Verdidebatt

Dødssynder og moderne dygder

Dei gamle vart gjerne skeptiske når dei fekk auge på hovmodet hos seg sjølv. Når eit moderne menneske ser hovmodet sitt i spegelen, ser han ei stadfesting på at han er eit sjølvstendig menneske, eit menneske som ikkje er avhengig av andre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gjennom den lange kristne tradisjonen har det utmeisla seg eit slags rangeringssystem for syndene. Nokre er meir alvorlege enn andre. Etter nokre hundreår med diskusjon og drøfting kom ein fram til at det er sju synder som var særskilt dødelege: Hovmod, grådighet, attrå, misunning, fråtseri, vreide og latskap.

Korfor sju? Ein har jo ti bod, og det er vel bare to av bodorda som har fått si dødssynd. No er jo sju eit tal som er klassisk, dessutan fekk ein forståing av at syndene hang saman i eit slags system. I tillegg hadde ein arva fire dygder frå den klassiske tradisjonen som strekte seg tilbake til Platon: Rettferd, visdom, mot og måtehald. Plussa ein på dei tre teologiske dygdene frå Paulus, altså tru, håp og kjærleik, så fekk ein sju. Så spegla dødssyndene dygdene, i alle fall når det gjaldt det numeriske talet.

I læra om dødssyndene trer omsynet til kristenlivet fram på eit særskilt sett. Dei er utvikla av munkar som ville få bukt med synda ved å flytte ut i ørkenen og i kloster. Der skulle ein leve i fattigdom, kyskhet og lydnad. Målet var å halde rikdom, kjødelege lyster og eigenrådighet borte. Men nissen flytta sjølvsagt med på lasset, særskild i tankelivet. Tankane er jo som kjent vanskelege å styre, sjølv for ein munk. Ein kan kanskje seie at dei tre opphavlege hovudsyndene formerte seg og vart til sju. På sett og vis kan ein seie at dødssyndene speglar ein djupare innsikt i menneskenaturen. Det er jo ikkje sikkert at problemet med rikdom er løyst ved at ein sel det ein eig. Synda stikk djupare enn eit enkelt vedtak, er noko av bodskapen til dødssynds-tradisjonen.

Anlegg og karaktertrekk. Skjønt synder og synder, fru Blom. I tidleg middelalder ser ein helst på dødssyndene som visse anlegg eller karaktertrekk hjå den enkelte. Latskap, til dømes, er jo problematisk viss ein skal utbreie ein klosterkultur. Litt kvile må ein kanskje unne seg, men det kan fort bli for mykje. Latskapen ligg og lurer ved døra.

Ofte blir hovmod trekt fram som alle synders mor. Ein skal jo vere audmjuk, særskilt innfor Gud. Difor går klosterfolk gjerne med enkle klede. Men bak eit enkelt plagg kan det banke eit stolt hjarte. Ja, nokon vil kanskje til og med vurdere eigen audmjukinnsats som betre enn dei andre. Og så stakk hovmodet fram nasen sin igjen.

Når ein skal avgjere om ei synd er ei dødssynd, ser ein gjerne på om synda er gjort med vitande og vilje, og om ho er av alvorleg art. Den moderne katolske katekismen har ein konsis illustrasjon på denne tenkemåten: Dersom eit menneske gjer ei dødssynd, då øydelegg synda kjærleiken til Gud ved at det bryt Guds lov «ved en alvorlig forseelse». Problemet for den truande er at dødssynda angrip sjølve livsprinsippet, og det er naudsynt at Gud griper inn med si miskunn.

Syndespegel. Ei småsynd, eller veniell synd, skader nok tilhøvet til Gud, men det øydelegg ikkje relasjonen. For dødssyndene tematiserer personlegdomen, og særleg den menneskelege viljen. Ein kan kanskje seie at dei representerer eit høve for kritisk sjølverkjenning. Dødssyndene fungerte godt som syndespegel der den enkelte kunne spegle livet sitt i. For kven har vel ikkje kjent på misunning nokon gong? Enn sei sinne?

Det pussige er at den vestlege mann og kvinne gjerne vil sjå seg sjølv i spegelen i dag også. Som før vil dei også kjenne seg sjølv. Men i motsetnad til mellomaldermunken venter moderne menneske at det vil bli eit særskilt godt kjennskap. Dei gamle vart gjerne skeptiske når dei fekk auge på hovmodet hos seg sjølv, og det førte gjerne til sjølvransaking og bot.

Når eit moderne menneske ser hovmodet sitt i spegelen, ser han ei stadfesting på at han er eit sjølvstendig menneske, eit menneske som ikkje er avhengig av andre. Han får rett og slett auge på eit individ. Når han går i tog på Pride-festival – eller hovmod-festival på godt norsk – så gjer han ikkje det i skepsis til seg sjølv, men fordi han er stolt. Dersom ein tek ein kikk på kva sosiale media vitnar om, så er det ikkje kritisk vurdering av hovmod, men framstilling av eigen suksess som er gjennomgangstema. Facebook er, som namnet tilseier, ei bok om mitt eige andlet, den beste utgåva av meg sjølv.

Innkrøkt i seg sjølv. Ei anna dødssynd er grådighet. Ho er spesielt interessant, ettersom ho øydelegg så og seie alle dydar ho kjem i nærleiken av. Kjærleik blir til attrå, sosialt liv til kamp om merksemd. Grådighet er ein slags grenselaus tilstand, der egoet på same tid er sjølvsentrert og flyt ut over alle breidder. Luther karakteriserte denne slagsida for «å vere innkrøkt i seg sjølv».

Men der ein i tidlegare tider såg det som eit problem og forsøkte å komme grådigheten til livs, vil ein i det kapitalistiske samfunnet nettopp dyrke egoistisk grådighet. Denne dødssynda ligg til grunn for heile vår økonomiske organisering. Samfunnet som heilskap tener på at alle er grådige kvar for seg. Summen av alle enkeltlastene blir ein samfunnsdyd.

Ein har til og med ei eige avis for den slags, og ho kjem ut med ein eigen gulfarge. Der skriv ein ikkje om grådighet, men om flittige folk som evner å «hente ut overskudd», eller er i stand til å «lese markedet» og tene pengar. Rikfolk har – som alle oss andre – behov som må dekkast. Skilnaden mellom dei og oss er at dei faktisk kan dekke dette, inntil ei viss grense. Som ein av avisa sine kommentatorar skreiv: «Dersom me vil ha rikfolk her, må me tole at dei tek seg elskerinne».

Det moralske problemet ligg ikkje hjå den grådige, men hos dei mange som heng fast i ei antikvert syn på kva ein ikkje bør kjøpe.

Skrytespegel. Det var bare to av dødssyndene, men dei peiker i ein klar retning: Det moderne mennesket har eit anna syn på seg sjølv enn mennesket i middelalderen. Det som tidlegare var ein skriftespegel er blitt til ein skrytespegel. Dødssyndene er ikkje laster lengre, men dygder. Vi skryt av oss sjølve, vi er grådige på marknaden, vi velter oss i mat og sex. Viss nokon set kjelkar i vegen for dette, hindrar dei vår sjølvrealisering. Det er i alle fall ei dødssynd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt