Verdidebatt

Mannssjåvinisme i presteklede

Det smerter når Kjell Arild Pollestad finn grunn til å raljere over det vi kjenner grunn til å vere djupt takknemlege for.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kjell Arild Pollestad står i ein lang kyrkjetradisjon med menn i alle posisjonar. No har han lete seg forargre over ei radiogudsteneste frå Nidarosdomen som synes å utfordre og bryte med denne tradisjonen. Gudstenesta 30. juli var prega og bore av kvinner i alle dei posisjonar der det i Pollestads kyrkjekvardag ville vore menn. At språket i gudstenesta også bar preg av dette, forundrar og forargar ein resignert pater, som også akkar seg over at ein nyttar sør-samisk språk i samenes katedral.

I Nidaros er vi stolte av å vere eit bispedøme med ­mange dyktige medarbeidarar – kvinner og menn, i alle posisjonar, i ordinær presteteneste, i leiarstillingar og elles. Vi er stolte av dyktige kvinner som pregar liturgi, språk og forkynning med sine perspektiv og erfaringar. Vi er takknemlege for alle dei kvinnene som trufast og frimodig står i tradisjonen frå kvinnene ved grava, og vitnar om oppstoda og den oppstadne. Og vi er takknemlege over at bodskapen om den oppstadne har overlevd ­hundre år med eit forkorta og einsidig mannsperspektiv på teologi og truserfaringar.

I Nidaros kjenner vi også på djup takksemd over å vere kyrkje som får ause av rikdomen i den sørsamiske kulturen. Kulturen er lågmælt og beskjeden i sitt uttrykk. Språket og kulturen har vore under massivt trykk og truga med utsletting.

Som kyrkje er det vårt oppdrag å vere kyrkje for alle og å gje stemme til dei stemmelause og dei marginaliserte. Bruk av sørsamisk språk i alle gudstenester i Nidaros har difor lenge vore ein policy i ­bispedømet, og Nidaros domkyrkje har lenge vist veg, med dyktige kvinner i førarsetet.

Difor smerter det når Kjell Arild Pollestad finn grunn til å raljere over det vi kjenner grunn til å vere djupt takknemlege for og stolte over: Kvinners trufaste teneste og dyktige bidrag i alle posisjonar i bispedømet, og sørsamisk språk som ein naturleg del av gudstenestefeiringa i heile ­bispedømet.

Inge Torset, Kyrkjefagsjef Nidaros bispedøme

Ragnhild Jepsen, Fungerande biskop i Nidaros

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt