Spaltist Ann Kristin van Zijp Nilsen

Det magnetiske Noreg

Kvifor skulle nokon berre ønskja seg ein ferie her, når dei kan få eit permanent, stusseleg kvardagsliv?

Publisert: 26. jul 2017 / 1803 visninger.

Eg ville berre på ferie, men kvinna bak skranken i den amerikanske ambassaden var ikkje overtydd om at eg berre hadde tenkt å bli i New York ei veke. Ho sa at «me er usikre på om det er nok som knyter deg til heimlandet ditt».

Eg trudde ikkje mine eigne øyrer. ­Ambassadefunksjonæren vurderte slikt som arbeid, eigedom og forsørgjaransvar, og på den tida var eg framleis deltids-
arbeidande student utan barn.

Men kva med storfamilien, røtene, vennene og heile livet mitt? Kvifor skulle eg ­droppa studiar og framtidig norsk lønn for eit tilvere som ulovleg innvandrar med 
underbetalt jobb ein stad i Queens?

For den amerikanske funksjonæren verka det irrelevant – samanlikna med den magnetiske tiltrekkingskrafta 
til USA. Bak haldninga hennar såg det
 ut til å liggja ei overtyding om at 
viss dei kunne, ville alle i heile verda flytta dit.

Vill vekst

2016 var eit rekordår for den internasjonale turismen. Ein viktig årsak må vera at den globale middelklassen veks med vill fart. Dei neste 20 åra vil han veksa frå knappe to til fem milliardar menneske. I dag bur halvparten av desse i Vesten, men i 2030 vil det berre vera kvar femte person, viser ferske ­berekningar frå OECD.

Det betyr likevel ikkje at Noreg blir marknadsført som feriedestinasjon der pengane ligg. Innovasjon Norge satsar på Vest-Europa og Kina. Men ikkje på fattige land utanfor Europa, som likevel har 
million­ar av reiselystne og betalingsføre folk.

Av India si befolkning på 1,2 milliardar, for eksempel, er halvparten nå middelklassefolk. Det er verdas raskast veksande økonomi og 250.000 er dollar-
millionærar.

Likevel slår Utlendingsdirektoratet (UDI) fast på udi.no at viss du er inder og «skal besøke venner eller være turist i Norge, vil du vanligvis ikke få visum».

UDI er krystallklare om utgangspunktet sitt: «Når vi behandler søknad­en din, vurderer vi om det er sannsynlig at du ­reiser tilbake til hjemlandet ditt eller ­landet der du bor i, når besøket er over.» Sett herifrå, er det ytterst få land som kan måla seg med vårt – det har jo ei magnetisk tiltrekkjingskraft. Kvifor skulle indiske pensjonistar berre ønskja seg ein noregsferie, når dei kan byta det gode kvardagslivet heime med eit stusselegare – som trass alt vil føregå her i verdas beste land?

Reiser heim igjen

Denne veka er eit palestinsk ektepar på ferie med Hurtigruten. Heime på Vestbreidden er dei vanlege middelklassefolk, og dei har fått den eksklusive reisa i gåve frå norske venner som vil gi dei ei turoppleving for livet.

Då dei søkte turistvisum blei det raskt avslått. Landet vårt har jo slik ei magnet­isk tiltrekningskraft at alle sikkert aller helst vil flytta hit. Det tok vekevis med telefonar, e-postar og brev, ikkje minst frå norske støttespelarar, før dei fekk lov til å ta i mot invitasjonen.

Mot alle norske odds kan dei nå ta bilde av einannan ved rekka, mens midnattssola skin, og senda dei heim til ungane på Messenger, saman med påminningane om å oppføra seg skikkeleg.

Avgrensa

Men dei kjem ikkje til å bli. Dei veit ­allereie godt at dei ikkje oppfyller krava til å få asyl i Noreg. Og sjølv med asyl, fristar ikkje ei lite kommunalt husvære og ein vaskejobb her meir enn den gode jobben og det nyoppussa huset heime. Det er der dei høyrer til, og det er der dei helst vil bu. Der er storfamilien, vennene og alt det andre som gjer det godt å ­komma heim. Og alt som gjer tilveret trygt og kjent trass alle utfordringar.

Sjølv om turistnæringa sel draumen om nye stader og fine opp­levingar, er folk si eventyrlyst avgrensa. Kvardagslivet vårt skal vera svært utrygt og mangelfullt, før me ønskjer oss
 noko meir enn ein ferie ein stad langt borte.

4 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kjell G. Kristensen kommenterte på
Om å gjøre Gud mindre
rundt 5 timer siden / 547 visninger
Robin Tande kommenterte på
Bibelens fredsbudskap
rundt 6 timer siden / 589 visninger
Kjell Bjarne Sandvik kommenterte på
Om å gjøre Gud mindre
rundt 6 timer siden / 547 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Nakne keisere, hele gjengen
rundt 6 timer siden / 389 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Når lederen ikke er tydelig.
rundt 7 timer siden / 206 visninger
Kjell Bjarne Sandvik kommenterte på
Om å gjøre Gud mindre
rundt 7 timer siden / 547 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forbud er feil vei
rundt 8 timer siden / 185 visninger
Les flere