Verdidebatt

Det vi trur på

Kvifor lar vi oss fengsle av Game of Thrones? Kan hende treng vi flukt. Til ein fristad der alt er mogeleg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har nettopp sett siste episode av sesong 7 av Game of Thrones. Tv-serien har vorte kritisert for brutalitet og kvinneundertrykkande innhald. Men mest av alt er den overveldande populær. Kvifor vert så mange av oss engasjert av den?

Plottet er enkelt fortalt ei verd der ulike familiar kjemper om å få sitje på «Jern-trona», som styrer over heile «Westeros». Verda er full av ulike kulturar og religionar, og alliansar for å oppnå makt vert inngått.

Ein får fort eit inntrykk av kven som er «snill» og kven som er «vond» - kven som går for fair play, og kven som lar maktsjuka synes gjennom løgn, bedrag og det som verre er.

Mytologisk form

Likeins som mange andre populære bøker og filmar dei siste åra, er det fantasy i sin mest mytologiske form. Verda er framstilt heilskapleg, med ulike verdsdelar og ulike språk. Verda har ei felles fortid, og forteljingar om mystiske vesen. Som kanskje er utdøydd – eller kanskje ikkje.

Og det er her vi er, i slutten av sesong 7. Sjåaren har lenge vore allvitande, mens karakterane har levd i uvisse.

Som vesen liker vi å fordjupe oss i historier om menneske som ikkje er ekte. Og i verder som ikkje har rot i den verda vi lev i. Kvifor er det slik?

Kan hende treng vi flukt. Til ein fristad der alt er mogeleg. I dette tilfelle i fantasy-sjangeren.

Funksjonalisme

Men kan det vere noko meir? I sosialantropologien har ein ei disiplin som vert kalla funksjonalisme. Denne ser på kva for funksjon eit fenomen har i eit samfunn.

Malinowski, ein av antropologiens fedrar, brukar med anna denne disiplinen til å sjå på myter i ursamfunn. Mytane har ikkje noko funksjon i seg sjølv, men får ein funksjon i menneska sine levde liv – dei får ei meining.

Men korleis kan ein rette dette mot Game of Thrones, som ikkje utgir seg for å vere sanning eller ein del av vår bakgrunn eller våre liv? Bøkene og tv-serien vil bestå, med same innhald, uavhengig av korleis publikum tolkar, dømer og brukar denne historia. Likevel er vi eit samfunn, ein kultur, som mottar og prosesserer det vi les og ser.

Nordiske runar

Litteratur, teater og i seinare tid film, har alltid vore ein del av mennesket sitt liv. Både fiksjon og fakta. Heilt tilbake til dei eldste tekstar, til egyptiske hieroglyfar og nordiske runar.

Nokon skriv ned, nokon speler ut teater, og nokon les. Vi vidareførar det vi trur på, og vi vidareførar historier vi meiner er bra. Historiene har alltid samla menneska.

Og slik blir populærkultur ein «snakkis». I Game of Thrones sitt tilfelle har vår trong til å fordjupe oss i noko «mystisk» og fiksjon, fått svar gjennom ein godt laga tv-serie.

Vi finn fellesskap i å snakke om fortsetjinga på historia. Vi finn fellesskap i å samle oss rundt tv-skjermen når nyaste episode er sluppen.

«Thrones»-basillen

Og vi kjenner oss kanskje litt utanfor, om vi ikkje har blitt bitt av «Thrones»-basillen, og ikkje lengre har den same populærkulturelle referanseramma som vener og familie.

Game of Thrones er engasjerande fordi den famnar fleire interessefelt og er framstilt på ein sjåarvenleg måte. Og fordi den treff fleire målgrupper, vert den ein «snakkis».

Og fordi den er på «alles lepper», vert den ein samlande funksjon i vår kultur, og engasjerer enno meir.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt