Verdidebatt

Luksus-problem

Kven skal ein vere tru mot? Seg sjølv og sine eigne drifter, eller familien? Her er alle moderne kjærleiks-soger frå Jane Austen til Don Juan til Vigdis Hjorth samde om hovudkravet: Ein skal vere tru mot seg sjølv.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den tredje dødssynda kan stø seg på eit av dei 10 bodorda bak seg, nemleg det ­sjette. Sex er lett å hugse for dei som skal lære katekismen. Det ­latinske ordet for begjær er luxuria, som i luksus. Ordet kjem eigentleg frå landbruket og tyder ei yppig plante, noko ein bør luke vekk.

Dei fleste gartnarar og bønder veit at ugras må lukast. Dersom ein hopper over luking eit år, kan resultatet bli fatalt. Slik tenkte ein også om begjæret, særskilt det seksuelle. Ein kan få lyst på all slags ekstravaganse, mat, klede eller makt som går utover det som er naudsynt. Då kunne vellysta fort ta overhand, slik ugraset kan fylle heile hagen om ein ikkje lukar.

Mykje vil ha meir. Dei ­gamle tenkte gjerne at mykje vil ha meir. Lystene har ein tendens til å formeire seg. Det er ein annan måte å tenke på enn den ­moderne innramminga av ­begjæret. Frå Sigmund Freud har me nemleg høyrt at undertrykt seksualitet sjeldan fører noko godt med seg, ja, det kan vere direkte skadeleg. I staden for å vurdere sitt eige begjær som problematisk, noko ein bør ha eit restriktivt og tøymande blikk på, ser det moderne mennesket etter passande utløp for begjæret. Det engelske uttrykket ­instant ­satisfaction tek dette ønsket på kornet: Utløpet må helst skje med ein gong.

Don Juan. Den store forføraren i europeisk kultur, Don Juan, hadde som kjent ein noko over snittet appetitt for kvinner, og ender sine dagar i helvetet. Dei fleste gamle produksjonar framstiller Don Juan som ein brutal skjørte-jeger som går over lik for å tilfredsstille seg sjølv. Musikken i Mozart sin opera etterlet liten tvil om at Don ­Giovanni fekk som fortent. Men etter at den ­engelske romantikaren Lord Byron skreiv om Don Juan som ein rebell, ein som bryt med konvensjonar og autoritetar, har skapnaden hans endra seg. Omdømmet hans har betra seg radikalt.

Ein stor elskar. Don Juan er i dag ofte synonym med ein stor elskar, ei gåve til kvinnene. I filmen Don Juan De Marco frå 1994 er hovudpersonen – ein ung Johnny Depp – blitt sjølve kroppsleggjeringa av alt kvinnene vil ha: Sensibilitet, merksemd og god smak. Sjølve om kvinnene faller for Depp sine spanske kast med hovudet blir dei knapt falne kvinner av det.

Tvert imot, det er dei som vil ha han. Tilskodarane ser at det gjer kvinnene godt å unne seg litt Johnny Depp-luksus. Dei er nok frå eit perspektiv trulause, men sjåarane tenker om kvar einskilde kvinne: Dette gjer du «fordi du fortjener det», som det heiter i reklamen.

Begjæret uttrykker behov, og det skal ein ikkje kimse av. Dessutan blir psykologen i filmen – ein aldrande Marlon Brando – så inspirert av soga ­til den kvinnekjære Don Juan Depp, at hans eige ekteskap tek fyr. ­Møtet med Don Juan fører ikkje til merksemd om eige ­begjær som ei synd, men det blir til eit høve for at relasjonar skal blomstra.

Endringa av korleis kulturen tolkar Don Juan-figuren, reflekterer korleis det moderne menneske ser på begjæret. Dersom lysten etter ein annan partnar truger med å bryte ut av eit ­ekteskap, då er det ekteskapet som er problemet. Institusjonen kan ikkje setjast over identitets-
utviklinga til den enkelte.

Tru mot seg sjølv. Difor kan spørsmål om truskap vere svært komplisert, særskilt dersom ein har ektefelle og barn. Kven skal ein vere tru mot? Seg sjølv og sine eigne drifter, eller familien? Her er alle moderne kjærleikssoger frå Jane Austen til Vigdis Hjorth samde om hovudkravet: Ein skal vere tru mot seg sjølv.

I det seinmoderne er rett nok 
ord som «sjølvet» og «identitet» blitt mindre stabile og meir flagrande, men det er likevel ei moderne dødssynd å svikte seg sjølv i kjærleikslivet.

I tradisjonen til dødssyndene er det indre i mennesket meir flyktig og formbart. Ein ville på den eine sida stadfeste at det å trå etter det vakre var godt. Frå jødedommen hadde ein arva eit positivt syn på seksualitet og slekta si vidareføring. På den andre sida ville ein styre dette, gjerne med tankar som var henta frå gresk filosofi.

Kyrkjefaderen Augustin ­hevda at alle tankar om lidenskapar var avleidd frå kjærleiken. ­Difor er begjæret etter kroppsleg kjærleik, affectus, grunnleggjande godt. Spørsmålet var snarare om begjæret var for bruk eller til nyting.

Begjær er på sett og vis ein bruksting. Problemet oppstår når bruken går over i nyting. Ein skal bare nyte Gud, viss 
ikkje mistek ein det skapte for å vere Skaparen, tenkte Augustin. Då går begjæret over dei grensene som er sett for mennesket, altså det som er lagt ned i ­naturlov og skaparvilje.

Never på innsida. I skriftemålstradisjonen i Den katolske kyrkja lærer ein at begjæret er som knusk eller never på innsida av mennesket. Det kan bli tent ved å omgås vakre menneske eller vakre ting. Elden ligg i den ytre verda. Ein syndar fyrst når ein tenner på gal ting, begjæret er ikkje syndig i seg sjølv.

Men sjølve premissen er jo at begjæret kan ta overhand. Slik er det ikkje lenger. No er ein ikkje lenger engsteleg for at eit tøymingslaust villdyr skal vekkast når begjæret blir tent. Tvert om reflekterer all verdsens samlivsspalter ein mangel på begjær. Ettersom prevensjonsmiddel har løyst den kjønnslege omgangen frå barnefødsler, har 
seksuallivet blitt ein fritidsaktivitet eller hobby. Kanskje er det mangelen på kjønnsleg ­alvor som får kvinner og menn til å kjøpe ulik seksuell opptenningsved?

Problemet i dag er nemleg ikkje for stor, men for liten lyst. Det finst få som luker, men ­mange som er glade om det dukkar opp ein løvetann i asfalten.

Joar Haga

Postdoktor, 
Det teologiske 
Menighetsfakultet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt