Verdidebatt

Tettare på livet

Som kristen har eg ikkje eit abortsyn. Eg har først og fremst eit livssyn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein ung KrF-politikar på nordvestslandet vart nyleg «køyrt til veggs» i ei utspørjing i valkampen. Kva meiner han om abort – slik eigentleg? I ein valkamp prega av verdispørsmål, skulle ein tru det var rom og takhøgd, både for å tenka seg litt om og for å gje eit sannferdig svar på eit viktig spørsmål. Talande i så måte er at han både får kritikk for å nøla og for å gi eit klart svar. For det gjorde faktisk Tore Storehaug, KrFs førstekandidat i Sogn og Fjordane.

Motstanden han møter er av det ­tradisjonelle slaget. Det er kanskje lettare for meiningsmotstandarar å forholda seg til teoretiske formuleringar av ­typen ­«restriktivt abortsyn» eller «opplever abort som eit relativt krevjande etisk spørsmål», enn at han rører ved realitetane.

Ulne formuleringar

Det er eit paradoks at politikarar skal kunna «ha» eit synspunkt, men få kritikk for å stava det ut i klartekst. Då har vi som samfunn ­fjerna oss langt frå idealet om fri og open ­meiningsutveksling. Dersom synspunkt og verdiperspektiv må pakkast inn i ulne formuleringar for å passera, har vi rota det offentlege ordskiftet bra til for oss.

Folk skjønar vel at alle vi som meiner som Storehaug – at abort er vanskeleg, meiner det av ein grunn. Har ein det synet at livet startar når eit barn vert unnfanga, ja, då er det jo for så vidt det same kva ein kallar det, det er jo realiteten bak orda våre som er viktig og som gjer at vi i det heile reknar abort som eit etisk dilemma.

Abort er eit ord vi har vent oss til, for mange er det ein rett, ein indikator på eit fritt og moderne samfunn. Abort er å ta liv, meiner Storehaug, og når dette utløyser ein storm av reaksjonar blant politikarar og andre, kan det vel ikkje handla om at ingen visste kor KrF-profilen stod i abortspørsmålet frå før?

Fosterreduksjon

Problemet kjem fordi han seier det. Eller kanskje fordi han er villig til å stå for det? Eller er det ordvalet som er problemet? Teoretiske omskrivingar fjernar oss fort frå det saka eigentleg handlar om; det er eit merkeleg uhyggeleg omgrep som «fosterreduksjon» eit anna eksempel på. Språket bør hjelpa oss til å skjøna meir, det skal ikkje vera ein reiskap til å maskera praksisar og fenomen vi er ukomfortable med.

Dei som reagerer med sinne og kvalme på at ein politikar uttrykkjer eit synspunkt i klartekst i staden for å pakka det meir inn, bør snarast forklara oss andre kvifor eit synspunkt er meir akseptabelt om ein kler det reelle innhaldet opp i ei viss verbal drakt. På det operative nivået bør ein for lengst ha stilt seg spørsmålet kvifor det finst mange som meiner, slik Storehaug gjer, at abort er svært problematisk. Vi ville ikkje hatt ein smertefull abortdebatt dersom ingen såg på abort som nettopp å ta eit liv.

Men som kristen har eg ikkje eit abortsyn. Eg har først og fremst eit livssyn. Eg ønskjer å verna om livet frå start til slutt. Eg drøymer om at fosteret får ­rettar. At også dei minste menneska får den mest fundamentale og sjølvsagde av alle ­menneskerettar: retten til liv.

Null relevans

Eg tykkjer framleis det er merkeleg å høyra meiningsmotstandarar kritisera folk som Storehaug for å høyra til i ei anna tid. I kva grad synet hans er «gamaldags», eller om venstresida vurderer vern av dei svakaste i samfunnet som «reaksjonært», har faktisk null ­relevans for dei etiske perspektiva i abortspørsmålet. Det er rett og slett overflatisk argumentasjon. Vi lærer stadig meir om livet i livmora og om fosteret si makelause reise frå sitt gåtefulle utspring.

Kunnskap om og omsorg for den som ikkje er i posisjon til å forsvara seg sjølv bør få meir rom i debatten knytt til abort. I eit samfunn der det å vera open vert løfta fram som ein viktig verdi, hadde det vore fint å sleppa å få framstilt livsviktige etiske problemstillingar gjennom tilslørande­ ­retorikk. I denne saka er det nemleg ­avgjerande å komma tettare på livet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt