Verdidebatt

Om sikre og usikre kort på valdagen

KrF sin stemmesetel er kanskje det einaste kortet som vil kunna dra politikken mot sentrum og hindra ein politikk altfor påverka av ytterfløyane, uansett kven som blir statsminister.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det einaste som synest nokså sikkert i politikken for tida er at statsministeren etter valet anten heiter Erna eller Jonas. Og den som har følgd med politikken til Høgre og Arbeiderpartiet vil vita at skilnaden mellom dei to langt frå er så stor som dei vil ha oss til å tru. Den store skilnaden kjem først om dei må forhandla om politikken med fløypartia på anten høgre- eller venstresida. Då vil Frp dra Høgre meir i den retning at individet sine rettar og individet sin fridom får forrang, framfor omsynet til dei andre og til vårt felles beste. På same måten vil SV og Rødt dra Ap meir i den retning at det er staten sine løysingar som skal passa for alle, med mindre rom for individuelle vurderingar og kva som passar best for den enkelte. Frp vil dra Høgre bort frå trusfridom og religionen sin plass av frykt for dei framande, medan SV og Rødt vil gjera det same med Ap av frykt for at kristendommen ikkje er radikal nok(?)

I dette landskapet vil eit sterkt Krf vera eit sikkert kort for å dra Erna i retning eit sterkt velferdssamfunn, med omsyn til alle. Samtidig vil eit sterkt KrF, dersom Jonas skulle bli statsminister, vera eit sikkert kort for å dra han i retning av eit velferdssamfunn der saker også skal løysast så nær som mogeleg til den det gjeld. Og KrF vil vera eit sikkert kort for å dra både ei regjering Solberg og ei regjering Støre i retning eit samfunn der den kristne kulturarven blir ivareteken og der kristne verdiar viser att i politikken.

Såleis er KrF sin stemmesetel kanskje det einaste kortet som vil kunna dra politikken mot sentrum og hindra ein politikk altfor påverka av ytterfløyane, uansett kven som blir statsminister. Det kallar eg eit sikkert kort! Godt val!

Dag Sele

Listekandidat, Hordaland KrF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt