Verdidebatt

Skje di vilje

Det er i samsvar med vilja til dei som oppretta prestebordgodset, at Opplysningsvesenets fond (OVF) støttar heile den kristne kyrkja i Norge.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Styreleiar Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund gir i Vårt Land 17. juli uttrykk for at Opplysningsvesenets fond høyrer til «folket, gjennom staten» fordi «verdiene i fondet stammer fra en tid uten religionsfrihet, blant annet betalt som avlat til det som før reformasjonen i 1537 var Den katolske kirke i Norge».

Hedalen bygger på at middelalderens mennesker disponerte midlane sine under irrasjonell tvang og at disposisjonane derfor ikkje skal respekterast. I tillegg føreset han at fondsmidlane m.a. kjem frå avlat.

Tre kategoriar. Verdiane som ligg i dagens fond, stammar frå det som er kalla prestebordgodset. Det kyrkjegodset kongen «nasjonaliserte» i 1536 var i tre kategoriar:

1. Bispe- og klostergods,

2. Kyrkjegods i eigentleg tyding, dvs. gods som låg til den enkelte kyrkja til vedlikehald og drift av den (fabrikkgodset) og

3. Prestebordgodset, dvs. gods som låg til det enkelte soknekall og tente til underhald for presten.

«Nasjonaliseringa» av kyrkja. Bispe- og klostergodset vart inndrege av kongen umiddelbart etter «nasjonaliseringa» av kyrkja. Fabrikkgodset vart inndrege til m.a. å finansiere den dansk-norske kongens krigføring i hundreåra deretter, medan prestebordgodset stort sett var intakt til 1814. Unntaket var 300 sivile og militære embetsgardar som vart utlagt frå prestebordsgodset i åra 1794 til 1848.

Det som no er att og er forvalta i Opplysningsvesenets fond, er altså prestebordgodset som var måten ein løna prestane under naturalhushaldet. I dag svarar det til verdiar nytta til kyrkjedrift utanom vedlikehald og drift av kyrkjehus og kyrkjegardar som fell i kategori 2 ovanfor (dvs. fabrikkgodset).

Ole-Wilhelm Meyer, direktør for Opplysningsvesenets fond, opplyste i Vårt Land 16. juni at praksisen med sjelegåver i den katolske kyrkja høyrde seinmiddelalderen til og at mottakarane var kloster og sentralgeistlighet. Som vist ovanfor vart bispe- og klostergodset konfiskert av kongen under reformasjonen.

Opp til Hedalen. Opplysningsvesenets fond inneheld etter dette ikkje midlar som stammar frå sjelegåver, men inneheld det midlar frå avlatshandel slik Hedalen hevdar? Det er det opp til Hedalen å godtgjere.

Avlat var forstått som ettergjeving av tidsavgrensa straff, der skulda alt var tilgjeven. Det kunne ein få ved t.d. bøn, miskunnhandlingar og almisser. På Luthers tid hadde dette utvikla seg til misbruk med sal av avlatsbrev til m.a. finansiering av Peterskyrkja i Roma. Det er vanskeleg å sjå at denne aktiviteten, som var særleg utbreidd i Tyskland, kan ha ført midlar til prestebordgodset i Norge.

Påstandar om at prestebordgodset og dermed seinare Opplysningsvesenets fond inneheld midlar frå sjelegåver og avlat er ugrunna.

Viljen bak. Dersom ein spør etter historisk og aktuell legitimitet for eigarskap til prestebordsgodset (ikkje juridisk, men moralsk), så må ein etter mitt syn ta utgangspunkt i at viljen til personane som stod bak stiftinga av prestebordsgodset, skal respekterast. Det er eit allment godteke omsyn at ein skal respektere viljen til t.d. gjevarar og arvelatarar så langt den kan identifiserast og viljen let seg gjennomføre på ein meiningsfull måte. Det er fullt mulig når det gjeld Opplysningsvesenets fond.

Føremålet med prestebordgodset var å sikre prestetenesta i den lokale kyrkja, dvs. gudstenester, dåpsopplæring og liknande. Legitimitet til eigarskapet har etter mitt syn kyrkja som har kontinuitet tilbake til dei første gudstenestene i landet og til den perioden prestebordsgodset vart oppretta til fordel for den lokale kyrkja, samt kontinuitet ved tilknyting til dei oldkyrkjelege truvedkjenningane.

Prestebordsgodset vart oppretta for å halde oppe prestetenesta i den lokale kyrkja, ikkje for paven i Roma eller den universelle kyrkja. Den lokale kyrkja vart etter reformasjonen oppretthalden gjennom det som i dag er Den norske kyrkja og etter kvart i tillegg gjennom frikyrkjer. Den romersk-katolske kyrkja har etter dette resonnementet ingen særlege rettar til fondet.

Heile kyrkja. I dag er likevel den romersk-katolske kyrkja i Norge saman med andre kristne kyrkjesamfunn, ein del av den lokale kristne kyrkja som vedkjenner seg til dei oldkyrkjelege truvedkjenningane. I så måte er det i samsvar med vilja til dei som oppretta prestebordgodset, at Opplysningsvesenets fond støttar heile den kristne kyrkja i Norge.

Human-Etisk Forbund, andre ateistiske eller ikkje-kristne samfunn saknar tilknyting til føremålet med oppretting av prestebordsgodset. Det føremålet godset var tiltenkt frå gjevar eller stiftar av godset bør respekterast. Å legge til grunn at stiftar eller gjevar var under ei form for tvang er ikkje dokumentert og i tillegg uttrykk for ei paternalistisk haldning.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt