Lederartikkel Vårt Land

Kyrkja som kulturarena

Kyrkja skal vere noko meir enn eit kulturhus, ho skal vere ein stad der menneska får møte bodskapen om frelsa.

Publisert: 1. aug 2017

Dei norske kyrkjene er blant dei mest ettertrakta kulturarenaene i landet. Dette kjem fram i ei ny kartlegging frå Rokkansenteret, Kulturaktivitet og kulturarenaer i norske kommuner, som vi omtalte i avisa laurdag. Røros kyrkje og Nidarosdomen er to av dei mest staselege i så måte. Men tendensen gjeld heile landet. I fjor blei det arrangert over 13.000 kulturarrangement i norske kyrkjer.

Tal frå dei seinaste fem åra viser at det er ein
vesentleg auke både i konsertar og kulturarrangement som kyrkjelydane arrangerer sjølve, og i arrangement som er i regi av eksterne aktørar. Forskarane bak undersøkinga kallar den auka interessa for kyrkjene som kulturarena for «oppsiktsvekkande». Til saman deltok 1,7 millionar nordmenn på ein konsert eller eit anna kulturarrangement i ei norsk kyrkje i fjor.

Vi for vår del er ikkje like overraska som forskarane latar til å vere. Dei norske kyrkjene har alltid vore blant dei viktigaste kulturhusa i landet, frå lenge før tanken om «kulturhus» oppstod. Samtidig er det grunn til å merke seg at kulturaktiviteten i kyrkjene er på stigande kurs. Dette er ein naturleg konsekvens av det auka medvitet om kunst og kultur i Den norske kyrkja. Den kyrkjelege kulturmeldinga Kunsten å være kirke såg dagens lys i 2005. Fire år seinare blei det tilsett eigne kulturrådgivarar i bispedømma.

Så vil nok somme spørje seg om det aukande kulturtilbodet i dei norske kyrkjene dannar ein urovekkande kontrast til den minkande oppslutninga kring gudstenesta. Kyrkja skal vere noko meir enn eit kulturhus, ho skal vere ein stad der menneska får møte bodskapen om frelsa.

Medvitet om dette fører frå tid til anna til usemje om kva slags artistar som skal få sleppe til i det heilage rommet, og med kva type repertoar. Slike diskusjonar må vere legitime. Kyrkjerommet er ikkje på billegsal.

Samtidig vil det i mange tilfelle vere klokt av kyrkjelydane å opne opp for kunstnariske uttrykk som ikkje berre stryk medhårs. Ikkje berre fordi norske kyrkjer er blant dei viktigaste kulturarenaene i landet. Men fordi kyrkja skal tale sant om livet. Då kan ho også tale sant om Gud.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Torbjørn Greipsland

110 innlegg  177 kommentarer

Han fekk rett

Publisert rundt 2 år siden

Artikkelen kjem med interessante opplysningar om ei utvikling innan Den norske kyrkja som er merkbar. Oppsiktsvekkande for nokre, mindre overraskande for andre.  Men at det er ei markant endring, synest heilt klart.

Eg har hatt ein spesiell bakgrunn for å følgje med på kva som skjer. For truleg minst 30 år sidan las eg eit oppslag i Aftenposten, artikkel eller intervju. Oppslaget har eg diverre ikkje lenger. Men vedkomande som skreiv eller blei intervjua, meinte at i åra framover ville kultur blei meir dominerande i Europa og religion mindre.

Eg hugsar ikkje godt nok grunngjevinga hans.  Men trur nok han hadde sett ei endring i kyrkja med mindre vekt på det sentrale i kristen tru. Det gav rom for at kulturelle innslag av ulike slag, fekk meir plass. Og det som får meir plass, får større verdi.

Alt tyder på at det mannen hevda, går i oppfylling. Om like sterkt i alle europeiske land, er ikkje sikkert. Men eit større innslag av kulturelle ytringar har vi i alle fall fått  i Den norske kyrkja utan at eg skal konkludere med kva det inneber.

Skulle nokon ha lest same artikkelen og framleis har den, hadde det vore svært interessant å få vite.

Kommentar #2

Daniel Krussand

18 innlegg  2002 kommentarer

Hva er hellig?

Publisert rundt 2 år siden
Vårt Land. Gå til den siterte teksten.

Kyrkja skal vere noko meir enn eit kulturhus, ho skal vere ein stad der menneska får møte bodskapen om frelsa.

Sitat:

Medvitet om dette fører frå tid til anna til usemje om kva slags artistar som skal få sleppe til i det heilage rommet, og med kva type repertoar. Slike diskusjonar må vere legitime. Kyrkjerommet er ikkje på billegsal. Slutt

Jeg vil tro at kirke-byggene rundt i Norge først og fremst er kulturhus.  De er ikke hellige rom.

Hvilke artister som slipper inn blir ikke vurdert ut fra deres livssyn eller deres budskap.  

Jesu Legeme på jord er Guds hellige hus.  Vi er tempel for Ånden. Gud bor ikke i bygninger.

«Vet dere ikke at dere er Guds tempel, og at Guds Ånd bor i dere? Dersom noen ødelegger Guds tempel, da skal Gud ødelegge ham. For Guds tempel er hellig, og det er dere.»
‭‭1 Korinter‬ ‭3:16-17‬ 

"Bodskapen om frelsa".  Skal du høre det må du gå andre steder enn i Røros Kirke.  Kanskj du møter en disippel, et Guds tempel.

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere