Verdidebatt

Løysninga – og problemet

Hadde eg klart meg utan Facebook? Ja, eg hadde nok det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har budd 9 år i Oslo. For to veker sidan byrja eg å pakke ned ni år med minner, studiar, jobb og ei grei dose ræl. For ei veke sidan flytta eg til verdas vakraste by, Bergen. Veka midt i mellom skulle vise seg å verta det perfekte bilete på i-landsproblem og det å vere avhengig av Facebook.

Flyttestresset starta dagen etter eg kom heim frå ferie. Planen hadde vore å ha flytteesker og pakkeplanen klar før eg drog på ferie. Det skjedde diverre ikkje, sidan eg brukte dei siste dagane før ferien på å vere sjuk, ligge på sofaen og spørje Facebook-verda om «bli-frisk-tips». Anten det var tilfeldig, eller om det var tipset om kvitlauk, te, søvn og paracet, så vart eg i alle fall frisk nok til å dra.

Men flytteeskene var ikkje på plass. Tinga og kleda var ikkje sortert. Og på ferien knuste eg skjermen på mobilen så heftig at touch-skjermen levde sitt eiga liv. Difor måtte dag ein etter ferie brukast på å løyse mobilproblemet. Det enda med ein rosa, ikkje-smart Nokia. Ergo ingen Facebook eller Messanger når eg er utan PC. Eit plaster på såret er at eg har mobil med spelet Snake.

Facebook er løysninga

Dagen etter var det på tide å skaffe flytteesker. Til mi store skrekk var Clas Ohlson tom. Stressa, småfortvila og irritert over dårleg planlegging, tusla eg rundt på matbutikkane på Tøyen og samla meg nokre bananesker. Men på langt nær nok til å flytte ni år med levd liv.

Kva var løysinga? Ein Facebook-status. Og veit du kva? Facebook leverte enno ein gong. 15 flytteesker stod klare til bruk hos ei venninne.

Hadde eg klart meg utan Facebook? Ja, eg hadde nok det. Men etter eit heilt vaksenliv med sosiale media, er løysingsorienteringa ei smule bedøva. Eg har faktisk skaffa meg leilegheit to gongar via Facebook. Eg har fått skrivejobbar via Facebook. Eg held kontakt med vener og inviterer til bursdag, konsert og dei fleste hendingar via Facebook. Fram til ferien hadde eg Facebook tilgjengeleg døgeret rundt. No må eg vere i nærleik av ein data for å snakke med vener på Messenger. Det har vore ei utfordring. Men etter to veker i 2005-modus, må eg innrømme at det er litt behageleg. Å ikkje vere totalt tilgjengeleg for heile verda, kvar enn eg går.

Hadde det vore sjølve mobil-problemet eg ikkje fekk fiksa, så hadde saka vore annleis. Eg er eit born av teknologirevolusjonen, og eg trur eg hadde vorte rimeleg stressa, deppa og desorientert om eg stod heilt utan mobiltelefon. Men hadde det eigentleg vore det største problemet?

Eg ville ha vore annleis enn «folk flest». Men det har aldri vore noko problem elles i livet, det å skilje seg ut. Når ein ser på historia, er det forsvinnande kort tid sidan mobiltelefonen vart allemannseige. Folk klarte å gi beskjedar og halde kontakten, sjølv om det var brev eller fasttelefonen på kjøkkenet til foreldra som var einaste kommunikasjonsmiddel.

Og apropos Facebook. Sosiale media er enno yngre enn mobilen. Korleis har min generasjon klart å verta så avhengige, på så kort tid? Kvifor er Facebook plattforma eg, og mange andre, bruker til å løyse kvardagsproblema? Har vi ikkje andre måtar å finne kjerringråd mot forkjøling, få tak i flytteesker eller skaffe ny plass å bu? Har vi vorte for spontane, no når livet aldri krev planlegging, fordi Facebook er tilgjengeleg 24-7? Og er det litt lettare å verta forsinka til avtaler, no når vi berre kan sende ei melding som kjem fram med det same vi trykker send?

No er eg ekte bergensar att. Eg hadde Facebook-profil då eg flytta som 19-åring. Men eg hadde ingen smarttelefon. Det kjennast litt symbolsk, å vere i same situasjon som heimvendt no. Nittenårige Mailiss eigde ikkje eingong si eiga datamaskin – men i dag har eg fire. Så verda har gått framover, og uansett kor stort spørsmålsteikn eg stiller til kontinuerleg bruk av sosiale media, så vil eg vel alltid vere ein del av facebook-generasjonen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt