Verdidebatt

Når politikken blir grå

Arbeidarpartiet og Høgre er i ferd med å bli så like i praktisk politikk at det blir vanskeleg å sjå forskjell. Det kan øydelegge tilliten til Stortinget og norske politikarar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mange som har hevda at det berre er Høgre og Arbeidarpartiet som er dei såkalla «styringspartia» i norsk politikk. Det er forventa at «styringspartia» gjennomfører den politikken som trengs for å styre landet gjennom krevjande farvatn.

Derfor er det også desse to partia som oftast blir i invitert i debattar mot kvarandre, slik vi kjem til å sjå gjennom den komande valkampen.

For eksempel hugsa eg ein sekvens frå årets første Politisk kvarter i 2017, der programleiaren utfordra statsminister Erna Solberg (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre med følgande presise formulering: «Eg lurer på ein ting. De er ueinige om fordelinga av skatt, men har gått saman i eit skatteforlik. De har gått saman i eit asylforlik og har stort sett same takt og retning i klimapolitikken. Korleis skal veljarane sjå forskjell på dykk to?»

Hovudfiende. Vi høyrer det i kvar valkamp: Ap utropar Høgre til «hovudfiende». Og Høgre utropar Ap til «hovudfiende». Leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise, har sagt at «det ikke alltid er den største forskjellen mellom Høyre og Arbeiderpartiet», før han seinare i intervjuet seier at han og resten av Høgre skal bruke valkampen til å kjempe mot Ap.

La meg ta nokre eksempel på kor liten forskjell det er mellom sosialdemokrati og liberalkonservatisme når ein legg bort ideologien, og lar realpolitiske omsyn vere det einaste som avgjer politiske saker:

· Viss ein skal sjå forskjell på Ap og Høgre i klimapolitikken bør ein ta på seg gode briller og ein solid porsjon detaljkunnskap.

· I innvandringspolitikken der trumfar innvandringsregulerande omsyn det meste.

· I landbrukspolitikken blir det færre og færre bønder, utan at landets to største parti ser ut til å protestere.

· I sentraliseringspolitikken går det berre ein veg, med velsigning frå dei to største partia.

· I klimapolitikken er dei to store partia einige om tut og kjør i Nordsjøen og lite villige til å ta meir drastiske grep for å få ned klimagassutsleppa.

· Forsvarspolitikken vart avgjort av eit forlik mellom regjeringspartia og Ap.

· I skattepolitikken er forskjellane forbausande små, trass stor retorisk usemje.

· Det same gjeld i skulepolitikken og utanrikspolitikken.

Bytta talepunkt. Ofte ser vi ò at Ap og Høgre byttar posisjon ettersom dei byttar mellom å sitte i regjering og Stortinget. Kanskje bytta dei talepunkt på veg ut av kontora?

Viss ein skulle tatt konsekvensen av det politiske meiningsfellesskapet mellom Ap og Høgre, burde jo nettopp desse to partia danne fleirtalsregjeringar saman. Det er jo mellom desse partia avstanden er kortast i praktisk politikk. Det viser jo også veljarovergangane, då dei største rørslene av veljarar går fram og tilbake mellom Ap og Høgre.

Nyansar av grått. Det er sjølvsagt ein styrke med Norge at vi har politikarar som evnar å bli einige med kvarandre på tvers av partilinjene. Det vil eg ikkje ha bort. Eg trur likevel det er eit problem for vårt politiske system dersom partia opptrer ulikt i ord og handling. Dersom verdiane og ideologien ikkje får utslag for den praktiske politikken. Dersom politikken berre blir «fifty shades of grey» risikerer vi at veljarar ropar etter tydelegare og meir ytterleggåande alternativ.

Mitt hjartesukk er at vi treng politikarar og parti i Norge som tør å stå for noko og gjennomføre det, sjølv når resten av partia meiner noko anna. Som tar konsekvensane av sin ideologiske ståstad. I dag er Senterpartiet, KrF, Venstre, MDG, SV og Frp slike parti. Eg trur ikkje det diskvalifiserer dei frå å styre landet, tvert imot.

For det var nettopp verdigrunnlaget Erna Solberg og Jonas Gahr Støre peika på i sitt svar til programleiaren på utfordringa i Politisk Kvarter om kva som skil Ap og Høgre frå kvarandre.

Då er det på tide at dei tør la dette verdigrunnlaget få konsekvensar for praktisk politikk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt