Verdidebatt

Mange truslar, men éi felles årsak

Innvandring gir problem og press på alle samfunnsområde. Ikkje vestleg innvandring, særleg frå muslimske land, er i tillegg ein direkte trussel mot velferdsstaten og tillitssamfunnet. Knapt noko sak er like avgjerande for framtida vår. Derfor er det feigt og farleg når mange politikarar og parti av taktiske grunnar vil feie ho under teppet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har stort sett slutta å skrive på Verdidebatt, men vil gjere eit unntak i høve stortingsvalet. Dette innlegget vart først publisert på document.no 6. september. Her har eg sett inn undertitlar og forandra eit par formuleringar:

Vi har det godt i Noreg, men stabiliteten og velferda vår er meir trua enn dei fleste er klar over, og utviklinga går gal veg. No før valet vil regjeringa gjerne framstille alt som rosenraudt, medan opposisjonen svartmalar det meste. Verken det eine eller det andre er dekkjande for situasjonen i dag, men opposisjonen kan fort få rett når det gjeld framtida. Paradokset er likevel at det er deira politikk som først og fremst vil gi store problem på dei fleste samfunnsområde. Forklaringa ligg i at dei jamt over har ei meir liberal haldning til innvandring, som skaper press eller gir problem innanfor alle sektorar av samfunnet.

Folkevekst til ein kostnad på 7680 mrd

Ei viktig årsak til dette burde det ikkje vere vanskeleg å bli samde om, for ho handlar om vidare, sterk befolkningsvekst. SSB har spådd at folketalet i Noreg vil auke til 8,5 millionar før neste hundreårsskifte, sjølv om nettoinnvandringa minkar frå 40 til 26 tusen i året. Ein slik folkeauke på 64% vil krevje ei investering i infrastruktur på 7680 mrd (nasjonalprodukt på 3000 mrd x 4 x 0,64), dvs like mykje som dagens oljefond, for å skaffe nok bustader, skular, sjukehus, sjukeheimar og kommunikasjonar mm til ei større befolkning. Men desse investeringane må takast frå vanlege inntekter, for Statens Pensjonsfond, Utland som Innland, trengs nettopp til pensjonar og er alt disponerte. For å greie dette, må andre utgiftspostar på statsbudsjettet skjerast ned med til saman 100 mrd i året.

8 millionar på sveltekur?

Det bør heller ikkje vere usemje om at matforsyninga blir meir sårbar med 3,3 millionar fleire munnar å mette. Utgangspunktet vårt er ei sjølvforsyningsgrad på berre 40%, men i tillegg  eksporterer vi sjølvsagt mykje fisk. Men både svin, fjørfe og oppdrettslaks lever i stor grad på importert kraftfôr, som er ein usikker ressurs i ei verd med klimaproblem og fare for allmenn matmangel.

Innvandring som miljøproblem

I den grad klimaproblema er menneskeskapte, vil folkevekst forsterke dei, særleg viss millionar flyttar frå land med små, til land med større utslepp per innbyggjar. Slike folkevandringar vil også minske incentivet for befolkningskontroll i u-land. Uavhengig av dette pliktar vi å feie for eiga dør når det gjeld forureining og overforbruk

Føresetnader for velferdsstaten

Økonomisk tryggleik ved sjukdom, uførleik og alderdom er ein viktig del av velferdssamfunnet, men avhengig av høg sysselsetjing og sikre skatteinntekter. Med oljealderen på hell vil finansieringa vere endå meir avhengig av ei godt kvalifisert og yrkesaktiv befolkning. Innvandrarar frå ei rekkje land, i hovudsak muslimske, manglar ofte spesialkompetanse for arbeidslivet vårt eller tek i liten grad del i det, særleg etter fylte femti år. Dette er grundig dokumentert av Frischsenteret og SSB.

Ikkje-vestleg innvandring krev mykje av undervisnings- og helsesektoren

Innvandring frå u-land krev også ekstraordinær innsats på undervisnings- og helsesektoren.  Innvandrarane må lære seg norsk frå grunnen av, nok allmennkunnskap til å greie seg i samfunnet og treng yrkesopplæring tilpassa arbeidslivet vårt.

Fleire har alvorlege infeksjonssjukdomar som HIV og tuberkulose eller ber med seg multiresistente bakteriar, t.d. etter besøk i fødelandet. Visse innvandrargrupper er i tillegg sterkt disponerte for diabetes. Større risiko for psykiske problem kan skrive seg både frå traumatiske opplevingar, tap av kjent miljø og status, og tilpassing til nytt land og nye skikkar.

Valdskriminalitet og terror

På kriminalstatistikken er særleg innvandrarar frå muslimske land sterkt overrepresenterte. For valdsbrotsverk, rubrisert etter opphavsland, tek desse sju av dei åtte øvste plassane på statistikken, sjølv etter korreksjon for alder, kjønn, bustad og yrkesaktivitet. Jamt over er dei tre gonger så valdelege som nordmenn.  Dette gir ekstra påkjenning for politi, domstolar og fengselsvesen og meir utryggleik for heile befolkninga. I tillegg kjem frykt for terroråtak frå ekstreme islamistar, noko som aukar behovet for kontroll, overvaking og sikringstiltak overalt i samfunnet.

Mot svart økonomi styrt av klanbasert mafia

Økonomisk kriminalitet er noko jamnare fordelt mellom innvandrargrupper, men også langt meir vanleg. For m.a. transport-, restaurant- og bygningsbransjen er det i ferd med å utvikle seg ein svart økonomi, iallfall i dei største byane.  Seriøse firma som betalar skatt og arbeidsgjevaravgift blir utkonkurrerte, og mafia frå klansamfunn tek over. Fellesskapet misser kontroll og skatteinntekter.

Økonomisk lagdeling etter etniske skilje er farleg, men uunngåeleg    

Dei nordiske nasjonane har vore etnisk og kulturelt homogene og i moderne tid også utan større økonomiske skilje. No er dei pga innvandring i ferd med å bli multikulturelle statar med ei økonomisk lagdeling som delvis fell saman med etniske og religiøse skilje. Både historia og samtida har vist at dette er ein farleg miks, men vanskeleg å unngå sjølv for rike skandinaviske velferdsstatar. Ikkje eingong dei har finansar som kan utlikne store inntektsforskjellar mellom ulike grupper og individ; ikkje fullt ut no og i endå mindre grad for all framtid.

Mange muslimar er vanskeleg å integrere

Islam er ein dominant religion, og muslimane som kjem hit har ikkje erfaring frå eit liv som minoritet. Konfliktflatene er derfor mange både med kristen og sekulær kultur. Muslimske innvandrarar samlar seg i endå større grad enn andre i segregerte bustadområde, og nordmenn med barn i skulealder flyttar ut. Også religiøse påbod om ekteskap og press om ekteskapsvisum frå slektningar i opphavslandet hindrar sosial integrering.

Eit rike i strid med seg sjølv, vil ikkje bestå 

Men innvandringa fører også til store konfliktar mellom nordmenn, fordi somme applauderer eller bagatelliserer prosessen, medan andre på eit eller anna tidspunkt har fått auga opp for dei uløyselege problema han vil føre til. Til barnelærdommen høyrde før bibelordet om at eit rike som kjem i strid med seg sjølv, ikkje vil bestå. No synest sjølv kyrkjeleiinga å neglisjere denne sanninga. Dessutan har den fjerde statsmakt, media, stort sett blitt ein aktør og propagandist for nasjonal sjølvutsletting, slik at delar av folket vert forført. Påverknaden er for massiv til at spede enkeltstemmer blir høyrde i særleg grad.

Viss nasjonalstaten skal unngå banesår, må vi protestere no

Men kvart fjerde år har vi eit val. Vi kan då røyste på eitt av dei mange partia med ein innvandringspolitikk som vil øydeleggje landet, eller vi kan i protest røyste på Framstegspartiet, same kva vi måtte meine om resten av programmet deira. Det meste av politiske feilgrep kan rettast opp, medan innvandringa neppe let seg reversere. Får FrP stor nok framgang, vil politikarar i andre parti raskt skifte standpunkt. Mange er dessverre meir redde for pressa, partiet og eigne posisjonar enn for framtida til nasjonen.

Innvandring handlar i liten grad om å hjelpe flyktningar

Men handlar ikkje innvandring om å hjelpe enkjer og farlause, fattige og flyktningar? Nei, berre i liten grad. 40% er familieinnvandrarar, og dei fleste andre er unge menn som er rike nok til å betale kyniske smuglarar. Dei færraste 'flyktningar' er personleg forfølgde, slik Flyktningkonvensjonen definerer ordet. Krigsflyktningar har sjølvsagt også krav på asyl, men berre i næraste trygge land, og sjølv ikkje der for all framtid. Til overmål er menneskerettane skrivne for å sikre folk mot overgrep frå eigne styresmakter; ikkje for å gi dei rett til statsborgarskap i andre land. Dette er elementære fakta og statsrett som media, hjelpeorganisasjonar og politikarar flest underslår.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt