Verdidebatt

Min ulydige sommar

Eg gjorde det utenkelege.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi hadde vore på eit jobboppdrag utan tid til å ete. Så kom vi mot ferjekaia. Såg ferja kome sigande inn mot ferjelemmen. Vi kika på kvarandre og på kiosken på  som freista med sunnmørsk snadder, mør. Og så berre gjorde vi det. Opprøret. Vi sto over ei ferje.

Det kjendest som å gå på ungdomsskule og snike seg av garde til butikken i matfriminuttet. Skulkefølelsen. Stikk i strid med alt av sunnmørsk urinstinkt om nytte og arbeid. Vi lot pliktetikken i stikken og lot ferja gå. Utan oss. Og sat igjen i sola og åt mør og let humla suse.

Alvoret i dette forstår berre den som veit kor det er å begynne å gi på litt ekstra allereie langt ned i Gudbrandsdalen fordi ein skal nå ei ferje heim. Den som veit kor mange minutts køyretid det er igjen til ferja frå kvart eit vegkryss over heile Sunnmøre. Den som har vakse opp der ein kunne ferjetabellen før ein kunne gangetabellen. For det er alltid ei ferje som skal nåast. Og no nådde vi den. Og let den gå.

Når opprøret er oppbrukt

Det er vanskeleg å vere rebell i eit tid der opprøret nesten er oppbrukt. Sex, drugs and rock `n roll er standardisert rekkehus-adferd. Så kva skal ein då finne på i midtlivskrisa? Next level, verre enn å stå over ei ferje?

Eg let vere å sjekke eposten i timesvis i sommar. Og kanskje endå verre. Eg sjekka ikkje Facebook-heller. Trykte ikkje ein einaste tommel-opp og «likte» for heile dagen. Var utilgjengeleg og kostbar. Drygde med både svar og «likes». Prøvde for alvor ut grensene for sosial adferd med å skrive meldingar utan smilefjes og emoji-rekker på nivå med ein sirkusparade.

Eg var altså utilgjengeleg. I fleire timar i strekk. Tenkte heller to tankar på rad. Las to bøker på ein og same dag. Såg havet skifte farge. Og tok meg eit bad.

Sigarettar og bakglatte strebarar

Korleis kan ein overgå det, då? Eg kunne alltids tent opp ein sigarett. Noko av det mest opprørske ein kan kome på i 2017 når dei som bestemmer framsida på D2 har kome så langt frå camping- og countrysegmentet at dei trur røyk er så ute at det kan bli in igjen. Sigaretten er i ferd med å bli så opprørsk at berre dei som spelar dei aller, aller «tøffaste» på dei aller, aller nyaste filmane og reklamane gjer det. Let sigarettrøyken ligge som ei sky over hovudet og ein ein knytneve mot alle rawfood, økofilosofiske, mikroøkobryggeriøldrikkande flanellskjortesyklande tek-meir-enn-sin-del-av-pappapermen-folka der ute.

Eg droppa sigaretten. Og fann noko endå farlegare. Det farlegaste av alt. Å vere fornøgd. Ikkje ha lyst på nokon ting. Bokstaveleg tala ikkje ha lyst på nokon TING. Innsjå at eg har det eg treng. Nok av alt. Meir enn nok.  Eg er fornøgd.

Det er knytneven sin, det. Den opprører og utfordrar. Lagar kladdeføre for marknadsmekanismar, skaper glepptak for glatte livsstilar og gjer det skikkeleg bakglatt for strebarar.

Å vere fornøgd. Ah, kjenner at eg kan vere fornøgd med det….

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt