Verdidebatt

Korleis «grille» ein politikar

Oppskrifta er så enkel at kven som helst skulle kunne meistre ho, og består hovudsakleg av to teknikkar, som liknar ganske mykje på kvarandre:

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

NO ER DET lenge sidan eg har fulgt nøye med på norsk politikk og valkamp, men eg gjorde eit unntak forleden kveld, og eg la merke til at den journalistiske metoden for ei «tøff» partileiarutspørjing, altså for korleis «grille» ein politikar, er nøyaktig den same som før.

Oppskrifta er så enkel at kven som helst skulle kunne meistre ho, og består hovudsakleg av to teknikkar, som liknar ganske mykje på kvarandre:

1. Still ein politikar eit ja/nei-spørsmål som krever eit meir nyansert svar enn berre ja eller nei. Krev at spørsmålet skal svarast med
enten berre ja eller berre nei. Avbryt politikaren kvar gong han prøver å svare på spørsmålet med noko anna enn berre ja eller berre nei, og gjenta spørsmålet. Dette kan du gjere tre-fire gongar.

2. Still ein politikar eit hypotetisk spørsmål som du veit han ikkje vil eller kan svare på. Krev at han svarar på spørsmålet. Kvar gong han ikkje svarar på spørsmålet, avbryt du han og stiller spørsmålet på nytt. Dette kan du gjere tre-fire gongar.

Sånn. No veit du alt du trenger å vite for å kunne grille ein politikar.

Godt val!

Øivind Nygård, Nesttun

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt