskap for funksjonshindra) enno lever, midt blant oss på venstresida som overfor alle andre slitne grupper vil syna solidaritet. Framleis veit vi ikkje ein gong kor mange som vart avliva i kampen mot "minusvariantar" før, under og etter krigen.
No vonar eg at formuleringa til KrF kan varsle ei ny tid, kan hende ser me at 9000 års natt går mot ny dag, der funksjonshindra blir lyft fram og får utfordre seg sjølve på talent, evner og interesser, lik resten av oss innbyggjarane i verdas beste land (for dei privilegerte blant oss).

BAUTAER I FLEIRE PARTI
Ein stemme på KrF vil og trygge Erna Solberg og Bent Høie sine taburettar. For funksjonshindra er dei bautaer. Kvittar dei seg med Sylvi Listhaug, så kan vi jamvel få ei samlande regjering i verdispørsmål.
Same kan jamvel seiast om Martin Kolberg (AP), ein bauta for funksjonshindras menneskeverd. Men flokken hans er ikkje heilt der enno.
Kari Kjønaas Kjos i FrP er kanhende den beste av dei alle, men FrP blir for langt frå meg i andre viktige saker. Men ho syner at det er mykje bra på tvers av partiskillene.

FRAMLEIS RAUD
Jau, eg er litt bitter. Eg har vore fagorganisert i 48 år, og gått i solidaritetstog for mange gode saker, både 8. mars og 1. mai, og mangt i tillegg. Aldri har eg fått ein slik trynskrell frå mine eigne, som då LO ikkje ville meina noko om lovfesta rett til BPA; sjølve grunnlaget for jamstelling, utdanning og arbeid. Difor har min eigen flokk ein lang veg og gå før me får truverde i jamstellingspolitikken. Vona er at me går gjennom flokkens verdisyn, slik at me kan kvitta oss med blått styre ved neste val. Største oppgåva er mot til å sjå oss i spegelen.

GODT VAL

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt